torsdag 29. mars 2012

Når babyane blir sjuke..

Fy søren... Sat og såg på "Beretninger om begynnelser" (trur eg det heiter) på tv2 i går... Det var om ein baby som vart fødd i veke 26, altfor, altfor liten... Og mor låg på sjukehuset i fleire veker og ikkje visste korleis det kom til å gå.. Kva ho møtte når ho gjekk inn for å sjå i kuvøsa hans.. For eit mareritt!!
Eg fekk verkeleg flashbacks frå då Emil`en min var sjuk... Han var åtte veker. Det var fredag. Anja hadde byrja på skulen den hausten og var snart ferdig med si fyrste skuleveke. Frode hadde turnusfri, så han var reist på fisking. Eg, Malene og Emil skulle kose oss heime denne fredagen. Det var fint vèr så me gjekk ut i hagen for å leike der. Emil låg i vogna si og sov, medan eg og Malene huska. Etterkvart så høyrer eg rar "skrik" frå vogna.. Noko stikk i meg og eg spring for å sjå. Som tredjegangs-mamma så spring eg som regel ikkje ved ein liten lyd, men eg kjende det på meg at noko var gale... Eg ser nedi vogna og Emil ligg og ristar! Augene fer opp i hovudet liksom... Eg tek han opp, held han inntil meg og ropar til han... Emil?? Emil??!! Eeeemil!! Kva er det?? Eg ringer 113 tvert. Føler det som ei evigheit før dei tek telefonen... Eg prøvar å forklare situasjonen. Tenkjer klårt og veit eg må sei kven eg er, kven han er, alder og akkurat det eg ser, på ein roleg måte. Men Emil hyler og dama i den andre enden spør om han pratar til meg! Pratar, for faen??? Han er TO MÅNADAR har eg sagt, så han KAN ikkje prate!!! Har han feber seier ho. Nei, han har ikkje feber og han er under tre mnd og SKAL ikkje ha feber! Emil roar seg etter ei stund og blir heilt slapp... Ho set meg over i KØ på det lokale helsesenteret... Eg ventar og ventar og ventar på at nokon skal svare. Og endeleg.. Eg forklarar igjen situasjonen og dei vil sende ambulanse. No ser eg ut glaset og Malene har funne ein rull med Hello Kitty-bokbind som Anja skulle bruka til bøkene sine. Den har ho rulla utover heile tunet... Ja, ja tenkjer eg. Ho får berre styre på... Så ringer legekontoret oppatt, og seier at det kjem ein drosje, men den er ute på oppdrag så han kjem ikkje før om 20 min!!!!! Men då ringde eg ein bekjent og fekk ho til å køyre oss bort. Mamma var på veg i begravelse så ho tok Malene istadenfor.
Eg kom inn til vikarlege. Har han feber? Kan han ha hatt hetekokter? Feberkrampe? Han ser fin ut konkluderar ho med, men eg vil me skal til Førde og ho går med på det. Ho er inne og snakkar med kommunelege og han meinar at det ikkje er alvorleg nok til å sende ambulansen ut av kommunen!!! WHAT??? Så får eg tlf om at mamma hadde høyrt på radioen at eine tunellen til Førde var stengd, men open ein gang i halvtimen... Men likevel blir det berre drosje!!!
Eg var så redd!!!! Og Frode, kvar var han.... Eg visste han hadde snakka om Holmavatnet ein gang på morgonen, men han hadde ikkje sagt om det var der han hadde bestemt seg for å reise... Broren reiste opp for å sjå; det tok jo over ein time! Så når eg og Emil var komen til Førde så ringde han og ville sette seg i bilen og køyre etter oss! Turen vår i drosje gjekk heldigvis fint. Men eg trur eg aldri før hadde vore SÅ redd! og så fortvila på Helse-Norge...
