søndag 29. desember 2013

Fair Play Romjuls-grendacup

Fair Play Grendacup i Romjula.

Då var det endeleg duka for Fair Play romjuls-grendacup i Gaupne idrettshall! Me arrangerte det for fyrste gong i fjor, i romjula. Og med gode tilbakemeldingar då, og godt oppmøte var det viktig for meg å prøve å få det til i år òg. Så tidleg i haust sendte eg mld til fotballstyret om at "No er det på tide å setje ein dato for cupen!" (Sidan eg ikkje er i fotballstyret lenger…). Eg vart utnemd som "general" i år òg, og det tok eg som ei tillitserklæring og takka sjølvsagt ja til! Kva er vel meir moro enn å få samle ein heil gjeng med fotballspelarar og lage cup??? Frank og Geir Inge har vore med meg i arbeisgruppa, så me har fått samla saman dugnadsfolk og teke avgjerdsler. Supert! Det er SÅ kjekt å drive med slikt når folk er så entusiastiske, vil vera med på moroa og engasjerar seg! :) Tusen takk alle saman!
Før klokka var 09 i dagtidleg var pokalane på plass, turneringsreglementet hengt opp, ballar og nyvaska vestar klare til bruk, sekreteriatet oppsatt (Takk til John Oddvar for kontrollen i sekreteriatet i dag!) og Hildegunn var komen i kiosken. Hildegunn har hatt full kontroll på kiosken, saman med Anja og Agnete! Det er me veeeldig glade for, og sidan det var så utruleg mykje folk på tribuna så fekk me seldt for mange tusen kroner!! Tusen takk for innsatsen av kioskpersonalet òg! :) Og me må takke alle som støttar opp kiosken ved å kjøpe seg diverse godsaker. Det blir ein lang dag med cup, så me hadde både mat og kaker, brus og godteri. Litt til ei kvar lyst.
Eg følte meg litt som "tante Rundtomkring" i dag… Steikte vafler, sto i kiosken, passa på at dei flinke karane i sekreteriatet hadde det greitt, svarde på spørsmål, fann dopapir og spelte kampar med dei kjekke jentene "mine" på "Opp og fram"! Innimellom var det litt amming og trilling for at minstejenta skulle ha det greitt i dag òg. Ute på parkeringsplassen var det smekk fullt, såg eg då eg var ute og trilla! Så utruleg kjekt å sjå! :) Etterkvart tok Leni seg ein laaang lur, men vakna sjølvsagt og ville ha mat når det var premieutdeling. Så den fekk eg ikkje vera med på. Det skulle eg gjerne fordi eg ville så gjerne ha takka ALLE for oppmøtet og innsatsen! Eg håpar de alle samen blir med til neste år!! Av heile mitt hjarta!! :) Og ei takk til Kjetil Hov som hadde sagt ja til å dømme sluttspelet, men tok endå fleire kampar! Er det ikkje vel fortent at han fekk Fair Play-prisen???
I utgangspunktet er jo dette ein turnering berre for moro, men når ballen ligg på midtsirkelen så skjer det noko med oss fotballspelarar. Det er moro, men det er litt alvor òg! :) Men eg tykte det vart ein fin gest med fair play-helsing før alle kampane i dag! Det gjorde til at det vart god stemning på (stort sett) alle kampar! Glad for at me bestemte oss for det!
I juniorklassen kjem me kanskje til å gjere litt endringar til neste år, for å få jamnare kampar og for at alle som likar fotball skal få vera med! Håpar det blir godt motteke! Me vil jo heile tida bli bedre! :)
Å ha både juniorar og seniorar i hallen same dagen lagar ei spesiell stemning og fører til mykje folk og god stemning!! :) Det er moro å sjå på kvarandre!!! (Sjølv om eg må innrømma at som "tante Rundtomkring" så fekk ikkje eg med meg alle kampane).
Folk som var ute og gjekk søndagstur i bygda kom innom for å sjå sjølv om dei ikkje hadde nokon med, besteforeldre, foreldre, søsken, vener… Me har plass til alle i fotballfamilien! :)
No har eg visst gløymt å fortelje noko om resultat… I dameklassen vart det Jostedal FK som stakk av med seieren etter å ha møtt Marsipangrisane i finalen. Gratulera! I herreklassen var det òg Jostedal FK som stakk av med seieren. Dei vann i fjor òg. Dei slo Bringebakkane i finalen. Gratulera til dei òg. Til neste år skal me ta dei! :) (For min eigen del er eg veldig fornøgd med at eg klarde spele tre kampar to og ein halv mnd etter fødsel, debuterte som keeper i min fotballkarriere og med brannsår på kneet så tyder det på at eg har prøvd å gjera ein innsats i allefall! :)) Tusen takk for ein super fotballdag i hallen! Me snakkast til neste år! :)
Fair Play helsing før kamp

Parkeringsplassen er full!!

