torsdag 3. juli 2014

Fuglesteg

Obligatorisk tur i eigen kommune.

Fuglesteg. Sjølvsagt.
Ungane gler seg med ein gong me nemner at det er dagens plan. Fine turar handlar om innhald, lengde, vêr og motivasjon blandt ungane.
Me hadde 5 motiverte ungar i dag. (Me har ein feriegjest på 9 år med oss i tillegg til våre eigne), overskya vèr, passeleg lang tur som går både på sti og traktorveg, noko som gjer at det er variasjon og som gjer at me heile tida har noko å sjå fram til. Me hadde med oss Lisbeth og Stian og gutane òg. Det er alltid så kjekt å gå fleire ilag. Så tusen takk for turen! :) Me gjekk oppover og heldigvis såg me dyr oppi der. Det er ikkje ofte at ungane treff dyr! Ein tenkjer liksom at me som bur på "landet" omgås dyr som sauer, hestar og kyr heile tida, men me ser dei på marka og i bøker. Slik som ungane i byane. Og kva skjer når ungane møter dyra ute? Sjølvsagt reagerar ungane ulikt, men mange blir redde og usikre på desse skapningane. Sauene går no ute i grasmarka og tygg og tygg og tygg… Og ser dumt på oss. Ingen dyr som er såå utruleg søte når dei er små, men berre veks seg styggare og styggare… Men sauer er ålreite dyr det. Me treng absolutt ulla og maten frå dei. Og me treng vite kva sauer er.
Kyr var det òg oppi vegen. Det er STORE dyr. Eg er van med kyr frå den gongen eg var lita og var "budeie" i Feiga og hjepte til i fjøsen og henta kyrne innatt om kveldane til mjelking. (Når eg tenkjer tilbake på det får eg lyst å starte oppatt garden i Feiga… Men når eg sit med macen på fanget og ventar på at Anja skal kome heim frå fotballtrening og dei andre ungane leikar med naboar i hagen, så veit eg at eg er for sosial til å sitje på ein gard bortpå sørsida av Lustrafjorden…) Men eg skulle så gjerne ynskje at mine ungar fekk oppleve nærleiken til dyra slik som eg gjorde. Vera med på lamming og fjøsstell slik som eg var med besteforeldra mine i Mørkridsdalen… I dag sa eg til ungane "De kan no ein sang om Kua mi de?" "Ja, den sang vi i barnehagen før jeg visste at kuer fins på årntli…" Hehe! :) Slik som Anja sa då me fiska på Kringla og sløygde fisken; "Eg lika best fisk frao bui eg, mamma…!" Men når eg klappa kyrne så ville nokon av ungane prøve å klappe òg. Så akkurat med kyr kan eg vera eit førebilde. Med hundar er det verre. Då skulle eg ønskje eg gjekk med pepperspray for å føle meg trygg. Eg HATAR hundar, og eg blir så kokforbanna over alle som går med hunden laus og seier "Hunden MIN er IKKJE farleg"! Viss eg er redd så merkar hunden det, og hunden har overtaket med ein gong. Heldigvis møtte me ikkje hundar i dag. Berre kyr og sauer. Ikkje var det mange folk som gjekk oppi der heller.
Me gjekk opp og åt nista vår. Og det som er så fint med Fuglesteg er at der sit det nokon å steiker hellekaker til dei som vil kjøpe. Og me ville kjøpe. Me slappa av litt inne før me gjekk nedatt. Leni kosa seg i bæremeis, medan dei andre gjekk så fint heile tida.
Me kom nedatt og ville kjøpe oss mat istadenfor å lage til. Vassbakken neste. Nehei, dei serverte ikkje middag. Ikkje før kl 16 i allefall, vart me fortalt. Og då var klokka 15…  HÆ? Serverar de ikkje middag på ein kafè?? Vidare til Eide Gard. Der hadde me ikkje vore før, men ville sjekke det ut. Nope, ingen middagservering før 16 der heller. Og ikkje til så mange som me var i allefall… Skjolden Brygge då? Ingen middag der i dag. Det var rettnok to cruisebåtar på SKjolden i dag, men kjære vene! Skal det gå utover vanlege, tilhøyrande eller tilreisande folk???? Så når me var i Fortun burde me egentleg køyrt til LOM for å kjøpe oss middag?????? Dette håpar eg at turistar som kjem andre plassar frå slepp å oppleve, for dette var flautt!! Me måtte reise heim for å lage oss middag…
Men turen til Fuglesteg var flott. Me fekk oss ein god lunsj med fantastisk utsikt og godt selskap. Me kjem nok snart tilbake.