Då Frode kom opp og me låg på observasjonsrommet, hadde teke fleire prøvar, vegd og målt Emil, og han sov medan Frode slo på hotel cæsar kl 17.30 SÅ skjedde det igjen!!! Babyen min byrja å riste att og han hikstar. Eg hugste i bakhovudet mitt at det var ei som hadde sagt: Spring ut på gangen og rop om hjelp, då kjem dei med ein gong!!! Og det gjorde eg!! Og dei kom til! Alle mann!! Dei såg Emil og det vart sett i gang eit enormt apparat ein fredagskveld!! Alle slags instrument var han kobla til og det vart tatt prøve av ryggmargen hans. Der fann dei virus! han hadde virus på hjernen som gjorde at han fekk epileptiske anfall! Det var ei kjempesjokk! Det var to månadar sidan han kom til verda på sjukehuset i Lærdal og no låg me i Førde og eg visste ikkje om eg fekk han med meg heim derifrå... Fleire gonger for dagen fekk han anfall. Han vart medisinert i tilfelle det var bakteriar, og virusdempande medisin fekk han òg... Heile tida låg han full av ledningar slik at dei følgde med på at alle organ fungerte. Me fekk beskjed om at helikopteret stod klart ute til å ta oss til Haukeland dersom situasjonen forverra seg... Nokon virus kan skade hjernen og etter mange lange dagar, med ei intens redsle, så fekk me svar på prøvane at det heldigvis ikkje var nokon av dei farlege virusa!
 Etterkvart vart vetleguten min bedre, han byrja å bevege armar og bein igjen... Ein kan ikkje beskrive slikt.. Ein blir så intenst glad, men klarar ikkje legge frå seg redsla... Heile tida hadde han bra appetitt så han fekk pupp, så det var positivt! Men eg vart så redd for å halde han! Eg var redd for å halde min eigen baby!!! Det var ei grusom oppleving! Han kunne plutseleg byrje å riste medan han låg i armane mine og det var så forferdeleg... Eg kunne ikkje gjera noko for å stoppe det! Det var heile tida sjukepleiar med oss for å gje han medisin mot krampene. Eg torde ikkje vera åleine med babyen min. Eg hugsar det sto to legar og to sjukepleiarar rundt babysenga(sånn plastikkboks som dei har på nyfødtavdelinga) medan han hadde eit anfall, det kom inn ein lege med seks legestudentar som skulle få sjå dette sjeldne tilfellet av Encefalitt på ein så liten baby. Og så la den eine sjukepleiaren handa si på skuldra mi og spurde korleis det gjekk med meg. DÅ merka eg at eg var tilstades... Ein blir heilt utanfor seg sjølv når ein opplev slikt. Og det tok lang tid etter Emil vart frisk før eg klarte å slappe av... Nesten eitt år. Og det var fyrste gongen eg høyrde han skreik fordi han hadde ildt, den gongen. Så kvar gong han sler seg og skrik slik han gjorde den gongen, så hugsar eg tilbake på den gongen han var SÅ veldig sjuk! Heldigvis så var det ein fantastisk barnelege som var på vakt den helga og gjorde alt riktig! Og me vart SÅ godt ivaretekne på barneavdelinga i Førde, så eg veit ikkje kva godt eg kan gjera i gjengjeld... Emil vart frisk som ein fisk etterpå heldigvis!
Så i går når eg såg på det programmet om babyar som ein ikkje veit vil overleve så kjenner eg SÅ godt til den redsla! Og eg unner INGEN å oppleve det! Heldigvis gjekk det fint med babyen på tv`en denne gongen, og med Emil`en vår. Og det er eg evig takknemleg for, for det er dei som må oppleve ei sorg etter ei slek redsle òg...
Og den behandlinga eg fekk frå helsestasjon, amk og kommunelege er eg heilt forskrekka over! Me burde tatt det vidare, for at andre ikkje skal oppleve det samme! Men me var så utmatta etter alt saman og me var så glade for at me hadde Emil med oss at det vart ikkje gjort noko med det... Har ein baby kramper så er det luftambulanse! Sånn er det!
Dett er no tre og eit halvt år sidan, men eg hugsar det som i går. Og takka vere personalet i Førde så gjekk det fint! Tusen takk!

