torsdag 3. juli 2014

Fuglesteg

Obligatorisk tur i eigen kommune.

Fuglesteg. Sjølvsagt.
Ungane gler seg med ein gong me nemner at det er dagens plan. Fine turar handlar om innhald, lengde, vêr og motivasjon blandt ungane.
Me hadde 5 motiverte ungar i dag. (Me har ein feriegjest på 9 år med oss i tillegg til våre eigne), overskya vèr, passeleg lang tur som går både på sti og traktorveg, noko som gjer at det er variasjon og som gjer at me heile tida har noko å sjå fram til. Me hadde med oss Lisbeth og Stian og gutane òg. Det er alltid så kjekt å gå fleire ilag. Så tusen takk for turen! :) Me gjekk oppover og heldigvis såg me dyr oppi der. Det er ikkje ofte at ungane treff dyr! Ein tenkjer liksom at me som bur på "landet" omgås dyr som sauer, hestar og kyr heile tida, men me ser dei på marka og i bøker. Slik som ungane i byane. Og kva skjer når ungane møter dyra ute? Sjølvsagt reagerar ungane ulikt, men mange blir redde og usikre på desse skapningane. Sauene går no ute i grasmarka og tygg og tygg og tygg… Og ser dumt på oss. Ingen dyr som er såå utruleg søte når dei er små, men berre veks seg styggare og styggare… Men sauer er ålreite dyr det. Me treng absolutt ulla og maten frå dei. Og me treng vite kva sauer er.
Kyr var det òg oppi vegen. Det er STORE dyr. Eg er van med kyr frå den gongen eg var lita og var "budeie" i Feiga og hjepte til i fjøsen og henta kyrne innatt om kveldane til mjelking. (Når eg tenkjer tilbake på det får eg lyst å starte oppatt garden i Feiga… Men når eg sit med macen på fanget og ventar på at Anja skal kome heim frå fotballtrening og dei andre ungane leikar med naboar i hagen, så veit eg at eg er for sosial til å sitje på ein gard bortpå sørsida av Lustrafjorden…) Men eg skulle så gjerne ynskje at mine ungar fekk oppleve nærleiken til dyra slik som eg gjorde. Vera med på lamming og fjøsstell slik som eg var med besteforeldra mine i Mørkridsdalen… I dag sa eg til ungane "De kan no ein sang om Kua mi de?" "Ja, den sang vi i barnehagen før jeg visste at kuer fins på årntli…" Hehe! :) Slik som Anja sa då me fiska på Kringla og sløygde fisken; "Eg lika best fisk frao bui eg, mamma…!" Men når eg klappa kyrne så ville nokon av ungane prøve å klappe òg. Så akkurat med kyr kan eg vera eit førebilde. Med hundar er det verre. Då skulle eg ønskje eg gjekk med pepperspray for å føle meg trygg. Eg HATAR hundar, og eg blir så kokforbanna over alle som går med hunden laus og seier "Hunden MIN er IKKJE farleg"! Viss eg er redd så merkar hunden det, og hunden har overtaket med ein gong. Heldigvis møtte me ikkje hundar i dag. Berre kyr og sauer. Ikkje var det mange folk som gjekk oppi der heller.
Me gjekk opp og åt nista vår. Og det som er så fint med Fuglesteg er at der sit det nokon å steiker hellekaker til dei som vil kjøpe. Og me ville kjøpe. Me slappa av litt inne før me gjekk nedatt. Leni kosa seg i bæremeis, medan dei andre gjekk så fint heile tida.
Me kom nedatt og ville kjøpe oss mat istadenfor å lage til. Vassbakken neste. Nehei, dei serverte ikkje middag. Ikkje før kl 16 i allefall, vart me fortalt. Og då var klokka 15…  HÆ? Serverar de ikkje middag på ein kafè?? Vidare til Eide Gard. Der hadde me ikkje vore før, men ville sjekke det ut. Nope, ingen middagservering før 16 der heller. Og ikkje til så mange som me var i allefall… Skjolden Brygge då? Ingen middag der i dag. Det var rettnok to cruisebåtar på SKjolden i dag, men kjære vene! Skal det gå utover vanlege, tilhøyrande eller tilreisande folk???? Så når me var i Fortun burde me egentleg køyrt til LOM for å kjøpe oss middag?????? Dette håpar eg at turistar som kjem andre plassar frå slepp å oppleve, for dette var flautt!! Me måtte reise heim for å lage oss middag…
Men turen til Fuglesteg var flott. Me fekk oss ein god lunsj med fantastisk utsikt og godt selskap. Me kjem nok snart tilbake.

