søndag 26. februar 2012

Oppsummering av vinterferien..

Då var min fyrste vinterferie som lærar over... Det blir kanskje den einaste òg...Kven veit kor lenge eg er lærar.. Ikkje eg i allefall. Fint med litt spenning i kvardagen! :) Eg veit ikkje kor lenge eg skal vera lærarvikar på skulen her, men det tek eg som det kjem! Det gjeld å leva i nuet og nyta det! Så i og med at eg er lærar no, så fekk eg med meg ein vinterferie på kjøpet! Heilt supert i grunn. Så det har me nytta oss av! Ungane har fått ferie frå barnehagen og me har hatt vinterferie-gjest på besøk frå søndag te fredagskveld! Og det er så kjekt å gjera noko anna enn kvardagen. Så sjølv om vèret ikkje har vore så veldig bra så har me no kosa oss likevel! Me har støtta opp om Vesterland, me har støtta eit par kafèar, det lokale biblioteket har fått besøk av oss(bibliotek er ein utruleg fin plass og bruke tid på! Det kan absolutt anbefalast! Me teiknar, finner bøker, les bøker, pratar og blir nysgjerrige) og me har vore i besøk og me har fått besøk! Ein dag var det strålande sol og då hadde me med oss rompebrett, vedastikker og pinnebrød-deig og gjekk på tur i skogen. Så når eg summerar opp så har me gjort ein del forskjellig! :)
I dag vart vinterferien avslutta med kos på fjellet; ski, kjelke, bål, pølser, pinnebrød, fire vaksne og fire ungar! Kjempemoro! Det er sånt som ein burde gjera så ofte ein kan! :)
Sola skein i dag og det smelta i vegen. Det er godt å konstatera at våren er i anmarsj! :) Det er masse snø som skal smelte i år så det er på tide at det skjer noko snart. I følgje yr så skal det bli mykje regn i komande veke... Det er ikkje SÅ kjekt! Det er mykje kjekkare å sjå at sola skin og snøen smeltar slik.. Men det er som bestefar min seier, når det gjeld vèret: "Da ekje hjelpi å verken banna elle be i datta selskapet!" Og det har han jo veldig rett i... :)
No har me fått lada batteria til ein ny periode, så i morgon er det skule, barnehage og jobb att på alle mann! :)


onsdag 22. februar 2012

Kroppen vår

Kroppen vår om vinteren... Kva kan seiast om den...? Jau, eg gjorde meg no opp nokre tankar i dag då eg sat hjå frisøren. Er så godt at noko på kroppen blir ivareteke tenkte eg. Vinteren handlar nesten meir om overleving enn pleie, for min del i allefall.. Og når eg ser meg rundt så ser eg fleire som har sprukken hud på hendene; såre og raude. Ein smørjer seg og vaskar seg, i helsevesenet så spritar ein seg litt òg, og det er av og på med hanskar/vottar... Rundt leggene kan ein sjå strekar... Det handlar om overleving her òg. Det er ikkje godt å gå å fryse på beina så difor har me utstyrt oss med gode, varme, lange ullsokkar! Fantastisk gode, men kanskje ikkje så "hotte"? Prøvde kjole i eit prøverom her ein dag... Av med buksa og genser, og på med kjolen... Ullsokkar på! Fantastisk! Inntrykket i spegelen var i grunn det samme etter eg tok av sokkane òg, for ringen rundt leggene var jo der...
Så håret då... Panneband, hue, hette... Veldig gode oppfinningar! Særleg sidan me veit at det største varmetapet på kroppen skjer nettopp på hovudet. Men dette med å ivareta kroppen, i dette tilfellet; frisyren... Det er jo eit hærk med kuldegrader og/eller regn!!! Russenavnet mitt som oransjeruss var "Sikringen"... Like kledeleg den dag i dag... Heldigvis fekk eg litt pleie av frisøren min i dag, og ein kviknar til med ein gong! :)
Så var det dette ordet "trimming" då... Ein kan vel sei det slik at om vinteren så er det ikkje alt som blir "trimma" sjølv om ein reiser på ein spinningtime.... Nei, vår og sommar kom med litt varmegrader og sol snart... Kroppen treng litt lufting og pleie, velvære og lys!
Mogeleg dette er noko berre eg har gjort meg opp tankar om...? Visst er vinteren ei fin tid og me menneska er tilpassa alle årstider. Og det er vel difor me skal ha eit "ekstra lag med pels" på kroppen om vinteren? Nettopp for å overleva?
Ankelsokkar, singlettar, gillette breeze; me snakkast før de anar!!! :)

lørdag 18. februar 2012

Det er ikkje alltid ting er som dei først ser ut som...