Kamp

Full tribune! :)


tirsdag 17. desember 2013

10 ting som gjer at eg veit at jula nærmar seg

10 TING som gjer at eg veit at jula nærmar seg! :)

1. Pepperkakehuset er på plass på skjenken. Det har sitt vanlege heimelaga preg. Det vil sei at det er skeivt, melisen som skal vera rundt glasa er i grunn PÅ glasa, limen som er smelta sukker rant nedover veggane under lime-prossessen. Og sidan limen er så ekstremt effektiv så får ein jo ikkje det vekk att… Men me tek litt melis på ryggen til ein seigemann og klistrar han oppetter veggen. Hokus pokus: ingen ser den brune streken lenger! :) Elles er det non stop og seigemenn overalt; tak og vegger. Og nytt av året: Mini-marshmellows er nytta til pynting. Veit ikkje om eg tykte noko om den moderne looken, men ok me kan prøve sa eg! :)

2. Julehandel i Sogndal. Kvart år skal eg starte tidlegare. I år starta eg ganske tidleg. Og tenkte at sidan eg starta så tidleg så hadde eg jo god tid til resten. Men resten blir alltid tatt for seint uansett kortid eg startar!! Så det er innspurten som er avgjerande. Kortid innspurten startar er avgjerande for kortid eg blir ferdig. Men no må eg gjere meg ferdig. Har EIN pakke att… Den vanskelegaste… Trur ikkje eg tek den i Sogndal. Dei andre har eg handla der, og fått kjensla av at jula nærmar seg faktisk med stormskritt. Og eg såg at eg burde ha venta med å handle for mykje av det eg handla var nedsett til halv pris!! Men, men… Gjort er gjort. Og håpar alle blir nøgde med det dei får anten det var til full eller halv pris. :)

3. Juleklubb. Eg hadde klubb rett før jul med mine klubbjenter, og slikt går ikkje ubemerka forbi. Det var klart at Anja ville ha juleklubb med sine klassevenninner òg. Så då fekk ho jo det. Det er seks år sidan no, og ho held det framleis gåande. Og det er like koseleg kvar gong. Og sjølvsagt vil jo Malene ha juleklubb òg, så i år måtte jo ho få ha det òg. (Og eg har kutta ut min klubb…) Like kjekt å ha klubb med Malene sine klassevenninner òg. (Sjølv om straumen vart vekke og me laga julekort med hovudlykt og stearinlys). Det er nok noko me hugsar dei neste åra òg. Veldig fin juletradisjon.

4. Sjuke ungar. Når jula nærmar seg kjem og basseluskane på besøk. To julafter har Anja vore sjuk, så det er ikkje så rart at for to år sidan ønskte seg (som ei gammal dame) at ho fekk vera frisk! :)

5. Husvask. Kvifor i alle dagar må me vaske ALT til jul?? Kvifor kan eg ikkje ta litt etterkvart istaden for å sei; nei det tek eg til jul… Og det tek eg til jul… Pokker! Det blir så himla mykje TIL JUL!!! I tillegg til alt anna. Og dette året så har me ein liten baby som helst vil vera i fanget til mamma, så julevasken blir overlatt til mannen i huset. Som forøvrig er veldig flink med reinhald i heimen! Men det er jo liksom "min" jobb, så det er litt "nederlag" at eg ikkje får gjort så mykje som eg hadde tenkt… Men, men… Jul blir det uansett! Og heldigvis har Anja fått i lekse denne veka: Hjelp mamma og pappa med husarbeid og andre ting som skal gjerast før jul!!! Jippi!! :) TUsen takk for hjelpa, Anja! :) Du er ein knupp!!! :)

6. Julebakst sjølvsagt. Nokon sortar har eg bakt sjølv, nokon har eg fått og nokon har eg kjøpt.

7. Alle dei deilige kakesortane som står i fristande kakeboksar på kjøkenbenken. Får jo så lyst på kaker kvar gong eg er på kjøken! Og faktisk når eg ikkje er der òg. For eg veit me har maaaange sortar. Til ein kvar anledning. Viss eg er litt svolten, viss eg er godtesjuk, viss eg er ganske svolten eller viss eg kjedar meg… Så det fins alltid ein anledning til å ete julekaker. Men eg har berre ete to pepperkaker, eit havrekjeks og to brune pinnar. Endå… Og det var ikkje i dag altså; men over fleire dagar. :) Men no kjenner eg på meg at sjakkrutene lever farleg… :/ Eg prøver med ei mandarin fyrst… Som forøvrig er nr 8 på lista.

8.Mandariner. Desse små appelsin-liknande fruktene som ein kjøper i adventstida. Som er i alle godteposar og som alle ungar likar. Luktar liksom litt jul. Så dei må ein ha i hus til jul! :) Det har me.

9. Julekort på julekorthylla mi. Det er så kjekt når det byrjar å fylle seg opp med julekort frå slekt og vener på hylla. Er så artig å sjå alle dei fine ungane som forandrar seg frå år til år, kva layout dei ulike vel og at det kjem fleire og fleire ungar på korta. (samla sett) :)

10. Spørsmålet om nisse. Kjem nissen når me er i kyrkja i år òg, eller kan det hende han kjem medan me opnar pakkar? Nokon seier nissen kjem ikkje til dei som har skuleungar i hus… Er det sant då? Fins nissen? Kan me låne ein? Eg treng ein nisse!! ASAP! :)

GOD JUL!!!

fredag 13. desember 2013

Takk :)