søndag 29. juni 2014

Det enklaste er ofte det beste, og det nærmaste… :) Tur til Lom! :)

Dagstur til den andre sida av fjellet…

Det er noko spesielt med Sognefjellet og turen over til den andre sida. Eg har oppdaga at det er mange lustringar som brukar å ta seg ein dagstur over for å kjøpe seg anten middag, softis eller diverse sportsutstyr. Eller alle desse tinga. Lom er destinasjonene. Eg er nok ikkje så ivrig som min andre halvdel. Han kunne gjerne satt seg i bilen den dagen fjellet opna etter vinterstenginga han, men eg MÅ ha ein stopp for å trekke frisk luft ellers er eg ganske så tam når me kjem fram. Det er berre den verste fjellovergangen eg veit! Så difor tek me turen såpass utpå våren/sommaren at det går an å gå ut av bilen utan å ha vinterkle på seg.
Me starta altså med friskt mot torsdag kl 09.30. Då skulle Leni ha fyrste luren sin og det passa fint at ho sov eit stykke på veg. 
Eg bestemte meg for å leike turist denne dagen, og eg er ikkje overraska over at turistane blir bergtekne av denne flotte fjorden og dette flotte landet.  Sidan eg har jobba mange somrar på Skjolden, på Fjordstova, i min fyrste ungdom ( :) ) og eg alltid har feriert på staden så har eg ekstra sterke kjensler for denne fine plassen. Det er faktisk den finaste plassen eg veit om.
Bilda mine ber preg av at dei er tekne i fart, så autovernet viser berre at me er på veg, i dette flotte vèret! Me ser Molden i det fjerne og Emil er så stolt over at der har han vore!

Vassbakken kro og camping. Kva kan ein sei om denne plassen. Heilt sida eg var lita jente har me vore innom her anten på veg til eller frå ferie, særleg i påsken, eller i sommarferiar. Milkshake på Vassbakken etter lange dagar på Fjordstova er eit minne som sit der. Men det er jo "humpen" ved Vassbakken som gjer at ungane veit kvar Vassbakken er. Det kitlar i magen. Og for at min mage skal vera i godlune heile vegen til Lom får gubben streng beskjed om at me aldelse ikkje skal ta fart for å få ekstra sug i magen!!!

Etter å ha køyrt forbi kyrkja i Fortun, med dei minna den bringer fram så startar oppstiginga og svinginga. Ungane får beskjed om at no må mamma konsentrere seg om vegen og at dei verkeleg ikkje må mase eller spørje om noko. Det går oppover og oppover. Me smett forbi eit par bubilar som tykkjer denne vegen hadde vore passe til einvegskøyring. Mest truleg ønskjer dei at motgåande trafikk hadde vore på eit anna fjell… Dei køyrer i allefall MIDT i vegen og har vanskeleg for å tru at nokon vil køyre fortare enn dei…! No er Leni vaken og me må ha oss ein "pit-stop". Den er tradisjonen tru lagt til den firkanta steinen. Det er 6 grader på fjellet så det blir ein rask luftings. Og me tek sjåførbyte. For at kroppen og augene skal vera enige så må eg køyre sjølv. Det går greitt. Men over humpane midt oppå fjellet så gyngar det i magen… :/

Er me turistar, spør Emil om. Og ja, me er jo det denne dagen. Eg knipsar i allefall bilder og føler meg litt som ein turist. For ein flott natur me har. Eigentleg bør me ta denne turen oftare, og eg for min del får veldig lyst til å ta fotturar her inne på Sognefjellet. Det må bli eit mål at eg skal få til,

Turtagrø er opna for dagen, og mange turistar har allereie kome i fjellkleda.

Det er den store Sportsbutikken nedom vegen i Lom som er målet vårt for denne turen. Her har me alltid ein stopp, og finn som regel mange gode tilbud og mange fine kle. I år vart det skibukse til meg, softshell-jakkar til kidsa og fjellbukse til mannen. Men det var det som var ute som var det kjekkaste i dag! Det var laga til ein aktivitetspark for sommaren, med minigolf og trampoline-i-strikk-hopping i tillegg til den klatreveggen som alltid står der. Og det var populært!