mandag 26. mars 2012

Påske

Det nærmar seg påske no ja... Alle har eit forhold til påsken. På ulike måtar. Det er jo ei høgtid. Men det er liksom ein sånn "milepæl" òg... Det er alltid snakk om "før påske", "fram til påske", "etter påske".. Då skal alt skje liksom. Men kva med I påsken då? Kva skal me finne på då? MÅ me gå på ski i påsken? Alle snakkar jo om ski i påsken... Men eg for min del, har vore på Heggmyrane opp til fleire gonger i veka gjennom vinteren og er no klar for vår og sommar! Kanskje det blir ein tur på Sognefjellet for å vera sosial, men ikkje fordi eg absolutt vil gå på ski! Nei, eg vil heller ha ein tur til Fuglesteg td, UTAN ski, grille i sjøkanten i Feiga, styre i hagen, høyre ungar som leikar ute i gata, hoppe strikk med jentene... No har me hatt ein fin vinter og no er me klar for ein fin vår! :) I går sendte eg jentene, som hadde kvar si venninne på besøk, ut for å hoppe strikk. JA, ropte dei og sprang ut med strikken i mellom seg. Så gjekk det eit par minutt før dei kjem innatt i døra og ropar: Mamma!!! Kåleis hoppa me egentle strikk???!!!! Så gjekk det jo opp for meg at dei KAN jo ikkje hoppe strikk! Det var jo det viktigaste me dreiv med når eg gjekk på skulen. Eg hugsa mamma kjøpte sko til meg, og eg måtte prøvehoppe med dei før eg kunne bestemme meg om eg ville ha dei eller ikkje! Dei kunne ikkje vera for glatt såle på for då glippa jo strikken, og det kunne ikkje vera for masse mønster for då hengde strikken! nei, dei måtte vera akkurat passe! For det var jo alltid eit mål å vera best! :) Konkurranseinstinktet har alltid vore i meg...!!:) I alle fall så vart det hopping på både meg og jentene då! Og moro var det! Hey, kanskje det skal innførast på treningssenteret? Strikkhopping ein times tid! Glimrande trening! No er eg godt i gang med spinningtimane mine og eg diggar det! Det er SÅ moro!!! Får eit ekstra kick når eg ser korleis folk tek seg ut på timane mine! Sjølv kor stiv eg var i beina i dag, etter to turar i oppoverbakkar i går, så blir ein berre SÅ motivert!! Kom og bli med alle som vil!
Var det påsken eg egentleg snakka om, ja... Ellers i påsken har eg tenkt å ha masse kvalitetstid med familien, både dei her heime og dei andre me har rundt oss! Håpar på litt besøk i påsken. Likar å lage til litt mat, kaker og hygge!
Men no skal eg ned å ta meg ei banan! Eg kjem innom att for å ønske dykk god påske! :)

lørdag 24. mars 2012

Vååår!