No er me komne til midten av desember. Ganske så nøyaktig. Den 13. faktisk, som i år er på ein fredag. Til no har det gått heilt fint! Det har faktisk vore ein veldig fin fredag. Det er jo Luciadagen i dag, og med desember så føl det jo med mange tradisjonar.
Dagen i dag starta med at eg og Emil reiste i barnehagen for å markere Luciadagen der. Dei eldste i barnehagen gjekk i tog innom alle avdelingane, song og delte ut lussekattar. Foreldre og søsken som hadde tid fekk servert kaffi og lussekattar ein tidleg fredagsmorgon. Veldig kjekt! :) Tusen takk til Gaupne barnehage! :)
Kl 09 fredag 13.des: Frisørtime! :) :) :) Frisørtime = kvalitetstid!(Medan Frode gjekk trilletur med Leni) Sjølv om detl var tidleg på morgonen og ein er temmaleg trøytt i trynet etter å ha vore vaken nokre gonger for å amme på natta, lite med frisk luft før ein set seg i stolen, og masse, masse hår til alle kantar. Det er SÅ digg å setje seg framfor spegelen og sjå at nokon vil prøve å gjere noko med dette "velta høylasset"!! :) Restultatet vart veldig bra! Takk Evy! :) Og du lagde ei kjempefin flette på meg, men sidan kvalitetstiden var i gang så tok eg meg ei økt på spinningsykkelen når eg kom heim. Sveitten rann og energien kom sigande, fletta måtte ut slik at eg fekk vaske håret før eg sprang av gårde til neste post i dag; kafè! :) Alltid like kjekt å treffe blide damer på kafè, for skravling, fliring, god mat og sosialisering! :) Tusen takk damer! :)
Jentene kom heim etterkvart, blide etter ein fin skuledag. Emil kom heim etter endt dag i barnehagen; Frode og Simon henta han i dag og det er alltid ekstra godt å kome heim på fredagane for då får han sjå film! :)
På ettermiddagen var det klart for Luciafeiring i velet/grenda vår. Den tradisjonen starta me for eit par år sidan. Me samlast, lagar bål, går ein runde i Luciatog; ungar og vaksne, syng, et lussekattar og pepperkaker, drikk gløgg, ungane leikar og dei vaksne skravlar! :) I kveld lava snøen ned og julestemninga vart endå sterkare. Takk gode naboar, for ei kjekk stund! :)
Det vart mange å takke på denne dagen. Og eg er endå ikkje heilt ferdig for eg er jo faktisk bedd på julemiddag med mine kollegaer på Gaupne skule, i kveld. Og TUSEN takk for at eg vart invitert! Det sette eg stor pris på! Men denne gongen passa det ikkje og eg måtte sei nei. Men eg håpar de kosar dykk i kveld! :)
Det nærmar seg jul med stormskritt, og mange pakkar er klare, nokon er under "bestilling" og nokon er framleis på tankestadiet… Eg skal nok bli ferdig til jul! :) Kan kome med ein "takk" her òg; tek i mot gåvetips til mann 35 med TAKK!! ;)
Eg er takknemleg! :)
Takk for meg! :)

lørdag 16. november 2013

Firebarnsmamma :)

Livet som firebarnsmamma starta 3.oktober. Det er seks veker sidan allereie.
Firebarnsmamma.
Firkløver.
Full fart.
Fang.
Fantastisk.
Fort tida går…
Mange f-ord som kan beskrive kvardagen min no. Leni kom til verda med eit skrik rett over midnatt den 3.oktober. Akkurat då tenkte eg at eg kan ikkje forstå at nokon orkar å føde fire ungar…(!!!), men kvar kveld etter den natta, når eg sit og kosar med vesle gullet, så tenkjer eg at eg ikkje forstår kvifor folk IKKJE får fire ungar!! :) For den herlege babytida, med eit lite, hjelpeslaust, bekymringslaust og heilt avhengigt "nøste" er magisk!! Men den går så fort! Og eg er SÅ heldig som har fått oppleve det heile fire gonger! Ein skal ikkje ta det for gitt at ein får fire fine ungar, men så heldig har eg vore. :) Og eg burde vel skrevet på diverse massemedium at eg har verdens finaste ungar, søtaste, flinkaste osb… Men eg veit jo at eg syns mine er finast, medan de andre syns dykkar er finast. Så difor unngår eg slike "karakterestika". Då slepp de trykke "likar" når de egentleg syns dykkar er "finast". Alle ungar er heilt fantastiske, kvar på sin måte. Og alle er eit lite under! Frå eit lite frø til eit levande menneske, med to øyrer på rett plass, augene på kvar side av nasen, alle krusedullane i øyrene er eit lite kunstverk, bæsj og tiss som kjem i bleia; som tyder på at systemet fungerar, den skjærande babygråten som viser at lungene fungerar. Etterkvart kjem det smil og glade auger som kan smelte eit mamma-hjerte! Og mamma og barn blir meir og meir knytte saman. Heilt til, slik som dagen i dag; 5-åringen sussar meg i panna og seier "mamma, du er verdens beste"(sjølv om han i går sa han ikkje likte meg fordi han måtte ha på seg regnbukse..), 7-åringen seier; mamma, eg kan godt hjelpa deg å laga graut, og 11-åringen seier; mamma, kan du ikkje få det snapchat slik at me kan sende bilder til kvarandre… Vaskemaskina går ustanseleg og når eplekaka er ferdigsteikt medan Leni ligg ved puppen så må ho berre henge fast medan eg tek kaka ut av ovnen, det styrtregnar ute, men ut må me… Så; ja travelt er det å vera firebarnsmamma, men du verden for ei lukka!!! Det var fantastisk å vera mamma til ei, det var fantastisk å vera mamma til to, det var like fantastisk å vera mamma til tre, og slik er det med fire òg. Og dei er så heldige som har kvarandre.
Eigentleg skal eg skrive ei norskoppgåve eg no, men det har eg ikkje prioritert i dag(heller). Det gneg meg litt kjenner eg… Men det er laurdag, Anja har besøk, Leni søv, Frode har med seg Emil og Malene på kino… Og eg skal berre nett surfe litt, og nett oppdatere bloggen sidan det er veldig lenge sidan sist… Så skal eg legge samen vaskemaskin-lass nr 3 for i dag!!!! (Så må eg finne ut om det går an å kjøpe ei større vaskemaskin!!)
God helg!