Emil digga trampolinehoppinga! Så me hadde fyrst ein runde på den før me reiste å kjøpte oss middag og is. Me traska og såg litt i butikkar, før me måtte gå bortatt for å ta ein siste runde på trampolina! Emil lo så ein kunne høyre han langt opp i Flåklypa vil eg tru… :) Ingenting er så smittande som barnelatter, så me lo alle saman til slutt!

Me var veldig heldige med vèret denne dagen. Det var sol og fint. Det gjer at ein ser lysare på ting rundt seg, og eg blir i allefall veldig glad for at eg bur i det landet eg bur, og at eg kan køyre over eit fjell for å få feriefølelese. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, eller at ein må reise så langt. På heimveg køyrde faktisk Frode heile vegen, og det gjekk fint. Så kanskje øvelse gjør mester? :) Og klisjeen til slutt: Alle var enige om at dei hadde hatt ein fin dag! :)

Og når me no spør ungane om kva dei har lyst til i sommar? Dei vil til Lom for å hoppe på trampoline! :)

tirsdag 22. april 2014

HEI!

Sol og vår!
No er det ein evigheit sidan sist eg blogga… Eg burde berre lagt ned heile bloggen… Men eg tykkjer det er så veldig kjekt å skrive ned tankar og ting og tang innimellom. Så eg har alltid ein idè om at det skal eg få til. Men bloggen er ikkje så veldig høgt oppe på prioriteringslista mi lenger. Tenkjer at eg kan jo skrive når ungane har lagt seg og husfreden har senka seg. Men då les eg norsk. Og heng opp kle. Og ryddar leiker. Og slappar av på sofaen. Likar ikkje å bruke av ungane si tid til husarbeid. Samstundes så vil eg jo at dei må lære seg at husarbeid gjer seg ikkje sjølv. Faktisk får ungane bli med å brette kle av og til. Dei tykkjer jo det er kjempekjekt! Emil tenar seg jo peng til trommesett så han er  i allefall ivrig på å hjelpe til! Forrige laurdag, når eg og Leni kom inn på kjøken hadde han dekka bordet, skore skiver og funne pålegg. Heilt åleine, stolt som ein hane og berre i boxeren! :)
Kvifor har eg tid til å blogge no då? Jau, eg sit ute og nyyyt sola!!! Leni søv i vogna si, Frode søv fordi han har vore på nattevakt (greitt å spesifisere det kanskje), Emil og Malene har fått lov å setje på ein film. Filmdag her i huset er eigentleg fredag, men sidan Malene er sjuk så er det litt spesielt i dag. Og ekstra stas sjølvsagt! :)
BURDE ha skreve den 14. norsk-oppgåva mi dette skuleåret, men då måtte eg hatt bøker her òg, og eg har ikkje bord, så difor må den gjerast i kveld istaden. Inne ved spisebordet. Eg skal ver SÅ glad når eg har levert norsk-mappa mi 30.mai! Då har eg levert 15 norskoppgåver og forhåpentlegvis får eg endå fleire studiepoeng, som gjer at Luster kommune vil ha min kompetanse på ein skule i området.

Livet som firebarns mamma er berre heilt fantastisk!! Det er veldig travelt, men det er så givande, så spennande, så moro, så energisk og så takknemleg!! Me kosar oss saman kvar einaste dag. Kvar dag er det fire par auger som seg for søskena sine, oss og for ein ny dag. Kvar dag får eg fire gode klemmar som start på dagen. Fire heilt forskjellige ungar som lurer på forskjellige ting…Og sjølv om guten i søskenflokken er i den alderen at han lurer på spesielt mange ting, så har det sin sjarm at han spør om absolutt ALT! Og han har skjønt at det er ikkje alt han får svar på… :) Sjølv om det kan ligge kle, leiker, solbriller, solkremar, hårstrikkar, blyantar, brødsmular, papirklypp osv på golvet og alle berre går elegant over, og mor i huset blir såå irritert, så går det over. I den store samanhengen så betyr det ingenting. Eller.. Det betyr at det er liv og røre i huset. Slik vil me ha det! :)

Nei, no skal eg ta å rydde ut av oppvaskmaskina…

Ha ein god dag i sola! :)

Anne Merethe

søndag 29. desember 2013

Fair Play Romjuls-grendacup

Fair Play Grendacup i Romjula.