søndag 29. juni 2014

Det enklaste er ofte det beste, og det nærmaste… :) Tur til Lom! :)

Dagstur til den andre sida av fjellet…

Det er noko spesielt med Sognefjellet og turen over til den andre sida. Eg har oppdaga at det er mange lustringar som brukar å ta seg ein dagstur over for å kjøpe seg anten middag, softis eller diverse sportsutstyr. Eller alle desse tinga. Lom er destinasjonene. Eg er nok ikkje så ivrig som min andre halvdel. Han kunne gjerne satt seg i bilen den dagen fjellet opna etter vinterstenginga han, men eg MÅ ha ein stopp for å trekke frisk luft ellers er eg ganske så tam når me kjem fram. Det er berre den verste fjellovergangen eg veit! Så difor tek me turen såpass utpå våren/sommaren at det går an å gå ut av bilen utan å ha vinterkle på seg.
Me starta altså med friskt mot torsdag kl 09.30. Då skulle Leni ha fyrste luren sin og det passa fint at ho sov eit stykke på veg. 
Eg bestemte meg for å leike turist denne dagen, og eg er ikkje overraska over at turistane blir bergtekne av denne flotte fjorden og dette flotte landet.  Sidan eg har jobba mange somrar på Skjolden, på Fjordstova, i min fyrste ungdom ( :) ) og eg alltid har feriert på staden så har eg ekstra sterke kjensler for denne fine plassen. Det er faktisk den finaste plassen eg veit om.
Bilda mine ber preg av at dei er tekne i fart, så autovernet viser berre at me er på veg, i dette flotte vèret! Me ser Molden i det fjerne og Emil er så stolt over at der har han vore!

Vassbakken kro og camping. Kva kan ein sei om denne plassen. Heilt sida eg var lita jente har me vore innom her anten på veg til eller frå ferie, særleg i påsken, eller i sommarferiar. Milkshake på Vassbakken etter lange dagar på Fjordstova er eit minne som sit der. Men det er jo "humpen" ved Vassbakken som gjer at ungane veit kvar Vassbakken er. Det kitlar i magen. Og for at min mage skal vera i godlune heile vegen til Lom får gubben streng beskjed om at me aldelse ikkje skal ta fart for å få ekstra sug i magen!!!

Etter å ha køyrt forbi kyrkja i Fortun, med dei minna den bringer fram så startar oppstiginga og svinginga. Ungane får beskjed om at no må mamma konsentrere seg om vegen og at dei verkeleg ikkje må mase eller spørje om noko. Det går oppover og oppover. Me smett forbi eit par bubilar som tykkjer denne vegen hadde vore passe til einvegskøyring. Mest truleg ønskjer dei at motgåande trafikk hadde vore på eit anna fjell… Dei køyrer i allefall MIDT i vegen og har vanskeleg for å tru at nokon vil køyre fortare enn dei…! No er Leni vaken og me må ha oss ein "pit-stop". Den er tradisjonen tru lagt til den firkanta steinen. Det er 6 grader på fjellet så det blir ein rask luftings. Og me tek sjåførbyte. For at kroppen og augene skal vera enige så må eg køyre sjølv. Det går greitt. Men over humpane midt oppå fjellet så gyngar det i magen… :/

Er me turistar, spør Emil om. Og ja, me er jo det denne dagen. Eg knipsar i allefall bilder og føler meg litt som ein turist. For ein flott natur me har. Eigentleg bør me ta denne turen oftare, og eg for min del får veldig lyst til å ta fotturar her inne på Sognefjellet. Det må bli eit mål at eg skal få til,

Turtagrø er opna for dagen, og mange turistar har allereie kome i fjellkleda.

Det er den store Sportsbutikken nedom vegen i Lom som er målet vårt for denne turen. Her har me alltid ein stopp, og finn som regel mange gode tilbud og mange fine kle. I år vart det skibukse til meg, softshell-jakkar til kidsa og fjellbukse til mannen. Men det var det som var ute som var det kjekkaste i dag! Det var laga til ein aktivitetspark for sommaren, med minigolf og trampoline-i-strikk-hopping i tillegg til den klatreveggen som alltid står der. Og det var populært!