mandag 30. september 2013

Fair Play

Fair Play

Gårsdagens snakkis i bygda, i allefall i den fotballinteresserte delen av innbyggarane var opprykkskampen mellom Årdal FK og våre eigne menn. Kampen føregjekk i Årdal og ein heil bataljon herifrå var med laget og støtta dei under kampen frå tribuneplass. Me som ikkje var med innover fekk oppdateringar på nett. Då det på oppdateringslista sto 3-3 så tenkte eg at NO går det.(Bjørn var klare for opprykk med seier eller uavgjort, Årdal måtte vinne) Nytt innlegg kom på overtid og eg tenkte at NO har dei klart å karra seg opp i 4.div. Men NOPE; det var feildømt straffespark til Årdal som dei sjølvsagt scora på og slik vann Årdal kampen og opprykket.
Fyrst tenkte eg at det er no like greitt for då blir det ikkje så vanskeleg å få mannen til å legge fotballskoa på ei hylle lenger oppe... Men som ein gamal fotballspelar sjølv, så kjende eg på kjensla av urettferdigheit, kva med ærlegheit, Fair Play... Kven er stolte av å vinna på uærleg vis? Kven støttar ein/dei som juksar seg til seier og framgang? Er det gode lagspelarar?
Frustrasjonen til fotballspelarane som kom att viste lang veg...
Det var journalist frå lokalavisa på stadion i går, og han hadde vist fram bildebevis om at det var ein Årdal-spelar som handsa for å prøve å slå ballen i mål; det var ikkje ein Bjørn-spelar som handsa slik dommaren gambla på. Dommar Skjerven; du kan ikkje gambla på ei avgjerdsle er rett eller feil. Du må dømme det du er sikker på! Elles kan du drite i det! Då slepp du å frykte at du har sett feil hand..., som du seier i avisa...
Her i huset er me vel kanskje meir enn gjennomsnittet interessert i fotball, så ved frukostbordet i dag hadde me Sogn Avis der bildebeviset var bretta utover to sider! Det var dagens frukostprat kan du tru!
"Mamma, juksar alle frå Årdal?" Nei, nei, det er ikkje alle som juksar måtte eg forklare. Absolutt ikkje alle!! "Viss ungane ser på dei vaksne spelar fotball og dei ser at dei får lov å jukse så lærer vel ungane at det er lov då, mamma?" Og DET spørsmålet skal me ta på alvor! Nettopp; om ein er 17, 25 eller 35 år og spelar på eit a-lag(eg reknar at begge laga i Årdal er a-lag og her i Bjørn har me berre eitt a-lag), så har ein eit ansvar for å vise korleis idretten skal utøvast! Spelarane er førebileter for dei yngre i klubben og i bygda! Det vere seg handlingar på bana, rundt bana, korleis ein snakkar til medspelarar, motspelarar og dommar.
Eg kan forstå at det å sei til dommaren at: "Æhh, du dommar, det var eg som handsa... " kan sitje langt inne. Men dersom ein har eitt lag i ryggen som er opptekne av Fair Play så bør ein få støtte til å gjere det. Eg er ein konkurranseinnstillt person sjølv, og hatar å tape, men likevel er det betre å tape enn å vinne på uærleg vis! Ein kan ikkje sove særleg godt i etterkant.
I følgje avisa hadde ikkje dommar Skjerven (Jonny) det særleg godt i etterkant av kampen heller, og eg håpar han kan ta opp og drøfte situasjonen med sine kollegaer i kretsen. For slikt bør ein unngå. Eg veit ikkje kva konsekvensar det kan få i etterkant dersom Bjørn legg inn protest. Men dersom mogelegheiten for ein ny kamp er tilstades så bør dei få den mogelegheita. Og tapar dei på ærleg vis så er saken grei. Men då får òg Årdal mogelegheita til å vise at dei kan vinne på ærleg vis. (Skulle her vera unødvendig å presisere at det må vere same tropp som stiller på ein evnt ny kamp; ikkje ta med fleire frå 3.div-laget for slik å stille sterkare, men av ein eller anna grunn føler eg den presiseringa er naudsynt...). Eg trur ikkje det kan gjerast så enkelt som å trekke vekk att straffemålet... Uansett så bør ein vise kretsen at slikt kan ein ikkje berre finne seg i. Og Årdal nemner på si nettside at dei forstår Bjørn-spelarane sin situasjon, men trekker fram ein situasjon i kampen der det kanskje skulle ha vore straffespark så difor går det opp i opp. Hey! Det er ikkje slik det fungerar! Ei takling er ein reell situasjon, medan ein viljehands er juks! Stor, stor forskjell!
Hadde det gått an å få minuspoeng i Fair Play, så hadde nok Årdal fått så mange at det hadde tatt fleire år å jobbe seg opp på pluss-sida. Og i vår klubb kjem nok Årdal til å bli sett i eit dårleg lys framover ei stund... Her ser ein eit eksempel på korleis dei vaksne sine "dummheiter" går utover aldersbestemt fotball òg...


Nei, ei orsaking hadde nok vore på sin plass. For dette var ufortent! Både Bjørn og Årdal har jobba godt heile sesongen og fortener slik sett plassen i 4.div begge to. Men når det blir avgjort på denne måten så kan ein lure på om lag som juksar fortener plass i høgare divisjon...?

Ungane var opptekne av at pappa var på det laget som tapte på grunn av juks, og tykte synd i han. Ungar er opptekne av rettferdigheit. Og det skal me hjelpe dei til å vera opptekne av! Det er viktig på alle arenaer i livet! Det er faktisk ein menneskerett at alle skal bli behandla med respekt og rettferdigheit!

Heldigvis har me gode skulekameratar frå Årdal så me veit at ikkje alle juksar!:) Så eg håpar eg fekk sagt tydeleg nok i frå at det var EIN spelar som juksa, og dei andre på laget støtta han. Og i kampsituasjonar så gjer ein kanskje dumme ting... Og verda går vidare likevel! Men altså så var det ei dobbelside i Sogn Avis som hadde fokuset vårt denne morgonen! :)

Ha ein fin, fin dag både Årdøler, Gåpningar, Sogndøler og alle andre! Berre hugs på kva rolle du har på laget ditt, på arbeidsplassen din, rundt middagsbordet, ute i gata! Nokon ser opp til deg! :)



onsdag 18. september 2013

Heimedag...