Då var det endeleg duka for Fair Play romjuls-grendacup i Gaupne idrettshall! Me arrangerte det for fyrste gong i fjor, i romjula. Og med gode tilbakemeldingar då, og godt oppmøte var det viktig for meg å prøve å få det til i år òg. Så tidleg i haust sendte eg mld til fotballstyret om at "No er det på tide å setje ein dato for cupen!" (Sidan eg ikkje er i fotballstyret lenger…). Eg vart utnemd som "general" i år òg, og det tok eg som ei tillitserklæring og takka sjølvsagt ja til! Kva er vel meir moro enn å få samle ein heil gjeng med fotballspelarar og lage cup??? Frank og Geir Inge har vore med meg i arbeisgruppa, så me har fått samla saman dugnadsfolk og teke avgjerdsler. Supert! Det er SÅ kjekt å drive med slikt når folk er så entusiastiske, vil vera med på moroa og engasjerar seg! :) Tusen takk alle saman!
Før klokka var 09 i dagtidleg var pokalane på plass, turneringsreglementet hengt opp, ballar og nyvaska vestar klare til bruk, sekreteriatet oppsatt (Takk til John Oddvar for kontrollen i sekreteriatet i dag!) og Hildegunn var komen i kiosken. Hildegunn har hatt full kontroll på kiosken, saman med Anja og Agnete! Det er me veeeldig glade for, og sidan det var så utruleg mykje folk på tribuna så fekk me seldt for mange tusen kroner!! Tusen takk for innsatsen av kioskpersonalet òg! :) Og me må takke alle som støttar opp kiosken ved å kjøpe seg diverse godsaker. Det blir ein lang dag med cup, så me hadde både mat og kaker, brus og godteri. Litt til ei kvar lyst.
Eg følte meg litt som "tante Rundtomkring" i dag… Steikte vafler, sto i kiosken, passa på at dei flinke karane i sekreteriatet hadde det greitt, svarde på spørsmål, fann dopapir og spelte kampar med dei kjekke jentene "mine" på "Opp og fram"! Innimellom var det litt amming og trilling for at minstejenta skulle ha det greitt i dag òg. Ute på parkeringsplassen var det smekk fullt, såg eg då eg var ute og trilla! Så utruleg kjekt å sjå! :) Etterkvart tok Leni seg ein laaang lur, men vakna sjølvsagt og ville ha mat når det var premieutdeling. Så den fekk eg ikkje vera med på. Det skulle eg gjerne fordi eg ville så gjerne ha takka ALLE for oppmøtet og innsatsen! Eg håpar de alle samen blir med til neste år!! Av heile mitt hjarta!! :) Og ei takk til Kjetil Hov som hadde sagt ja til å dømme sluttspelet, men tok endå fleire kampar! Er det ikkje vel fortent at han fekk Fair Play-prisen???
I utgangspunktet er jo dette ein turnering berre for moro, men når ballen ligg på midtsirkelen så skjer det noko med oss fotballspelarar. Det er moro, men det er litt alvor òg! :) Men eg tykte det vart ein fin gest med fair play-helsing før alle kampane i dag! Det gjorde til at det vart god stemning på (stort sett) alle kampar! Glad for at me bestemte oss for det!
I juniorklassen kjem me kanskje til å gjere litt endringar til neste år, for å få jamnare kampar og for at alle som likar fotball skal få vera med! Håpar det blir godt motteke! Me vil jo heile tida bli bedre! :)
Å ha både juniorar og seniorar i hallen same dagen lagar ei spesiell stemning og fører til mykje folk og god stemning!! :) Det er moro å sjå på kvarandre!!! (Sjølv om eg må innrømma at som "tante Rundtomkring" så fekk ikkje eg med meg alle kampane).
Folk som var ute og gjekk søndagstur i bygda kom innom for å sjå sjølv om dei ikkje hadde nokon med, besteforeldre, foreldre, søsken, vener… Me har plass til alle i fotballfamilien! :)
No har eg visst gløymt å fortelje noko om resultat… I dameklassen vart det Jostedal FK som stakk av med seieren etter å ha møtt Marsipangrisane i finalen. Gratulera! I herreklassen var det òg Jostedal FK som stakk av med seieren. Dei vann i fjor òg. Dei slo Bringebakkane i finalen. Gratulera til dei òg. Til neste år skal me ta dei! :) (For min eigen del er eg veldig fornøgd med at eg klarde spele tre kampar to og ein halv mnd etter fødsel, debuterte som keeper i min fotballkarriere og med brannsår på kneet så tyder det på at eg har prøvd å gjera ein innsats i allefall! :)) Tusen takk for ein super fotballdag i hallen! Me snakkast til neste år! :)
Fair Play helsing før kamp