I dag vakna me til blå himmel og sol! :) Det er jammen ikkje ofte me har opplevd det siste tida, så slike dagar får ein berre ekstra energi av og barn og unge vil UT!! :) Det er så fint om våren at me bur i eit byggefelt med mange born, slik at det alltid er nokon å leike med dersom ein ser ut glaset! Fyrste besøk i dag kom kvart på ti! Me hadde så vidt somla i oss laurdagsfrukosten og fått på oss kle, og der ringde det på! Veldig koseleg med leikebesøk! Fyrst inne og så ut i sola! Og når mor etterkvart fekk rydda på kjøken, sett på ei vaskemaskin og bladd gjennom Sogn Avis så kom ho ut i sola òg! Når våren er her, blir det eit yrande liv ute. Me ser plutseleg naboane att! Og sidan me ikkje har hatt så mange soldagar så vil "alle" ut og prate litt og rydde litt i hagar og tun. Det er ei fin tid no!
Me var så heldige at me var inviterte i lunjsbesøk i dag, så me kom til duk og dekka bord! Fantastisk! :) Jentene tok syklane medan Emil tok traktoren sin. Me har tatt av støttehjula, men han er ikkje så stødig så eg gadd ikkje springe attmed, så difor var trøtraktoren; der eg kunne dra han med "slepetau", eit godt alternativ.
Frode har jobba tre nattevakter så han sov. Og gjekk glipp av ein god lunsj...
Men han vakna til ein fotballkamp og me som kom heim, så det må vera optimalt å vakne til... Soga seier ingenting om resultatet i kampen. For medan kampen på tv`en pågjekk hadde eg og ungane fotballkamp ute, og me var på bui på laurdagshandel.
Det er så kjekt på ein liten stad; laurdagshandel der ein kan treffe kjensfolk og prate litt. Hugsar då eg budde i Bergen og eg aldri trefte ein sjel eg kjende... Nei, så kjedeleg... Trur eg er ein sosial person! :) Så me flytta heim og eg syns det er fint å ta ein tur på Prixen eller på Pyramiden.:)
Det var jo ikkje berre difor me flytta heim etter eit år i Bergen då... Hovudgrunnen var at eg ville ikkje at Anja skulle skarra på r`en...!! :) Men Bergen er ein kjempefin plass og ein god nr 2 etter Gaupne! ;) Hehe!! Der kjem jo våren endå tidlegare og det er jo heilt klart ei positiv greie! :)
Håpar på like fint vèr i morgon òg! SLik at me kan nyte dagen alle saman! Kanskje det blir ein tur til Feiga, grilling og ein tur opp til fossen for å sjå om Dagmar har herja så voldsomt at me ikkje kjem oss opp dit... Det må me finne ut av! :)
For plutseleg ER sommaren her!

søndag 18. mars 2012

Helge-oppsummering!

Denne helga starta med ein fjelltur og den vart avslutta med ein liten fjelltur. Er så digg no når snøen er vekk og det er lenger lyst om ettermiddagane/kveldane slik at ein kan gå seg ein tur når det passar! :) Fredag hadde me kvalitetstid medan ungane framleis var i barnehagen og på skulen; me hadde oss ein trimtur rundt Råane (ein fin høgdegard inni her) og nedatt Gåpnaberget. (Har merka det resten av helga at det er lenge sidan låra mine har jobba på den måten...), så reiste me på Lustrabui som serverar nysteikte rundstykkjer og store, gode bollar i alle variantar! Det kan absolutt anbefalast!!! :) Det er veldig sjeldan at me sit to åleine og et... Det blir først heilt stille rundt bordet vårt... Ingen me skal sei til at dei må sitte i ro? Ingen å sei til at dei må ete litt til...? Ingen andre enn oss to...?? Hehe, uvant, men fint! Og då får me jo faktisk til å kommunisera med andre som er på kafèen òg, utan å bli avbrotne! Me hadde 40 min på oss før me skulle heim slik at Anja ikkje kom heim til tomt hus, så me var effektive, men me koste oss! :) 
Så var det heim og lage til pizza, salat og dressing! Me fekk koseleg besøk frå onkel Espen og Anita! Ungane set pris på besøk og kosa seg med dei heile kvelden. Og sidan Espen var bortreist på dagen sin i februar så hadde me bursdagsdessert etter pizzaen: is, non stop og peanøtter! Fredagar er fine kveldar, og ekstra fine når me får besøk! :)
Laurdag var den store "bassardagen"!! Basar med TO s`ar! Det er skikkeleg bassar det!! Full gymsal med stolar, bord, ungar, vaksne, kaker, kaffi, brus... og gevinstar! Eit heilt enormt gevinstbord! Men det skal seiast at sjølv om me sat omtrent heile familien Kvalsøren rundt eitt bord med bordet fullt av årer så var det begredeleg med gevinstar på oss!! Me vann ingenting, men det var vel ei tante og ein onkel som vann noko, eit par søskenbarn som var heldige på barneboka og besten fekk seg ein kosedress!!:) Men, men... Trur ikkje eg er fødd med basar-genet som gjer at eg vinn! Har berre svake minner om at eg vann ei saftflaske frå Lerum i gamledagar... Og ein sånn bil-lakk stift frå Ani Bil... Forskjellen på Kaupanger og Luster er at i Luster heiter det bassar og på Kaupanger så var det marknad. Prinsippet er det same. Sosialt, engasjerande og koseleg!
I dag starta dagen med SOL, så me var ute eit par timar og kosa oss i hagen! :) Fann edderkoppar og fluger som gjekk i halvsvime... Såg på dei i lupe og hadde dei i ein liten boks! Middag på Kaupanger hos mamma og pappa; tusen takk! :) Me måtte ut og sjå korleis stova var blitt no når dei har pussa opp! Og det vart lyst og fint!
Så vart det ein liten runde oppi Gåpnaberget for å løyse oss dei anspente musklane i låra... Dei same som eg snakka om lenger oppe her... Å fyttirakkarn så ildt!!! Men dette var årets to første oppover-turar så det kan berre bli bedre etterkvart! :)
No er det planlegging av sosialkvelden som 4.klasse skal ha i morgon som står for tur. Tysdag startar eg oppatt fotballtrening for jentene mine. Det blir moro! Onsdag etter påske skal eg starte opp med Malene sitt lag òg! Moro!!!:) Så er det fotballstyre-møte ein dag denne veka òg, så før eg veit ordet av det så er det fredag og helg att!! Fotball er så utruleg engasjerande! Foreldre og ungar som møter opp og spring, sparkar og ler, dett og reiser seg oppatt! Er umogeleg å ikkje vere med på den karusellen når ein først er komen inn i det!
Og neste fredag er det påske!! Kjære vene kor fort tida flyg!!! Eg flyg med og eg nyt det!!! 