Det er ikkje alltid ting er som dei først ser ut som... Difor kan det i mange høve vera lurt å sjekka minst ein gong til! Det kan vera situasjonar mellom to partar, det kan vera nyheiter, det kan vera ansiktsuttrykk og det kan vera kjøkkeninnredningen du trudde var rein... Eg hadde ei slik oppleving i dag! Eg trudde at kjøkenet var ganske reint og fint. Ville berre ta ein liten vask på handtaka, men så såg eg litt nærmare på overflata rundt handtaka på dører og skuffer! Det var då tanken slo meg; ting er ikkje alltid slik ein trur! For fyttirakkaren... Eg  hadde sikkert fått registrert ein heil bande dersom alle fingeravtrykka vart registrert i ein database!! Heldigvis for eventuelle etterforskarar har ikkje dei mistenkte tørka seg på hendene før dei fann seg fram... Det var lett og sjå smør, prim og skinkeostrestar. Ikkje så mykje på kvar plass, men det var definitivt registrert på vaskefilla etterkvart! Så eg skjønar at eg bør sjå minst ein gong ekstra overalt... Men eg passar på at eg ikkje ser etter to gonger alle plassar, kvar dag! Nokon gonger er det heilt greitt at ting er slik førsteinntrykket viser... :) Det kjem i grunn an på! :) Framleis god helg! :)

onsdag 15. februar 2012

Onsdagsfri! :)

Jammen er eg heldig som har anledning til å vera heime med ungane ein dag i veka! Det er så godt å sleppe å stresse oss ut dørane kvar dag. Anja skal på skulen, men får likevel ein roleg start på dagen. For Malene og Emil får kose seg med barnetv dei dagane dei ikkje skal i barnehagen, så me "store" jentene kosar oss med frukost før dei andre. Er ikkje alltid så lett å gje eldstemann fullt fokus heile tida, men onsdagsmorgonane er ei av dei tidene som ho "eig"! :) Koseleg stund med stearinlys på bordet og god tid. Etterpå tek eg ein frukost til eg!(Er i allefall frukost-selskapsdame) Med hine to. I dag ringde telefonen medan me åt og det var Mats og Lilja som ville koma på besøk til oss! Så det var stas! Me gjekk tur, leika i snøen, gjekk på ski og åt lunsj etterpå. Og sjølvsagt leiketid!:)
På ettermiddag var jentene i trekket medan eg og Emil laga middag; Kaptein Sabeltann-fisk! Eller Torsk som det står på pakken. Men når me kallar den Kaptein Sabeltann fisk så blir den mykje bedre og alle et! :) Innimellom har me prinsessefisk òg. Den òg er ekstra god! Særleg fordi både gutar og jenter likar rosa her i familen, av den yngre garde.. Det fins ein liten Emil gut som helst ville hatt rosa prinsessetruser når han skulle på trusehandel første gong... Ein lærer i den skulen ein går... :) Han fekk ikkje rosa prinsessetruser!!!! Han fekk "Biler".
No på slutten av denne herlege onsdagen, så er det tid for å pakke saker til morgondagen og eg gledar meg til å nyte ein herleg dag på jobb! Snart er det vinterferie og då skal eg og ungane kose oss heime! Det gledar me oss til!:)
Til slutt må eg no berre sei at det er ikkje alle som har anledning til å ha fri ein dag i veka, men eg reknar med at dei kosar seg minst like mykje med sine; berre meir komprimert! :) Ein må finne ut kva som passar best for seg og sine!