Sit no her. Sat der istad. Får så ildt av å sitje for lenge. Så sofaen er ein god ven for tida. Men eg er snart lei av den merkar eg... Men klagar absolutt ikkje! Kan sitje ein heil dag og kjenne på ein liten tass som har det bra inni magen. Hadde eg sprunge rundt alle plassar og ikkje hatt ildt nokon plass så hadde eg sikkert ikkje kjent babyen min så godt som eg gjer no! :)
I dag er ein dag utan planar... Berre sånne vanlege ting som å vaske og brette kle, rydde sko på vaskerommet, koste opp all granulaten der ute (hadde eg samla i heile sommar og haust så kunne eg sikkert ha dekka 16-meteren på bana...), sjå at ungane har trekt opp rullegardinene og reidd opp sengene sine... Så har eg sjølvsagt sjekka nyheiter på diverse nettstader. Har skreve nokre linjer på norsk-oppgåva mi òg... Innleveringsfrist er 10.okt, dagen etter termin... Så eg prøver å bli ferdig litt før det... Men i dag var ikkje motivasjonen på topp. Så no står det ein bolledeig på kjøken, skal heve litt før eg skal bake dei ut til deilige bollar som ungane skal få når dei kjem heim frå skule og barnehage. Ikkje tru at mannen ikkje skal få, men han vil berre ha bollar med rosiner. Og det vil ikkje ungane. Og eg gidd ikkje dele deigen denne gongen, så i dag blir det vanlege kveitebollar(egentleg fastelavnsbollar)! :) Ingenting er vel som nybakte bollar! :) Berre lukta av det gjer at livskvaliteten aukar betrakteleg!
Og når det sit ein gjeng med ungar i sofaen for å sjå barnetv er det no kjekt å ha ein bolle å kose seg med. Så i dag vart det bollar som vart prioritert.
Passe fint bakevèr i dag òg. Håpar det held seg slik. Me skal jo på bana i kveld òg. Malene har trening i kveld; lade opp til siste turnering som er søndag.
I går hadde Anja kamp her borte; j11 møtte Jotun til ein jamn kamp der begge laga hadde mykje stang ut, og Jotun hadde mest flaks og hadde stang inn 5 gonger, medan Bjørn berre klarde 3... I regn og vind! I går var det skikkeleg haustvèr. Då var det ekstra godt at pappan her i huset laga varm og god graut til oss etter kampslutt! Sjølv om sjokoladekaka som vart seldt på kampen var knakande god, så er det ikkje det same å kose seg med sjokoladekake i sol og fint vèr, som når det ausar ned og ein må skunde seg for å ete opp kaka for ikkje at glasuren skal renne vekk...
Men regn og søle skapar mykje aktivitet for dei små, så dersom ein berre kler seg godt så kosar ungane seg! :)
Hausten er òg tida for å styrke immunforsvaret. Det er mykje sjukdom i barnehage og skule, og helst vil me no unngå å bli smitta; i allefall unngå dei verste epidimiane... Influensa og oppkast er typisk, men me gjer det me kan for å unngå det. Då er det heilt greitt med litt hoste og snår. Og forsåvidt vannkoppar... Det går i barnehagen no.. Kanskje eg forresten ikkje burde gje Emil noko som styrkar immunforsvaret hans då... Då får han dei kanskje ikkje. Hmm... Er jo i utgangspunktet veldig greitt å bli ferdig med vannkoppane, men håpar jo me ikkje får dei og baby på same tida... I allefall så får ungane ei teskjei Sambucol etter frukost, og ei skei med tran. Det har funka veldig godt siste åra, så me held fram med det! Den vinteren Emil var baby hadde me oppkast tre gonger, influensa med jamne mellomrom og elles øyreverk og anna... Då fann me ut at noko må me gjera! 

Så slik ser det ut ein haustmorgon på frukostbordet. Ungane likar det og det gjev gode resultat! :) Me håpar det funkar denne vinteren òg! :)
Veldig varierande vèr gjer at me frys litt, sveittar litt, blir litt blaute, går med litt for lite kle... Det er ikkje rart at bakteriane gjerne vil kome når kroppen ikkje er på sitt sterkaste! :)
Akkurat no skin sola inn stoveglasa mine(som forresten er nyvaska), så no får eg lyst ut ein tur.
Skal berre steike ferdige bollane fyrst! :)

Og slik går no dagen... Må setje på tørketrommelen, hive nye kle i vaskemaskina, hente Malene på skulen for det hadde ho så lyst til i dag...

Ha ein fin haustdag i september! Nyt den! :)

fredag 13. september 2013

10 ting som har gjort fredag den 13. til ein fin fredag:

10 ting som har gjort fredag den 13. til ein fin fredag:

1. Blide og glade ungar som har sove godt ei heil natt, og som gledar seg til skule og barnehage.
2. Ein mann som vaskar alle glasrutene utapå, medan eg sit og ser på...
3. Telefonen ringer og eg blir bedd med på kafè.
4. Ein koseleg kafè med kjekke damer, god prat og god stemning.
5. Lykkeleg gut som kjem heim frå barnehagen og har hatt ein fin dag.
6. Fornøgde jenter som har hatt ein fin dag på skulen, saman med venene sine.
7. Ein liten halvtime på sofaen medan mannen lagar middag til oss.
8. Fredagspizza til middag.
9. Ettermiddagsbesøk med lappar og syltetøy til kvelds.
10. Gode godnattklemmar frå verdens beste trekløver (som snart blir fire).