Emil digga trampolinehoppinga! Så me hadde fyrst ein runde på den før me reiste å kjøpte oss middag og is. Me traska og såg litt i butikkar, før me måtte gå bortatt for å ta ein siste runde på trampolina! Emil lo så ein kunne høyre han langt opp i Flåklypa vil eg tru… :) Ingenting er så smittande som barnelatter, så me lo alle saman til slutt!

Me var veldig heldige med vèret denne dagen. Det var sol og fint. Det gjer at ein ser lysare på ting rundt seg, og eg blir i allefall veldig glad for at eg bur i det landet eg bur, og at eg kan køyre over eit fjell for å få feriefølelese. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, eller at ein må reise så langt. På heimveg køyrde faktisk Frode heile vegen, og det gjekk fint. Så kanskje øvelse gjør mester? :) Og klisjeen til slutt: Alle var enige om at dei hadde hatt ein fin dag! :)

Og når me no spør ungane om kva dei har lyst til i sommar? Dei vil til Lom for å hoppe på trampoline! :)

tirsdag 22. april 2014

HEI!

Sol og vår!
No er det ein evigheit sidan sist eg blogga… Eg burde berre lagt ned heile bloggen… Men eg tykkjer det er så veldig kjekt å skrive ned tankar og ting og tang innimellom. Så eg har alltid ein idè om at det skal eg få til. Men bloggen er ikkje så veldig høgt oppe på prioriteringslista mi lenger. Tenkjer at eg kan jo skrive når ungane har lagt seg og husfreden har senka seg. Men då les eg norsk. Og heng opp kle. Og ryddar leiker. Og slappar av på sofaen. Likar ikkje å bruke av ungane si tid til husarbeid. Samstundes så vil eg jo at dei må lære seg at husarbeid gjer seg ikkje sjølv. Faktisk får ungane bli med å brette kle av og til. Dei tykkjer jo det er kjempekjekt! Emil tenar seg jo peng til trommesett så han er  i allefall ivrig på å hjelpe til! Forrige laurdag, når eg og Leni kom inn på kjøken hadde han dekka bordet, skore skiver og funne pålegg. Heilt åleine, stolt som ein hane og berre i boxeren! :)
Kvifor har eg tid til å blogge no då? Jau, eg sit ute og nyyyt sola!!! Leni søv i vogna si, Frode søv fordi han har vore på nattevakt (greitt å spesifisere det kanskje), Emil og Malene har fått lov å setje på ein film. Filmdag her i huset er eigentleg fredag, men sidan Malene er sjuk så er det litt spesielt i dag. Og ekstra stas sjølvsagt! :)
BURDE ha skreve den 14. norsk-oppgåva mi dette skuleåret, men då måtte eg hatt bøker her òg, og eg har ikkje bord, så difor må den gjerast i kveld istaden. Inne ved spisebordet. Eg skal ver SÅ glad når eg har levert norsk-mappa mi 30.mai! Då har eg levert 15 norskoppgåver og forhåpentlegvis får eg endå fleire studiepoeng, som gjer at Luster kommune vil ha min kompetanse på ein skule i området.

Livet som firebarns mamma er berre heilt fantastisk!! Det er veldig travelt, men det er så givande, så spennande, så moro, så energisk og så takknemleg!! Me kosar oss saman kvar einaste dag. Kvar dag er det fire par auger som seg for søskena sine, oss og for ein ny dag. Kvar dag får eg fire gode klemmar som start på dagen. Fire heilt forskjellige ungar som lurer på forskjellige ting…Og sjølv om guten i søskenflokken er i den alderen at han lurer på spesielt mange ting, så har det sin sjarm at han spør om absolutt ALT! Og han har skjønt at det er ikkje alt han får svar på… :) Sjølv om det kan ligge kle, leiker, solbriller, solkremar, hårstrikkar, blyantar, brødsmular, papirklypp osv på golvet og alle berre går elegant over, og mor i huset blir såå irritert, så går det over. I den store samanhengen så betyr det ingenting. Eller.. Det betyr at det er liv og røre i huset. Slik vil me ha det! :)

Nei, no skal eg ta å rydde ut av oppvaskmaskina…

Ha ein god dag i sola! :)

Anne Merethe