søndag 29. juni 2014

Det enklaste er ofte det beste, og det nærmaste… :) Tur til Lom! :)

Dagstur til den andre sida av fjellet…

Det er noko spesielt med Sognefjellet og turen over til den andre sida. Eg har oppdaga at det er mange lustringar som brukar å ta seg ein dagstur over for å kjøpe seg anten middag, softis eller diverse sportsutstyr. Eller alle desse tinga. Lom er destinasjonene. Eg er nok ikkje så ivrig som min andre halvdel. Han kunne gjerne satt seg i bilen den dagen fjellet opna etter vinterstenginga han, men eg MÅ ha ein stopp for å trekke frisk luft ellers er eg ganske så tam når me kjem fram. Det er berre den verste fjellovergangen eg veit! Så difor tek me turen såpass utpå våren/sommaren at det går an å gå ut av bilen utan å ha vinterkle på seg.
Me starta altså med friskt mot torsdag kl 09.30. Då skulle Leni ha fyrste luren sin og det passa fint at ho sov eit stykke på veg. 
Eg bestemte meg for å leike turist denne dagen, og eg er ikkje overraska over at turistane blir bergtekne av denne flotte fjorden og dette flotte landet.  Sidan eg har jobba mange somrar på Skjolden, på Fjordstova, i min fyrste ungdom ( :) ) og eg alltid har feriert på staden så har eg ekstra sterke kjensler for denne fine plassen. Det er faktisk den finaste plassen eg veit om.
Bilda mine ber preg av at dei er tekne i fart, så autovernet viser berre at me er på veg, i dette flotte vèret! Me ser Molden i det fjerne og Emil er så stolt over at der har han vore!

Vassbakken kro og camping. Kva kan ein sei om denne plassen. Heilt sida eg var lita jente har me vore innom her anten på veg til eller frå ferie, særleg i påsken, eller i sommarferiar. Milkshake på Vassbakken etter lange dagar på Fjordstova er eit minne som sit der. Men det er jo "humpen" ved Vassbakken som gjer at ungane veit kvar Vassbakken er. Det kitlar i magen. Og for at min mage skal vera i godlune heile vegen til Lom får gubben streng beskjed om at me aldelse ikkje skal ta fart for å få ekstra sug i magen!!!

Etter å ha køyrt forbi kyrkja i Fortun, med dei minna den bringer fram så startar oppstiginga og svinginga. Ungane får beskjed om at no må mamma konsentrere seg om vegen og at dei verkeleg ikkje må mase eller spørje om noko. Det går oppover og oppover. Me smett forbi eit par bubilar som tykkjer denne vegen hadde vore passe til einvegskøyring. Mest truleg ønskjer dei at motgåande trafikk hadde vore på eit anna fjell… Dei køyrer i allefall MIDT i vegen og har vanskeleg for å tru at nokon vil køyre fortare enn dei…! No er Leni vaken og me må ha oss ein "pit-stop". Den er tradisjonen tru lagt til den firkanta steinen. Det er 6 grader på fjellet så det blir ein rask luftings. Og me tek sjåførbyte. For at kroppen og augene skal vera enige så må eg køyre sjølv. Det går greitt. Men over humpane midt oppå fjellet så gyngar det i magen… :/

Er me turistar, spør Emil om. Og ja, me er jo det denne dagen. Eg knipsar i allefall bilder og føler meg litt som ein turist. For ein flott natur me har. Eigentleg bør me ta denne turen oftare, og eg for min del får veldig lyst til å ta fotturar her inne på Sognefjellet. Det må bli eit mål at eg skal få til,

Turtagrø er opna for dagen, og mange turistar har allereie kome i fjellkleda.

Det er den store Sportsbutikken nedom vegen i Lom som er målet vårt for denne turen. Her har me alltid ein stopp, og finn som regel mange gode tilbud og mange fine kle. I år vart det skibukse til meg, softshell-jakkar til kidsa og fjellbukse til mannen. Men det var det som var ute som var det kjekkaste i dag! Det var laga til ein aktivitetspark for sommaren, med minigolf og trampoline-i-strikk-hopping i tillegg til den klatreveggen som alltid står der. Og det var populært!


Emil digga trampolinehoppinga! Så me hadde fyrst ein runde på den før me reiste å kjøpte oss middag og is. Me traska og såg litt i butikkar, før me måtte gå bortatt for å ta ein siste runde på trampolina! Emil lo så ein kunne høyre han langt opp i Flåklypa vil eg tru… :) Ingenting er så smittande som barnelatter, så me lo alle saman til slutt!

Me var veldig heldige med vèret denne dagen. Det var sol og fint. Det gjer at ein ser lysare på ting rundt seg, og eg blir i allefall veldig glad for at eg bur i det landet eg bur, og at eg kan køyre over eit fjell for å få feriefølelese. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, eller at ein må reise så langt. På heimveg køyrde faktisk Frode heile vegen, og det gjekk fint. Så kanskje øvelse gjør mester? :) Og klisjeen til slutt: Alle var enige om at dei hadde hatt ein fin dag! :)

Og når me no spør ungane om kva dei har lyst til i sommar? Dei vil til Lom for å hoppe på trampoline! :)