Parkeringsplassen er full!!

Kamp

Full tribune! :)


tirsdag 17. desember 2013

10 ting som gjer at eg veit at jula nærmar seg

10 TING som gjer at eg veit at jula nærmar seg! :)

1. Pepperkakehuset er på plass på skjenken. Det har sitt vanlege heimelaga preg. Det vil sei at det er skeivt, melisen som skal vera rundt glasa er i grunn PÅ glasa, limen som er smelta sukker rant nedover veggane under lime-prossessen. Og sidan limen er så ekstremt effektiv så får ein jo ikkje det vekk att… Men me tek litt melis på ryggen til ein seigemann og klistrar han oppetter veggen. Hokus pokus: ingen ser den brune streken lenger! :) Elles er det non stop og seigemenn overalt; tak og vegger. Og nytt av året: Mini-marshmellows er nytta til pynting. Veit ikkje om eg tykte noko om den moderne looken, men ok me kan prøve sa eg! :)

2. Julehandel i Sogndal. Kvart år skal eg starte tidlegare. I år starta eg ganske tidleg. Og tenkte at sidan eg starta så tidleg så hadde eg jo god tid til resten. Men resten blir alltid tatt for seint uansett kortid eg startar!! Så det er innspurten som er avgjerande. Kortid innspurten startar er avgjerande for kortid eg blir ferdig. Men no må eg gjere meg ferdig. Har EIN pakke att… Den vanskelegaste… Trur ikkje eg tek den i Sogndal. Dei andre har eg handla der, og fått kjensla av at jula nærmar seg faktisk med stormskritt. Og eg såg at eg burde ha venta med å handle for mykje av det eg handla var nedsett til halv pris!! Men, men… Gjort er gjort. Og håpar alle blir nøgde med det dei får anten det var til full eller halv pris. :)

3. Juleklubb. Eg hadde klubb rett før jul med mine klubbjenter, og slikt går ikkje ubemerka forbi. Det var klart at Anja ville ha juleklubb med sine klassevenninner òg. Så då fekk ho jo det. Det er seks år sidan no, og ho held det framleis gåande. Og det er like koseleg kvar gong. Og sjølvsagt vil jo Malene ha juleklubb òg, så i år måtte jo ho få ha det òg. (Og eg har kutta ut min klubb…) Like kjekt å ha klubb med Malene sine klassevenninner òg. (Sjølv om straumen vart vekke og me laga julekort med hovudlykt og stearinlys). Det er nok noko me hugsar dei neste åra òg. Veldig fin juletradisjon.

4. Sjuke ungar. Når jula nærmar seg kjem og basseluskane på besøk. To julafter har Anja vore sjuk, så det er ikkje så rart at for to år sidan ønskte seg (som ei gammal dame) at ho fekk vera frisk! :)

5. Husvask. Kvifor i alle dagar må me vaske ALT til jul?? Kvifor kan eg ikkje ta litt etterkvart istaden for å sei; nei det tek eg til jul… Og det tek eg til jul… Pokker! Det blir så himla mykje TIL JUL!!! I tillegg til alt anna. Og dette året så har me ein liten baby som helst vil vera i fanget til mamma, så julevasken blir overlatt til mannen i huset. Som forøvrig er veldig flink med reinhald i heimen! Men det er jo liksom "min" jobb, så det er litt "nederlag" at eg ikkje får gjort så mykje som eg hadde tenkt… Men, men… Jul blir det uansett! Og heldigvis har Anja fått i lekse denne veka: Hjelp mamma og pappa med husarbeid og andre ting som skal gjerast før jul!!! Jippi!! :) TUsen takk for hjelpa, Anja! :) Du er ein knupp!!! :)