torsdag 15. mars 2012

Rundstykkjer til kvelds, og me gler oss til sommaren... :)

I kveld tok me kveldsen hos oldebesta på Røneid. For ei fantastisk dame ho er! Og for å få ei oppklaring i kven ho er, slik som me må forklare ungane, så er ho oldebesta deira, men besta til pappa. Og faktisk så er ho mamma til besta... Hæ?? Har besta ei mamma òg??  Ja, det har ho sjølvsagt! Men mamma, kven andre er ho mamma til då? Og besta til? Og oldebesta til? Og kvifor er pappa søskenbarn med dei, men ikkje du? Mamma, kven er dine søskenbarn? Hæ? "Kåfer da??!!" Så slik ramsar me no opp slekta og slektskap, og blir igrunn ikkje noko visare enn att me må ta heile leksa neste dag òg! :) Og "Kåfer da?" er den mest brukte setninga for tida!
Men me har altså ei oldebesta som er inne i sitt 90`ande år, som stiller opp og følgjer med på alt som skjer rundt ho og oss, og sport og nyheiter og, bossortering og trening òg... Ja, stort sett det meste! Og difor elskar ungane å vera på besøk til ho og ho trivst når me kjem! Her får dei rundstykkjer med syltetøy på sjølv om det ikkje er helg! Og det er alltid godt og varmt å kome inni kjøkenet og kammerset hennar. Åh, dei stundene tek me vare på!!
No gleda både ho og me oss til at snøen blir vekke og våren set inn for fullt!:)
Eg gledar meg til å gå turar i skog og fjell att! Det er ei eiga stemning med det! Mange brukar musikk på øyrene ute i skogen, men eg tykkjer det er så fantastisk å berre høyre elva som susar, fuglane som kvitrar, ein fugl som flaksar vekk eller berre at kroppen bankar og pustar! Ingen ventilasjonsanlegg ein treng å tenkje på, varmen inne i eit treningsstudio eller kortid timen startar eller sluttar. Den byrjar når den byrjar og sluttar når eg kjem innatt døra.
Sat og såg i boka me fekk til jul; På tur i Lustrafjell (eller noko i den dur). Ei nydeleg bok med mange fine bileter frå fjellområda her! Det er mange plassar eg kan tenkje meg å gå i sommar! Og så har me lyst å ligge i telt i sommar, med ungane! Håpar det blir så fint vèr at det går an å planlegge ein overnattingstur i det fri! "Tore DU å ligga i telt åleina, mamma???!!" Det fekk eg slengt i fleisen istad... Men nei, det tør eg faktisk ikkje... Pingla! Uff, ja... Åleina er eg litt pingla... I alle fall ute i det store "intet"...!! Var anleis i gamledagar då me låg i telt i hagen. Eg og søskena mine, og nokre naboar... Etterkvart som timane gjekk og det stilna utanfor fordi folk gjekk innatt til leggetid og trafikken minka, skjønte me alvoret av at me faktisk var ute om natta utan voksne... Så ein etter ein gjekk inn for å legge seg... Men DÅ vart eg liggande att i teltet! Så den gongen var eg modig! Eg var ikkje redd pinnsvin.... :)
Å ligge i telt ved Rallarvegen har eg gjort nokre gonger. Det er spesielt å bli vekt av eit TOG som susar forbi!! :) Men veldig fin tur og er absolutt å anbefala!
Feigedalen og Mørkridsdalen høyrer liksom til meg og Kringla i Luster høyrer til Frode, så det er nok der ein plass eg kjem til å finne ein teltplass til sommaren! :) ME, forresten; me kjem til å finne oss ein plass!!
Men no først, ventar me på våren! Han kjem nok snart! Han er velkomen!
Her er me på veg til Kringla i fjor sommar. Me står og ser på kyrne som er på sommarbeite! :)

