mandag 30. september 2013

Fair Play

Fair Play

Gårsdagens snakkis i bygda, i allefall i den fotballinteresserte delen av innbyggarane var opprykkskampen mellom Årdal FK og våre eigne menn. Kampen føregjekk i Årdal og ein heil bataljon herifrå var med laget og støtta dei under kampen frå tribuneplass. Me som ikkje var med innover fekk oppdateringar på nett. Då det på oppdateringslista sto 3-3 så tenkte eg at NO går det.(Bjørn var klare for opprykk med seier eller uavgjort, Årdal måtte vinne) Nytt innlegg kom på overtid og eg tenkte at NO har dei klart å karra seg opp i 4.div. Men NOPE; det var feildømt straffespark til Årdal som dei sjølvsagt scora på og slik vann Årdal kampen og opprykket.
Fyrst tenkte eg at det er no like greitt for då blir det ikkje så vanskeleg å få mannen til å legge fotballskoa på ei hylle lenger oppe... Men som ein gamal fotballspelar sjølv, så kjende eg på kjensla av urettferdigheit, kva med ærlegheit, Fair Play... Kven er stolte av å vinna på uærleg vis? Kven støttar ein/dei som juksar seg til seier og framgang? Er det gode lagspelarar?
Frustrasjonen til fotballspelarane som kom att viste lang veg...
Det var journalist frå lokalavisa på stadion i går, og han hadde vist fram bildebevis om at det var ein Årdal-spelar som handsa for å prøve å slå ballen i mål; det var ikkje ein Bjørn-spelar som handsa slik dommaren gambla på. Dommar Skjerven; du kan ikkje gambla på ei avgjerdsle er rett eller feil. Du må dømme det du er sikker på! Elles kan du drite i det! Då slepp du å frykte at du har sett feil hand..., som du seier i avisa...
Her i huset er me vel kanskje meir enn gjennomsnittet interessert i fotball, så ved frukostbordet i dag hadde me Sogn Avis der bildebeviset var bretta utover to sider! Det var dagens frukostprat kan du tru!
"Mamma, juksar alle frå Årdal?" Nei, nei, det er ikkje alle som juksar måtte eg forklare. Absolutt ikkje alle!! "Viss ungane ser på dei vaksne spelar fotball og dei ser at dei får lov å jukse så lærer vel ungane at det er lov då, mamma?" Og DET spørsmålet skal me ta på alvor! Nettopp; om ein er 17, 25 eller 35 år og spelar på eit a-lag(eg reknar at begge laga i Årdal er a-lag og her i Bjørn har me berre eitt a-lag), så har ein eit ansvar for å vise korleis idretten skal utøvast! Spelarane er førebileter for dei yngre i klubben og i bygda! Det vere seg handlingar på bana, rundt bana, korleis ein snakkar til medspelarar, motspelarar og dommar.
Eg kan forstå at det å sei til dommaren at: "Æhh, du dommar, det var eg som handsa... " kan sitje langt inne. Men dersom ein har eitt lag i ryggen som er opptekne av Fair Play så bør ein få støtte til å gjere det. Eg er ein konkurranseinnstillt person sjølv, og hatar å tape, men likevel er det betre å tape enn å vinne på uærleg vis! Ein kan ikkje sove særleg godt i etterkant.
I følgje avisa hadde ikkje dommar Skjerven (Jonny) det særleg godt i etterkant av kampen heller, og eg håpar han kan ta opp og drøfte situasjonen med sine kollegaer i kretsen. For slikt bør ein unngå. Eg veit ikkje kva konsekvensar det kan få i etterkant dersom Bjørn legg inn protest. Men dersom mogelegheiten for ein ny kamp er tilstades så bør dei få den mogelegheita. Og tapar dei på ærleg vis så er saken grei. Men då får òg Årdal mogelegheita til å vise at dei kan vinne på ærleg vis. (Skulle her vera unødvendig å presisere at det må vere same tropp som stiller på ein evnt ny kamp; ikkje ta med fleire frå 3.div-laget for slik å stille sterkare, men av ein eller anna grunn føler eg den presiseringa er naudsynt...). Eg trur ikkje det kan gjerast så enkelt som å trekke vekk att straffemålet... Uansett så bør ein vise kretsen at slikt kan ein ikkje berre finne seg i. Og Årdal nemner på si nettside at dei forstår Bjørn-spelarane sin situasjon, men trekker fram ein situasjon i kampen der det kanskje skulle ha vore straffespark så difor går det opp i opp. Hey! Det er ikkje slik det fungerar! Ei takling er ein reell situasjon, medan ein viljehands er juks! Stor, stor forskjell!
Hadde det gått an å få minuspoeng i Fair Play, så hadde nok Årdal fått så mange at det hadde tatt fleire år å jobbe seg opp på pluss-sida. Og i vår klubb kjem nok Årdal til å bli sett i eit dårleg lys framover ei stund... Her ser ein eit eksempel på korleis dei vaksne sine "dummheiter" går utover aldersbestemt fotball òg...