6. Julebakst sjølvsagt. Nokon sortar har eg bakt sjølv, nokon har eg fått og nokon har eg kjøpt.

7. Alle dei deilige kakesortane som står i fristande kakeboksar på kjøkenbenken. Får jo så lyst på kaker kvar gong eg er på kjøken! Og faktisk når eg ikkje er der òg. For eg veit me har maaaange sortar. Til ein kvar anledning. Viss eg er litt svolten, viss eg er godtesjuk, viss eg er ganske svolten eller viss eg kjedar meg… Så det fins alltid ein anledning til å ete julekaker. Men eg har berre ete to pepperkaker, eit havrekjeks og to brune pinnar. Endå… Og det var ikkje i dag altså; men over fleire dagar. :) Men no kjenner eg på meg at sjakkrutene lever farleg… :/ Eg prøver med ei mandarin fyrst… Som forøvrig er nr 8 på lista.

8.Mandariner. Desse små appelsin-liknande fruktene som ein kjøper i adventstida. Som er i alle godteposar og som alle ungar likar. Luktar liksom litt jul. Så dei må ein ha i hus til jul! :) Det har me.

9. Julekort på julekorthylla mi. Det er så kjekt når det byrjar å fylle seg opp med julekort frå slekt og vener på hylla. Er så artig å sjå alle dei fine ungane som forandrar seg frå år til år, kva layout dei ulike vel og at det kjem fleire og fleire ungar på korta. (samla sett) :)

10. Spørsmålet om nisse. Kjem nissen når me er i kyrkja i år òg, eller kan det hende han kjem medan me opnar pakkar? Nokon seier nissen kjem ikkje til dei som har skuleungar i hus… Er det sant då? Fins nissen? Kan me låne ein? Eg treng ein nisse!! ASAP! :)

GOD JUL!!!

fredag 13. desember 2013

Takk :)

No er me komne til midten av desember. Ganske så nøyaktig. Den 13. faktisk, som i år er på ein fredag. Til no har det gått heilt fint! Det har faktisk vore ein veldig fin fredag. Det er jo Luciadagen i dag, og med desember så føl det jo med mange tradisjonar.
Dagen i dag starta med at eg og Emil reiste i barnehagen for å markere Luciadagen der. Dei eldste i barnehagen gjekk i tog innom alle avdelingane, song og delte ut lussekattar. Foreldre og søsken som hadde tid fekk servert kaffi og lussekattar ein tidleg fredagsmorgon. Veldig kjekt! :) Tusen takk til Gaupne barnehage! :)
Kl 09 fredag 13.des: Frisørtime! :) :) :) Frisørtime = kvalitetstid!(Medan Frode gjekk trilletur med Leni) Sjølv om detl var tidleg på morgonen og ein er temmaleg trøytt i trynet etter å ha vore vaken nokre gonger for å amme på natta, lite med frisk luft før ein set seg i stolen, og masse, masse hår til alle kantar. Det er SÅ digg å setje seg framfor spegelen og sjå at nokon vil prøve å gjere noko med dette "velta høylasset"!! :) Restultatet vart veldig bra! Takk Evy! :) Og du lagde ei kjempefin flette på meg, men sidan kvalitetstiden var i gang så tok eg meg ei økt på spinningsykkelen når eg kom heim. Sveitten rann og energien kom sigande, fletta måtte ut slik at eg fekk vaske håret før eg sprang av gårde til neste post i dag; kafè! :) Alltid like kjekt å treffe blide damer på kafè, for skravling, fliring, god mat og sosialisering! :) Tusen takk damer! :)
Jentene kom heim etterkvart, blide etter ein fin skuledag. Emil kom heim etter endt dag i barnehagen; Frode og Simon henta han i dag og det er alltid ekstra godt å kome heim på fredagane for då får han sjå film! :)
På ettermiddagen var det klart for Luciafeiring i velet/grenda vår. Den tradisjonen starta me for eit par år sidan. Me samlast, lagar bål, går ein runde i Luciatog; ungar og vaksne, syng, et lussekattar og pepperkaker, drikk gløgg, ungane leikar og dei vaksne skravlar! :) I kveld lava snøen ned og julestemninga vart endå sterkare. Takk gode naboar, for ei kjekk stund! :)
Det vart mange å takke på denne dagen. Og eg er endå ikkje heilt ferdig for eg er jo faktisk bedd på julemiddag med mine kollegaer på Gaupne skule, i kveld. Og TUSEN takk for at eg vart invitert! Det sette eg stor pris på! Men denne gongen passa det ikkje og eg måtte sei nei. Men eg håpar de kosar dykk i kveld! :)
Det nærmar seg jul med stormskritt, og mange pakkar er klare, nokon er under "bestilling" og nokon er framleis på tankestadiet… Eg skal nok bli ferdig til jul! :) Kan kome med ein "takk" her òg; tek i mot gåvetips til mann 35 med TAKK!! ;)
Eg er takknemleg! :)
Takk for meg! :)