mandag 12. mars 2012

Måndag

E so kjekt når vekao bjøna som ein rakett!! :) Ungane sov til klokka passerte 07 og kom krypande oppi senga til meg! Og sidan det er måndag og eg ikkje byrjar så tidleg så hadde me tid til å ligge og kose litt før me sto opp. Det er ein fin start på dagen, det! Kvar og ein av ungane har god tid til å finne kva dei skal ha på seg. Det er ikkje hjelp i kva eg legg fram til dei, for dei er ganske bevisste på kva dei vil gå i og kva dei IKKJE vil ha på seg... Alle tre er faktisk ganske like sånn... Utan at eg veit kvifor... "Mamma, du veit vel at rosa og raudt IKKJE passa isamen??!!" "Mamma, eg ekje kule med danna, eg må ha dan andre..." "Mamma, eg ha INGEN kle å gao i!!" What??? Då lyt mor til med litt alvorsprat; me er jammen heldige som HAR kle. Me har masse å velje i! Me har faktisk så masse kler at me ikkje klarar å bruke alt!!! Snakk om luksus! Særleg Malene som har arva masse og som får nytt i tillegg... Men i dag gjekk påkledningen fint òg. Alle fann noko brukande å ha på seg som kunne passa til dagens gjøremål. Alle unntatt meg sjølv... Trudde jo at eg hadde klart det, i og med at eg hadde hatt på meg den nye strømpebuksa til 300 kr, kjole og ein jakke... Men for ein dag!!! Dette er eit problem som ingen mann kan forstå, men for oss damer som må gå med ei strømpebukse som skliiiiir ned heile dagen blir det etterkvart uutholdeleg!! Går og dreg diskret opp den jævla strømp`issen heile tida!! Og for ein lettelse å koma heim og endeleg får tatt av seg det irritasjonsmomentet! Og når gubben hadde laga middag, vaska ventilatoren, kjølerommet og vaska ei maskin med kle så var det fullkoment!! :) Alt eg hadde å gjere etter eg hadde ete middagen og gubben reiste på treningskamp(Ja, no er visst sesongoppkøyringen i gang...), var å rydde oppatt og lese avisa. Så ville me ut! Eg og ungane tok kvar vår sykkel, ein ball og godt humør med oss på kunstgrasbana som endeleg er bar, for å spele litt fotball! :) Me sparkar og spring, framover, bakover, bak mål, inni mål, ler, dett og reiser oss oppatt! Emil skratlar og spring, Malene ler så hjerteleg når ho ser at ho meistrar og Anja ligg i latterkrampe på bana fordi småsøskene ikkje skjønnar ein einaste regel og ho ser at mor har masse å lære dei når dei startar med miniputt-trening!! Og eg ler eg òg! Så moro det er med fotball! Pokker at eg la opp!!! :) Men, men... No har trena Anja sitt lag sidan dei starta med miniputt, og eg har sagt eg har lyst å trene Malene sitt lag òg! Det er så kjekt og det gjer meg så mykje!!
Det gjer meg mykje på ein anna måte å få ein heil sal med spreke spinningdeltakarar til å gje alt dei kan, òg! Kjempekick!!!:) Eg styrer musikken, eg ropar, eg sveittar, eg prøver å vera motiverande, eg gjer alt! Og eg ser at dei òg gjer alt! Då klarar me endå litt til! Rett og slett moro!! :) Overalt eg høyrer musikk no, så tenkjer eg på om det er noko eg kan bruka i neste spinningprogram!
Så no sit eg ved pc`en og lastar ned musikk, oppdaterar meg på nyhender og skriv nokre ord her! I morgon er det ein ny dag! Og eg gledar meg til å sjå kva den bringer!:)
No skal eg innom kvart rom og gje alle tre gulla mine kvar sin suss på kjaken! Det lovde eg dei før eg reiste på trening, og besta skulle legge dei! (Tusen takk til besta som kunne steppe inn som barnevakt! Det er i grunn i mot mine prinsipp at eg skal bruke barnevakt for at eg skal trene... Så viktig er eg ikkje! Men akkurat i dag vart det slik sidan det plutseleg kom ein treningskamp med i bildet òg).
Ha ein fin kveld alle i hop! :)