Nei, ei orsaking hadde nok vore på sin plass. For dette var ufortent! Både Bjørn og Årdal har jobba godt heile sesongen og fortener slik sett plassen i 4.div begge to. Men når det blir avgjort på denne måten så kan ein lure på om lag som juksar fortener plass i høgare divisjon...?

Ungane var opptekne av at pappa var på det laget som tapte på grunn av juks, og tykte synd i han. Ungar er opptekne av rettferdigheit. Og det skal me hjelpe dei til å vera opptekne av! Det er viktig på alle arenaer i livet! Det er faktisk ein menneskerett at alle skal bli behandla med respekt og rettferdigheit!

Heldigvis har me gode skulekameratar frå Årdal så me veit at ikkje alle juksar!:) Så eg håpar eg fekk sagt tydeleg nok i frå at det var EIN spelar som juksa, og dei andre på laget støtta han. Og i kampsituasjonar så gjer ein kanskje dumme ting... Og verda går vidare likevel! Men altså så var det ei dobbelside i Sogn Avis som hadde fokuset vårt denne morgonen! :)

Ha ein fin, fin dag både Årdøler, Gåpningar, Sogndøler og alle andre! Berre hugs på kva rolle du har på laget ditt, på arbeidsplassen din, rundt middagsbordet, ute i gata! Nokon ser opp til deg! :)



onsdag 18. september 2013

Heimedag...

Sit no her. Sat der istad. Får så ildt av å sitje for lenge. Så sofaen er ein god ven for tida. Men eg er snart lei av den merkar eg... Men klagar absolutt ikkje! Kan sitje ein heil dag og kjenne på ein liten tass som har det bra inni magen. Hadde eg sprunge rundt alle plassar og ikkje hatt ildt nokon plass så hadde eg sikkert ikkje kjent babyen min så godt som eg gjer no! :)
I dag er ein dag utan planar... Berre sånne vanlege ting som å vaske og brette kle, rydde sko på vaskerommet, koste opp all granulaten der ute (hadde eg samla i heile sommar og haust så kunne eg sikkert ha dekka 16-meteren på bana...), sjå at ungane har trekt opp rullegardinene og reidd opp sengene sine... Så har eg sjølvsagt sjekka nyheiter på diverse nettstader. Har skreve nokre linjer på norsk-oppgåva mi òg... Innleveringsfrist er 10.okt, dagen etter termin... Så eg prøver å bli ferdig litt før det... Men i dag var ikkje motivasjonen på topp. Så no står det ein bolledeig på kjøken, skal heve litt før eg skal bake dei ut til deilige bollar som ungane skal få når dei kjem heim frå skule og barnehage. Ikkje tru at mannen ikkje skal få, men han vil berre ha bollar med rosiner. Og det vil ikkje ungane. Og eg gidd ikkje dele deigen denne gongen, så i dag blir det vanlege kveitebollar(egentleg fastelavnsbollar)! :) Ingenting er vel som nybakte bollar! :) Berre lukta av det gjer at livskvaliteten aukar betrakteleg!
Og når det sit ein gjeng med ungar i sofaen for å sjå barnetv er det no kjekt å ha ein bolle å kose seg med. Så i dag vart det bollar som vart prioritert.
Passe fint bakevèr i dag òg. Håpar det held seg slik. Me skal jo på bana i kveld òg. Malene har trening i kveld; lade opp til siste turnering som er søndag.
I går hadde Anja kamp her borte; j11 møtte Jotun til ein jamn kamp der begge laga hadde mykje stang ut, og Jotun hadde mest flaks og hadde stang inn 5 gonger, medan Bjørn berre klarde 3... I regn og vind! I går var det skikkeleg haustvèr. Då var det ekstra godt at pappan her i huset laga varm og god graut til oss etter kampslutt! Sjølv om sjokoladekaka som vart seldt på kampen var knakande god, så er det ikkje det same å kose seg med sjokoladekake i sol og fint vèr, som når det ausar ned og ein må skunde seg for å ete opp kaka for ikkje at glasuren skal renne vekk...
Men regn og søle skapar mykje aktivitet for dei små, så dersom ein berre kler seg godt så kosar ungane seg! :)
Hausten er òg tida for å styrke immunforsvaret. Det er mykje sjukdom i barnehage og skule, og helst vil me no unngå å bli smitta; i allefall unngå dei verste epidimiane... Influensa og oppkast er typisk, men me gjer det me kan for å unngå det. Då er det heilt greitt med litt hoste og snår. Og forsåvidt vannkoppar... Det går i barnehagen no.. Kanskje eg forresten ikkje burde gje Emil noko som styrkar immunforsvaret hans då... Då får han dei kanskje ikkje. Hmm... Er jo i utgangspunktet veldig greitt å bli ferdig med vannkoppane, men håpar jo me ikkje får dei og baby på same tida... I allefall så får ungane ei teskjei Sambucol etter frukost, og ei skei med tran. Det har funka veldig godt siste åra, så me held fram med det! Den vinteren Emil var baby hadde me oppkast tre gonger, influensa med jamne mellomrom og elles øyreverk og anna... Då fann me ut at noko må me gjera! 