Så heldig eg er!

God helg!

fredag 6. september 2013

MIN mage!!!

Brått er det fredag att! Kvar blir vekene av? Er jo i grunn eit godt teikn at tida flyg og dagane går fort... Særleg no merkar eg... Kva skal eg ha på meg i dag då? Har ikkje det største utvalet av kle og er i grunn lei av alle gravidekleda. Gler meg til å bruke vanlege kle att... Skal ikkje klage. Er veldig, veldig takksam for at eg har mogelegheita til å bere fram endå eit barn. Men når det er fire og ei halv veke att, så føler eg meg endå meir som ein kval enn eg har gjort tidlegare i svangerskapet. Kan nesten ikkje hugse korleis eg såg utan den tjukke magen. Som Emil sa: "Mamma, no er magen din større enn puppane dine...!" Du ser det ja, vennen...?? Og å gå på butikken med den svære magen, når kassadama slenger i trynet på meg: "Åj, såååå stor du har blitt dei to siste vekene!!!" Ikkje spesielt artig... Er det liksom lov å sei alt ein vil til ei gravid dame? Skulle eg slengt tilbake: Du har no vokse litt sidan sist du òg...!! Det føler eg hadde vore veldig uhøfleg av meg. Hormonane til oss gravide har sjølvsagt ein medverkande rolle for at me tek ting litt ekstra personleg kanskje... Men ho kunne like godt spelt "Nei, så tjukk du har blitt" av Ole Ivars. Eg VEIT eg er tjukk! Heldigvis har eg mogelegheiten til å vera tjukk akkurat no, og eg kjenner at ein liten baby har det bra inni magen min... Det er heilt fantastisk! Sjølvsagt når ein er van med å trene og vera aktiv kvar dag og no plutseleg ikkje vera det, så påverkar det humøret og "tjukkheiten". Men for i helv...tte, MÅ folk eg ikkje kjenner bry seg om KOR tjukk eg er?
Det er liksom MEG det er snakk om!
Fasinerande i grunn... Mange som kjem og tek meg på magen... Akkurat som det ikkje er MIN mage, men berre ein mage. Men det er faktisk meg. Hadde nokon tatt meg på magen når det ikkje var ein baby inni der så hadde eg banka dei!
Men, men... Kanskje eg ikkje skal fokusere på det... Kanskje dei eigentleg meinar å sei: Å, så heldig du er som kan bere fram ein liten baby! Eller; skulle ønskje det var eg som var gravid... Eller; så heldig ho er som får så mykje merksemd på magen sin!
No i ettermiddag var det ei som sa til meg: Har du berre FIRE veker att? Så fiiin du er!! Åh, sjølv om eg framleis føler meg som ein kval, og har ildt både her og der, har brennesot etter middagen så gjer det noko med meg! Tusen takk! :)
Som ei tikkande bombe; ver forsiktig med kva du seier til ei gravid kvinne!! :)
I kveld skal eg kose meg med eit glas Pepsi Max og nokre bitar fredagssjokolade, tenne stearinlys og kose meg med tre gull, og kjenne at det fjerde gullet snart vil ut til oss!
Eg veit eg er heldig!
God helg! :)

onsdag 4. september 2013

Cruisebåt på Skjolden

Tysdagane er fridagen til Emil i barnehagen. Innimellom har han no fri andre dagar òg, men i allefall tysdag eg sett av til Emil-kos med mamma og pappa dersom han ikkje er på jobb. Både Anja og Malene har hatt fridagar i løpet av veka, dagar me slepp å stresse ut, dagar me kan ta på sparket, dagar me kan planlegge noko kjekt med andre, dagar me kan spele, leike eller reise på tur. Veldig fint å kunne ha mogelegheiten til det medan dei går i barnehagen. Når ein kjem inn i skulesystemet er det skule kvar dag, og ein har ikkje dei same mogelegheitane lenger.
I går hadde Emil to ynskjer, og det var leike skule og å sjå på cruisebåten som var på Skjolden.
Fyrst fekk han no kose seg litt i morgonkåpe framfor tv, med litt barnetv. Barnetv om morgonen er BERRE når det er skulefri eller helg. Eg tykkjer det er veldig greitt å starte dagen saman, ikkje at nokon skal sitje å glane på tv og bli passiv mottakar allereie før frukosten er komen på bordet kanskje. Ingenting er så koseleg som felles frukost med stearinlys på bordet, og samtalar om draumar, kva dagen vil bringe, kva kvelden skal by på eller andre tema som kan dukke opp. :)
Etter me hadde leika skule og skreve bokstavar som blir beskrevet som "fiskekrok" som er J, den med stor mage som er "D", den med liten mage er P, den med to magar er B, så fann me ut at ein lunsj på Lustrabui ville no passe perfekt sidan me skulle innover likevel. Så besta og besten åt med oss; gode rundstykker og bollar. Kafè er alltid kjekt! :)
Etterkvart var me ferdige og me tok turen innover.
Me kom nærmare og nærmare skipet, og me såg at det var ganske stort! :) På Haugslandet yngla det av turistar! Og me såg bort i sentrum at det gjekk folk overalt!! Nokon gamle, nokon i rullestol, nokre barnefamilar, nokre einslege, nokon som tok bileter, nokon som berre gjekk tur, nokon som sat i buss-skuret og tok lunsjen... Alle slags folk.
Me køyrde nærmare og gjekk  ut av bilen, og "leika" turistar. Me menga oss med dei og fekk ei kjensle av å vera cruiseturistar me òg. Smilte og nikka til dei andre og glei rett inn i mengda. Og jammen er det mangt ein kan observere der ein går... Ein mann studerte takrennene på nausta, nokon tok bilete av kvarandre, tre eldre damer gjekk med kvar sin Ipad i fancy fargar... Sikkert for å ta bileter tenkte me. Artig å spekulere i kva dei tenkjer og tykkjer om dette landet... Emil tykte det var spennande med dei laaaange taua som kom frå båten og som var festa i STORE pålar på kaien. Om det gjekk an å balansere på dei? Han fekk ikkje teste, så det veit me faktisk ikkje.
"Mamma, no må eg skikkeleg på do altså!" Men med havnekontoret i rett framfor oss og sidan me hadde sklidd rett inn i mengda av folk så gjekk me like så godt på do der inne. Medan gutane var på do var eg turist inne på souvenirbutikken. Herregud, så mykje teite ting det går an å kjøpe!!!
På veg til bilen att stoppa det eit par ved ein brannhydrant og spekulerte i kva dette var! Og dei skrudde av skruen på toppen og opna heile greia. Eg trur dei forsto at der kunne det kome vatn ut... Heilt utruleg kva folk kan lure på, og få seg til å gjere!
Me slo følgje med dei som kom att frå turistbussane og som hadde hatt omvisning i kommunen, og som no skulle bort i sentrum for å slappe av, sjå seg om, ete nista i eit buss-skur, ta ein tur på fjorden med rib eller kva anne dei skulle... Me måtte heim for å ta i mot jentene som snart kom heim frå skulen.
Spennande å ha fri innimellom! :)