torsdag 8. mars 2012

Sand og sånt...

Sand! Da e sand øvealt!!! Sand i gongen, sand pao vaskerommet, sand i stovao, sand pao skodn, sand pao vegen... Da e dar da kjemme i frao! Jammen e me gilde dei sanda te oss når da e glatt, men fysøren for noko jævla drit når all dan sanden bli draksa INN!! Eg støvsuge før me fere ut døradn slek at da e reint når me kjemme heim. Men før me e ut døri komne ha me jo gaott øve golvet i gongen adle mann, med sanden frao i jaor pao skodn, so dao lyte eg berra te atte når me e attekomne òg! Men før eg ha faott drege fram støvsugaren for andre gong, so ha jo ungane allerede gaott distansen vaskerom, gang, stova og, kanskje bad... So området so mao støvsugast bli jo berre større og større... Men eg HATA sand unde sokkane, so eg mao berra støvsuga da vekk med ein gong!! Da e da fina med vinteren, dao e da so reint! :) Jammen e da fint med vaoren òg, men danna sanden kunde eg klart meg forrutn... Angra pao at eg ikkje bygde inn sleke rist i golvet, so dei ha fjøsn, dao hadde berra dritn dåtte nedi dar... Men, men... Ha eg nok støvsugarposa so ska da gao fint! :)
I måro ha eg og Anja fri siao da e planleggingsdag pao skulen so dao faor me ta oss ein tørn i huset! Jammen e da helg atte, ekstra lange helg denna gongen! E so fort da gaor ei veka! Men da e vel eit godt tegn da, at me ikkje ha tid te å kjeda oss!!??
Laurdag starta eg dagen med ein morgonspinning, og so ska me pao Heggmyrane og sjao Anja køyra Heggmyri Rett Ned! I kveld e ho og onkel Helgi i trekket og terpa teknikk! :) Fint å ha ein onkel å sjao opp te når da gjelde ski! :)
Elles e da jo kvinnedagen i dag seiest da... Hakje merka noko te da eg, men ha lese om da! ;) So da e sikkert bra da!! Gratulera med dagen te alle dame i allefall!
Når helgi e øve e me omtrent midt i mars allerede! Da gaor mot endao lysare tider og mildare vèr so snart kan me te å gao tura oppøve i fjellsiedn inni her! Da bli fint! Sakna da itte mange treningstima inne pao eit treningssenter... No mao me ha litt frisk luft innimødlo òg! :) Men veldig kjekt å vera spinninginstruktør! Hadde debuten min for nokre veker sidan og det er veldig moro!! No kjem faktisk treningslæra, aktivitetslæra og leiing og instruksjon til sin nytte! :) Kjekt å hjelpa andre til å yta da dei klara i ei treningsøkt!
Men i kveld e da torsdag og eg ofra ikkje treningen ein tanke. No ska eg ned å finna meg ei appelsina (so e kjempegoe for tidn forrestn!!) og sjao pao tv! Ungane e lagde og da e stilt i huset!
I måro e da ein ny dag og eg e klar te da kjemme tre par brune barneauge snikande inn pao rommet vaort!:)