Så slik ser det ut ein haustmorgon på frukostbordet. Ungane likar det og det gjev gode resultat! :) Me håpar det funkar denne vinteren òg! :)
Veldig varierande vèr gjer at me frys litt, sveittar litt, blir litt blaute, går med litt for lite kle... Det er ikkje rart at bakteriane gjerne vil kome når kroppen ikkje er på sitt sterkaste! :)
Akkurat no skin sola inn stoveglasa mine(som forresten er nyvaska), så no får eg lyst ut ein tur.
Skal berre steike ferdige bollane fyrst! :)

Og slik går no dagen... Må setje på tørketrommelen, hive nye kle i vaskemaskina, hente Malene på skulen for det hadde ho så lyst til i dag...

Ha ein fin haustdag i september! Nyt den! :)

fredag 13. september 2013

10 ting som har gjort fredag den 13. til ein fin fredag:

10 ting som har gjort fredag den 13. til ein fin fredag:

1. Blide og glade ungar som har sove godt ei heil natt, og som gledar seg til skule og barnehage.
2. Ein mann som vaskar alle glasrutene utapå, medan eg sit og ser på...
3. Telefonen ringer og eg blir bedd med på kafè.
4. Ein koseleg kafè med kjekke damer, god prat og god stemning.
5. Lykkeleg gut som kjem heim frå barnehagen og har hatt ein fin dag.
6. Fornøgde jenter som har hatt ein fin dag på skulen, saman med venene sine.
7. Ein liten halvtime på sofaen medan mannen lagar middag til oss.
8. Fredagspizza til middag.
9. Ettermiddagsbesøk med lappar og syltetøy til kvelds.
10. Gode godnattklemmar frå verdens beste trekløver (som snart blir fire).

Så heldig eg er!

God helg!

fredag 6. september 2013

MIN mage!!!

Brått er det fredag att! Kvar blir vekene av? Er jo i grunn eit godt teikn at tida flyg og dagane går fort... Særleg no merkar eg... Kva skal eg ha på meg i dag då? Har ikkje det største utvalet av kle og er i grunn lei av alle gravidekleda. Gler meg til å bruke vanlege kle att... Skal ikkje klage. Er veldig, veldig takksam for at eg har mogelegheita til å bere fram endå eit barn. Men når det er fire og ei halv veke att, så føler eg meg endå meir som ein kval enn eg har gjort tidlegare i svangerskapet. Kan nesten ikkje hugse korleis eg såg utan den tjukke magen. Som Emil sa: "Mamma, no er magen din større enn puppane dine...!" Du ser det ja, vennen...?? Og å gå på butikken med den svære magen, når kassadama slenger i trynet på meg: "Åj, såååå stor du har blitt dei to siste vekene!!!" Ikkje spesielt artig... Er det liksom lov å sei alt ein vil til ei gravid dame? Skulle eg slengt tilbake: Du har no vokse litt sidan sist du òg...!! Det føler eg hadde vore veldig uhøfleg av meg. Hormonane til oss gravide har sjølvsagt ein medverkande rolle for at me tek ting litt ekstra personleg kanskje... Men ho kunne like godt spelt "Nei, så tjukk du har blitt" av Ole Ivars. Eg VEIT eg er tjukk! Heldigvis har eg mogelegheiten til å vera tjukk akkurat no, og eg kjenner at ein liten baby har det bra inni magen min... Det er heilt fantastisk! Sjølvsagt når ein er van med å trene og vera aktiv kvar dag og no plutseleg ikkje vera det, så påverkar det humøret og "tjukkheiten". Men for i helv...tte, MÅ folk eg ikkje kjenner bry seg om KOR tjukk eg er?
Det er liksom MEG det er snakk om!
Fasinerande i grunn... Mange som kjem og tek meg på magen... Akkurat som det ikkje er MIN mage, men berre ein mage. Men det er faktisk meg. Hadde nokon tatt meg på magen når det ikkje var ein baby inni der så hadde eg banka dei!
Men, men... Kanskje eg ikkje skal fokusere på det... Kanskje dei eigentleg meinar å sei: Å, så heldig du er som kan bere fram ein liten baby! Eller; skulle ønskje det var eg som var gravid... Eller; så heldig ho er som får så mykje merksemd på magen sin!
No i ettermiddag var det ei som sa til meg: Har du berre FIRE veker att? Så fiiin du er!! Åh, sjølv om eg framleis føler meg som ein kval, og har ildt både her og der, har brennesot etter middagen så gjer det noko med meg! Tusen takk! :)
Som ei tikkande bombe; ver forsiktig med kva du seier til ei gravid kvinne!! :)
I kveld skal eg kose meg med eit glas Pepsi Max og nokre bitar fredagssjokolade, tenne stearinlys og kose meg med tre gull, og kjenne at det fjerde gullet snart vil ut til oss!
Eg veit eg er heldig!
God helg! :)