lørdag 31. august 2013

Laurdag

Laurdagskveld.
No sit eg i sofaen med dei tre gulla mine (pluss ein liten i magen som gjer alt han/ho kan for å få mamma til å stryke over magen.. :)). Endå ein dag som har gått med til fotball. Anja har vore med på Lærdalsturneringa i fotball med j12, og me andre har heia. Ho og Frode reiste inn fyrst, me andre tok det litt meir med ro på morgonkvisten. Men me sette kursen mot Lærdal etter ein liten handlerunde i Sogndal så me fekk sett andre og tredje kampen. Tre kampar i dag og tre i morgon.
Jentene har vore vore flinke i dag, og det gav tre uavgjorte resultat! :) Håpar på endå eitt hakk intensitet i morgon slik at det blir seier! :)
Etter turneringa var det innom på Kaupanger ein tur for å levere bilen som me har vore så heldige å fått låne siste veka. Og då var bestemor så snill at ho laga middag til oss! :) Me har jo eit bursdagsselskap som skal førebuast til i morgon så då sparte me tid på å få ferdiglaga middag! :) Tusen takk, mamma! Nydeleg saltakjøt! Sjølv om brennesot for min del, gjer at eg liksom ikkje blir heilt ferdig med middagen sjølv om eg går frå bordet...
Så bar det heimover i audien (og me gledar oss forresten heilt villt til me får nye Touranen vår!!!). Anja vaska badet, eg og Malene pynta kaker, Emil bytta kle(for n`te gong i dag...) og Frode støvsugde og vaska golva i heile huset! Teamwork!
No er stearinlysa tente, me kosar oss i sofaen før leggetid.
Så er me klare til å feire bursdag i morgon. I allefall eg og Malene. Fyrste innrykk kjem kl 12. Så med andre ord så er dagen i morgon òg prega av Lærdalsturnering og selskap. Travelt med bursdag, men veeeldig kjekt! :)
Måndag er dagen då Malene blir 7 år! Ho gledar seg masse, masse!!:)

No er det straks leggetid, sjølv om melodi grand prix jr fristar meir enn senga akkurat no...

Fin laurdagskveld alle saman! :)
Malene har pynta prinsessekaka si!

Jentene varmar opp før kamp!

Emil kosar seg med pizzabolle i bilen på ferjekaien.

onsdag 28. august 2013

Bokser og flasker og sånt.. :)

No er skuleåret mitt starta òg. Gurimalla, eg lurer på om eg har teke meg vatn over hovudet... Kanskje det blir litt mykje med seinart ein liten baby, og så eit fullt studie i norsk; sjølv om det er berre på nett... Eg hoppar i det og prøver. Så ser eg korleis det går. Det er ikkje noko nedtur dersom eg ikkje klarar å halde fokus på det dette året. Då tyder det berre på at det er noko anna som skal ha fokuset mitt denne vinteren. Fyrste leksjon vart lagt ut i dag, og fyste innlevering skal skje innan 5.sept. Så det er ikkje så lenge til... Hadde tenkt å byrje i dag. Men har ikkje byrja endå.... Skulle legge saman kle i dag òg, før jentene kjem heim frå skulen og Emil frå barnehagen... Men det har ikkje vorte endå... Kanskje eg rekk litt etter eg har skreve her...
Jentene har vore på fjelltur i dag, i nydeleg haustvèr; som er restane etter sommaren trur eg.
Dei pakka med seg matboksar, tursjokolade og litt god drikke på flaska si. Ingenting er vel som litt saft i fjellet! :)
Men desse flaskene og matboksane... Eg trur eg kan bli GAL av dei!! Matboksane tek så stor plass i oppvaskmaskina; passar liksom ikkje inn verken oppe eller nede. Og med to-tre boksar kvar dag så seier det at det blir litt vask av dei. Og eg har TO skuffer fulle av matboksar i alle slags storleikar og variantar; prinsesser, barnetv-boksar, tupperware, skiforbundboksar, idrettslagsboksar... You name it! Så var det det forb.... flaskene!!! Når alle skal ha flasker til trening og innimellom på fjellturar så blir det litt vask av dei òg. Men eg gidd liksom ikkje ta ei flaske, og ikkje når det er komen to i kø på disken heller... Nei, eg håpar dei vaskar seg sjølv eller at nokon andre gidd vaske dei... Ein kveld var det kome NI flasker på disken som INGEN hadde vaska, så då måtte eg berre bite det i meg! Tutar og sugepatentar i alle slags variantar. Åhhhh!!! Hat!!! Men, men... Eg kom meg i gjennom det, og har bestemt at det KUN skal vera ved speseille anledningar at det skal vera saft på dei flaskene; elles er det vatn! Då blir reinhaldet litt lettare og hormonane mine flyg ikkje i vinkel!! :) I dag er eg førebudd på saftflasker som skal takast i kveld. Elles blir det mange dagar til; og saft som har stått i fleire dagar i eit tett flaske... Æsj!! :/
Gledar meg til å høyre korleis dei har hatt det på fjelltur i dag. Saknar å gå i fjellet på denne tida av året... Men det tek eg att til neste år! :)
Nei, no var det den haugen med kle då... Ingenting har blitt vekke medan eg har skreve her, så alt ventar på meg! :)
Har vore i Sogndal ein kjapp tur i dag òg; handla litt kle til vesle babyen vår som me ventar på. No trur eg at eg har alt, så den kan berre kome! :) Om nokre veker! :) Me gler oss!! :)