lørdag 16. november 2013

Firebarnsmamma :)

Livet som firebarnsmamma starta 3.oktober. Det er seks veker sidan allereie.
Firebarnsmamma.
Firkløver.
Full fart.
Fang.
Fantastisk.
Fort tida går…
Mange f-ord som kan beskrive kvardagen min no. Leni kom til verda med eit skrik rett over midnatt den 3.oktober. Akkurat då tenkte eg at eg kan ikkje forstå at nokon orkar å føde fire ungar…(!!!), men kvar kveld etter den natta, når eg sit og kosar med vesle gullet, så tenkjer eg at eg ikkje forstår kvifor folk IKKJE får fire ungar!! :) For den herlege babytida, med eit lite, hjelpeslaust, bekymringslaust og heilt avhengigt "nøste" er magisk!! Men den går så fort! Og eg er SÅ heldig som har fått oppleve det heile fire gonger! Ein skal ikkje ta det for gitt at ein får fire fine ungar, men så heldig har eg vore. :) Og eg burde vel skrevet på diverse massemedium at eg har verdens finaste ungar, søtaste, flinkaste osb… Men eg veit jo at eg syns mine er finast, medan de andre syns dykkar er finast. Så difor unngår eg slike "karakterestika". Då slepp de trykke "likar" når de egentleg syns dykkar er "finast". Alle ungar er heilt fantastiske, kvar på sin måte. Og alle er eit lite under! Frå eit lite frø til eit levande menneske, med to øyrer på rett plass, augene på kvar side av nasen, alle krusedullane i øyrene er eit lite kunstverk, bæsj og tiss som kjem i bleia; som tyder på at systemet fungerar, den skjærande babygråten som viser at lungene fungerar. Etterkvart kjem det smil og glade auger som kan smelte eit mamma-hjerte! Og mamma og barn blir meir og meir knytte saman. Heilt til, slik som dagen i dag; 5-åringen sussar meg i panna og seier "mamma, du er verdens beste"(sjølv om han i går sa han ikkje likte meg fordi han måtte ha på seg regnbukse..), 7-åringen seier; mamma, eg kan godt hjelpa deg å laga graut, og 11-åringen seier; mamma, kan du ikkje få det snapchat slik at me kan sende bilder til kvarandre… Vaskemaskina går ustanseleg og når eplekaka er ferdigsteikt medan Leni ligg ved puppen så må ho berre henge fast medan eg tek kaka ut av ovnen, det styrtregnar ute, men ut må me… Så; ja travelt er det å vera firebarnsmamma, men du verden for ei lukka!!! Det var fantastisk å vera mamma til ei, det var fantastisk å vera mamma til to, det var like fantastisk å vera mamma til tre, og slik er det med fire òg. Og dei er så heldige som har kvarandre.
Eigentleg skal eg skrive ei norskoppgåve eg no, men det har eg ikkje prioritert i dag(heller). Det gneg meg litt kjenner eg… Men det er laurdag, Anja har besøk, Leni søv, Frode har med seg Emil og Malene på kino… Og eg skal berre nett surfe litt, og nett oppdatere bloggen sidan det er veldig lenge sidan sist… Så skal eg legge samen vaskemaskin-lass nr 3 for i dag!!!! (Så må eg finne ut om det går an å kjøpe ei større vaskemaskin!!)
God helg!