onsdag 4. september 2013

Cruisebåt på Skjolden

Tysdagane er fridagen til Emil i barnehagen. Innimellom har han no fri andre dagar òg, men i allefall tysdag eg sett av til Emil-kos med mamma og pappa dersom han ikkje er på jobb. Både Anja og Malene har hatt fridagar i løpet av veka, dagar me slepp å stresse ut, dagar me kan ta på sparket, dagar me kan planlegge noko kjekt med andre, dagar me kan spele, leike eller reise på tur. Veldig fint å kunne ha mogelegheiten til det medan dei går i barnehagen. Når ein kjem inn i skulesystemet er det skule kvar dag, og ein har ikkje dei same mogelegheitane lenger.
I går hadde Emil to ynskjer, og det var leike skule og å sjå på cruisebåten som var på Skjolden.
Fyrst fekk han no kose seg litt i morgonkåpe framfor tv, med litt barnetv. Barnetv om morgonen er BERRE når det er skulefri eller helg. Eg tykkjer det er veldig greitt å starte dagen saman, ikkje at nokon skal sitje å glane på tv og bli passiv mottakar allereie før frukosten er komen på bordet kanskje. Ingenting er så koseleg som felles frukost med stearinlys på bordet, og samtalar om draumar, kva dagen vil bringe, kva kvelden skal by på eller andre tema som kan dukke opp. :)
Etter me hadde leika skule og skreve bokstavar som blir beskrevet som "fiskekrok" som er J, den med stor mage som er "D", den med liten mage er P, den med to magar er B, så fann me ut at ein lunsj på Lustrabui ville no passe perfekt sidan me skulle innover likevel. Så besta og besten åt med oss; gode rundstykker og bollar. Kafè er alltid kjekt! :)
Etterkvart var me ferdige og me tok turen innover.
Me kom nærmare og nærmare skipet, og me såg at det var ganske stort! :) På Haugslandet yngla det av turistar! Og me såg bort i sentrum at det gjekk folk overalt!! Nokon gamle, nokon i rullestol, nokre barnefamilar, nokre einslege, nokon som tok bileter, nokon som berre gjekk tur, nokon som sat i buss-skuret og tok lunsjen... Alle slags folk.
Me køyrde nærmare og gjekk  ut av bilen, og "leika" turistar. Me menga oss med dei og fekk ei kjensle av å vera cruiseturistar me òg. Smilte og nikka til dei andre og glei rett inn i mengda. Og jammen er det mangt ein kan observere der ein går... Ein mann studerte takrennene på nausta, nokon tok bilete av kvarandre, tre eldre damer gjekk med kvar sin Ipad i fancy fargar... Sikkert for å ta bileter tenkte me. Artig å spekulere i kva dei tenkjer og tykkjer om dette landet... Emil tykte det var spennande med dei laaaange taua som kom frå båten og som var festa i STORE pålar på kaien. Om det gjekk an å balansere på dei? Han fekk ikkje teste, så det veit me faktisk ikkje.
"Mamma, no må eg skikkeleg på do altså!" Men med havnekontoret i rett framfor oss og sidan me hadde sklidd rett inn i mengda av folk så gjekk me like så godt på do der inne. Medan gutane var på do var eg turist inne på souvenirbutikken. Herregud, så mykje teite ting det går an å kjøpe!!!
På veg til bilen att stoppa det eit par ved ein brannhydrant og spekulerte i kva dette var! Og dei skrudde av skruen på toppen og opna heile greia. Eg trur dei forsto at der kunne det kome vatn ut... Heilt utruleg kva folk kan lure på, og få seg til å gjere!
Me slo følgje med dei som kom att frå turistbussane og som hadde hatt omvisning i kommunen, og som no skulle bort i sentrum for å slappe av, sjå seg om, ete nista i eit buss-skur, ta ein tur på fjorden med rib eller kva anne dei skulle... Me måtte heim for å ta i mot jentene som snart kom heim frå skulen.
Spennande å ha fri innimellom! :)