søndag 12. februar 2012

Eg trengde eit sommarbilete i kveld... Klokka var vel omtrent det same på dette biletet som det den er no i kveld... Sjø, båt, to jenter på brygga, stille og fredeleg... Sola har gått ned i Feiga...
Eg er i full gang med å planlegge slektstreff i Feiga til sommaren! Det skal bli fantastisk moro! Eg kjenner det ekstra no når eg ser på fine sommarbileter! Me håpar å få samle mange etterkomarar på farfar si side. I kveld har me jo sett på eit flott program på NRK1; Fjellfolk! Kven får vel ikkje lyst til å ta sommarferien innerst i Lustrafjorden etter å ha sett det? :)
Men sommaren er lenge til... Og me skal gjera mykje moro før det!
No er det jo desse berømte karnevalstider... Er det nokon som markerar karneval lenger? Veldig få barnehagar eg veit om markerar det. Og ikkje alle klassane rundt om på skular heller? Eg har aldri likt karneval. Men har respekt for dei som likar det. Eg har i alle fall ikkje liggande utkledningskle eller gamle kle som ein kan nytte (som det står i alle skriv, for å unngå kjøpepress). Har mange andre det? Og eg nektar å kjøpe dyre utkledningskle som blir brukte EIN gong! Nei, takke meg til pysjamasfest! Eller temafestar... Me kan legge til rette for at borna skal ha det moro på mange ulike måtar. Og eit karnevalskostyme MÅ eg klare å hoste opp.... Tips mottas med takk! :)
Eg føreslo ho kunne kle seg ut som meg... Men det var visst ikkje aktuelt... Why??? ;)
No er me klare for ei ny veke! Skal berre ligge på lading først! :)


fredag 10. februar 2012

Helg! :)

Det som er så fint med helg er at ein set ekstra pris på den når ein har ein travel kvardag! Plutseleg kjem desse fredagane! Og det er eit godt teikn at tida går fort. Då har ein ikkje mykje tid til å kjede seg! Husvasken tok mannen i går, medan eg og ungane spelte Elias lotto! Ein kan kanskje lure på kor grundig han vaska dersom han vart ferdig etter me hadde spela lotto. Men det er det som er så fasinerande med born; repetisjonar er ein god ting! Helst maaaange repetisjonar! Så når me hadde spela lotto mange gonger, så var husvasken unnagjort!  Og då er det så godt å kome heim fredag, etter  ein "opplev- skidag, skisko, skistavar, sjokoladar, kakao, pølser på termos, rompebrett, snø i sko og snø i nakke dag", og vite at ein slepp å finne fram støvsugar og vaskebøtte! Til og med salaten kutta eg opp i går slik at den var klar til i dag! Fredagar er ein fin dag! Og når eg då fekk debutere som spinninginstruktør, med kjekke tilbakemeldingar, så er fredagen komplett! :) No er det sjokkis som ligg i skåla og ventar! Og den som ventar på noko godt, ventar som kjent, ikkje forgjeves!
I morgon er det lunsjbesøk og bursdagsfeiring som står for tur! Og søndag blir det morsdagskos med ungane! Så er det starten på ei ny veke att, og eg gledar meg! :)
Hei og hopp rosenknopp! God helg!! :)

tirsdag 7. februar 2012

Lysare tider...:-)

No er me jammen godt i gang med februar òg!! Eg tykkjer ikkje det er lange sidan jul eg... I dagtidleg då eg gjekk til jobb var det så lyst og fint... I går ettermiddag var det lyst då eg gjekk heim frå jobb. Med MASSE snø og det faktum at det blir lenger lyst om dagane så kjenner eg at energien fløymer til meg!!!:-) Det er ei fin tid no! Og me må nyte den for plutseleg er snøen vekk og våren er komen! Eg ser fram til våren og mindre kle, men akkurat no nyt eg vinteren. Skulle eg gløyme kor fint me har det så er eg så heldig som har fine born heime og eg er med born i jobben min så både heime og på jobb ser eg born som smiler og kosar seg i snøen. Kven kan vel ikkje smile tilbake då?? Eg trur det er viktig å bruke vinteren akkurat slik me ynskjer. Og det er ulike behov frå person til person. Nokon likar å gå seg ein tur etter veg, nokon vil i løyper på ski, nokon vil på høgste toppen for å nyte pudderføra nedatt, nokon vil bygge i snøen.... Nokon vil sitte inne og sjå ut på snøen... Ein må gjere det som gjer at ein sjølv får ei fin oppleving med vinteren, og kan nyte det!:-) Me er klare til skikarusell i kveld og gledar oss til det!:-)

lørdag 4. februar 2012

Idrett er ein fin "ting"! :) (Når det passar seg...)