fredag 2. mars 2012

Våren kjem!!! :)

Fredag, tidleg fri, sol som varmar og heldigvis fullt på 3dmøllene på treningssenteret! Den kombinasjonen gjorde at eg fekk min første joggetur utandørs i dag! I kortbukse og tynn treningsjakke!! Fantastisk!! :) Fuglekvitter, snø som smelta i vegkanten, is som rasar oppi fjellsidene og mange blide fjes ute i sola! For ei nydeleg tid, og for ein nydeleg natur me har!:) Såg opptak av "Til toppen av Norge" i dag... Der var ei gruppe menneske på tur i Lustrafjorden. Nærbilde av Feigefossen og oppover til Hanafossen! Eg bestemte meg meir bestemt enn nokon gong før at i sommar SKAL eg gå oppforbi Hanafossen og opp i Feigedalen! Tenk å ha vore i Feiga kvart einaste år mange, mange gonger, men aldri har vore lenger enn rundt fossen og nedatt på Bergeheim... No har eg publisert det òg, så no må eg verkeleg!! (Håpar på betre ver enn i fjor sommar då... Og håpar eg får nokon med meg..) Har så mange fjellområder eg kunne tenkt meg å besøkt eller vore der igjen, men tida strekk ikkje til... Og det må vera slik at ungane kan vera med på nokon av dei i allefall! Malene har lyst å gå heilt opp på Molden i år, så det skal me få til i allefall! Ho gjekk nesten på toppen i fjor, men då vart det vind og regn så me snudde ned att i den vissheit om at me veit at ho klarar å gå så langt. Me utsatte turen til utpå hausten, men då brekte ho beinet og måtte gå med gips og krykker i fleire veker. Kanskje Emil klarar å gå òg i år..? Men det som er vesentleg med ein treåring er VILJEN!!! For det me VIL det klarar me, og det me ikkje VIL det vil me ikkje prøve ein gong!! Fy søren for ein tolmodigheitsprøve! Men han har enno ikkje vunne over meg! Eg HATAR å tape, så eg tapar berre ikkje... Faktisk så trur eg han er i ferd med å utvikle eit like stort konkurranseinstinkt som mora... Så når me veks til, begge to, så kan det bli mange gonger me må trekke pusten djupt og telje til tre!!! (Og evnt snakke med ein vaksen som dei anbefalar i barnehagen...)
Dette, saman med alt det andre denne oppfinnsomme guten min finn på, gjer han jo til verdens beste så eg er jo berre heldig!!!! :) Her kosar me oss i vinterferien!
No når våren er på veg (veit det er meldt snø og kaldt neste veke, men det vèl eg å ikkje tenkje på no) så har Malene plutseleg vorte veldig interessert i å skrive og lage ord! Ho og Anja leikar skule og Anja er flink å lære Malene! Tenk at eg plutseleg har TO skulejenter til hausten... Dei skreiv hus, pus, is, snø, besta osv... Så seier Malene: Mamma; ska eg skriva LØKTESTOLPE???? Hahaha!! Men, jammen klarde ho å stava seg fram til alle bokstavane sjølv!! Stolt mamma!! :)
No er det fin fredag, så no skal eg finne fram sjokoladen og pepsi max!! Good helg!!! :)