Etter å ha sete store delar av dagen i ein idrettshall full av entusiastiske fotballspelarar og fotballinteresserte, så har eg gjort meg opp litt tankar kring temaet fotball... Fotball er ein fantastisk lagidrett!! Nesten så eg angra på at eg la opp så tidleg.. Er så utruleg mykje liv og røre, engasjement, glede, nedturar, spenning.... Det krevs eit heilt lite "fotballsamfunn" av ivrige foreldre som stiller opp for å få til ein turnering! Alle ynskjer at dei unge, lovande skal få ein fin dag! Og det viktigaste skal jo liksom vera å delta... Ikkje å vinna... Men eg trur kanskje at den er litt gammal. Alle VIL vel vinne??!! Eg kunne aldri tenkt meg å spele ein kamp berre "fordi" liksom... Å nei, det er full gass frå start til mål og det viktigaste ER å vinne!! Og kan vera så lite som skil vinnar frå tapar. Følelsen av å score mål og føle at ein lukkast i den eine augneblinken er som himmelen, og når ein får mål i mot er det interessant å sjå kor forskjellig laga reagerar på det... Nokre får verkeleg "blod på tann" og yter endå eit hakk, medan nokon går ned eit gir og gir litt opp... Kan det vera forskjellen på dei som blir heilt på topp og dei som blir midt på treet...? Kanskje det er slik for oss utanom fotballbana òg? At det er der nøkkelen til suksess ligg? Eg hugsar vetle Emil`en min låg i fanget mitt på sjukehuset, med virus på hjernen, tilkobla alle slags apparat og Norge vann OL-gull i handball... Eg kunne ikkje forstå kva dei kunne juble for?? Kor viktig er eit OL-gull i den store samanhengen tenkte eg?? Då skjedde det noko med meg. Idretten vart langt nede på lista mi... Men no, når eg opplever stemninga rundt eit idrettsarrangement så kjenner eg at konkurranseinstinktet og engasjementet stig!! Eg tykkjer det er fantastisk moro å sjå så mange kjekke unge som driv med lagidrett og jobbar som team! Foreldre og frivillige som stiller opp og ER DER for borna!! Er meg ei glede å drive med dugnadsarbeid! :) Eg er klar for morgondagen eg! :)

onsdag 1. februar 2012

Ein bra dag! :)

Det som er så bra med at ein har ein dårleg skidag ein dag, er at då kan det berre gå bedre neste gong!! :) Og sidan me har det fantastiske skianlegget som eg nemnte på i går, så fann me ut at sol, ski, blide ungar og skiløyper var ein bra kombinasjon! Så etter lunsj i dag hadde eg og Emil ein finfin tur på Heggmyrane! Me hadde masse tid til å filosofera over ting... Kvifor sola skin ein plass, men ikkje alle plassar... Kvifor skyene såg ut som ein veg... Når me ser opp i lufta, så dett me sjølvsagt, men det gjer ingenting når me berre reiser oss opp og går vidare! Og der såg me harespor... Me lurte ei stund på om me skulle følgje etter og sjå kvar han hadde gøymt seg, men me fann ut at det luraste var nok å la han gå i fred... Ellers hadde me sikkert vore der enno... For TING TAR TID med ein TREÅRING!!! Snakk om -åringar... Jammen har eg seks-åring dette året òg... Så me var på helsestasjon på SKULEKONTROLL i dag! Veeeldig spennande for ho. Og for mor innebar dette spørsmål og formaningar om: Hugs berre godteri på laurdagar, hugs at frukost er motoren din så det må du ha, hugs at 6-åringar skal vera pinglete så dersom du har ein seksåring som er litt over gjennomsnittet så må du sørge for at ho/han skal vera pinglete! Ut og tren og ikkje et meir enn høgst nødvendig... Ikkje akkurat det ho sa, kanskje, men den følelsen ein sit att med.... No er ikkje eg bekymra på noverande tidspunkt for mi skulejente, men når fagfolk sit og seier slikt over hovudet på born så er det ikkje rart at kroppshysteriet tek av... litt for tidleg... Sunt kosthald og fysisk aktivitet til kvardags, så kan ein jammen kose seg MED sjokolade eller brus i helga og til fest! :) Meinar eg... :) Og det er vel det ein bør frå fram på helsestasjon òg?
Eg gledar meg allerede til ein liten sjokoladebit på fredag òg, eg! :) Håpar alle har hatt ein like fin dag som meg! Eg er rett og slett priviligert som kan ha fri ein dag i veka; starte dagen med ei treningsøkt og kose meg med familien resten av dagen!:)