Anne Merethe

lørdag 24. august 2013

Mormor og dei åtte ungane på kino

Kan ein liksom gjere som ein vil med "Mormor og dei åtte ungane"? Det virkar slik. Eg og dei to yngste var på kino i dag. Gleda meg nesten like mykje som dei til kino, for slik eg hugsar mormor i Anne Cath. Vestly sin figur, og alle dei søte ungane i den vesle hytta i skogen så kom dette til å bli ei fin oppleving for ungane mine. Men allereie frå start forsto eg at dette handla ikkje om ei mormor i ei hytte... Nope. Dette var ei mamma som hadde tre ungar, som var flytta saman med ein gubbe som hadde fire ungar. Ikkje så oppsiktsvekkande no for tida kanskje... Dei budde då i ei lita blokkleilegheit. Så det var jo ein moderne vri. (Den åttande ungen var i mora sin mage, og vart fødd på slutten av filmen..). Men far i huset, som forresten heitte Are, hadde kjøpt ein sånn der gammal "Folkevogn-lastebil", lyseblå. Så det vart plutseleg gammaldags att... Ungane sat i karmen bak, og framme sat dei utan bilbelte.
Mormora møtte me fyrst der ho sat på ein gamleheim, og skulle vera lika gamal som Anne Cath. var på si tid... Med skaut og var skikkeleg gamal... Mine ungar forbind mormor med ei dame som jobbar kvar dag, har fritidssyslar og heng med på teknologien. Slik var ikkje denne mormora. Ho rømde frå gamleheimen og dottera hennar hadde ikkje fortalt at ho hadde flytta saman med kjærasten sin, som liksom by the way hadde fire ungar frå før... For sånt var nok vanskeleg å fortelje til ei såpass gamal dame.
Ein blanding av moderne og gammaldagse hendingar, mange scener med sang og dans gjorde at dette vart ein ok film for meg. Ikkje meir enn det. Den var passe lang; litt over ein time. Ungane tykte det var ein fin film. Dei har jo ikkje den orginale å samanlikne med. Songane var koselege avbrekk.
Tja... veit ikkje kva meir eg skal sei. Alltid koseleg å finne på noko med ungane, og kino med litt godteri og popcorn er jo kos! :) Så me hadde ei fin stund, og hadde noko å gleda oss til på føremiddag, og noko å snakke om i bilen innatt.
Kino er fine greier det.:)

torsdag 22. august 2013

Haustkveld i stova

Torsdagskveld no. Husarbeidet forsvann ikkje. Men mannen kom heim! :) Då hjelpte det på! :) No sit eg med beina høgt og ser på den nye blomen eg fekk. Kven fekk du den av då, mamma? "Meg sjølv!". Hausten har fine kveldar, med mørkret som sig på og stearinlysa eg kan tenne inne. Særleg etter atter ein kveld på bana. SJølv om vèret var fint, så forsvinn sola tidlegare no og det blir kaldare å vere supportar! :)
Er så artig å vere på bana, med full aktivitet; ungar og vaksne som har eit sosialt nettverk rundt denne ballen. Jammen treng ein ikkje vera mykje interessert i fotball for å vera med når ein startar som miniputt. Det er nesten ikkje viktig i det heile teke. Ein lærer så mykje gjennom sosialt fellesskap med andre; både omgå andre, ta i mot instruksar, gjere noko for eit fellesskap, gje og ta, vinne og tape, trøste og glede andre... Ein kan ramse opp så mykje! I desse små bygdene har me ikkje mange aktivitetar samanlikna med andre, større bygder og byar sjølvsagt, så det spelar i grunn ikkje så stor rolle kva aktivitet ein vèl å vera med på berre ein er med på noko. Og sidan fotball fort blir den største idretten så samlar dei fleste seg rundt det.
Då er det viktig at me som trenarar og motivatorar gjer det me kan for å inkludere og lære dei unge, lovande borna våre! Tenk over korleis me vaksne snakkar til kvarandre, korleis snakkar me om andre, korleis me tek vare på anlegga våre. Ser me på boset og seier: Her var det mykje bos. Og gjer ingenting med det? Eller viser me at me bryr oss ved å plukke opp? Det viktigaste er vel i grunn å vise ungane kvar bosdunken står slik at me slepp å rydde opp etter andre?? :)
Av og til er me "kommunearbeidarar" alle saman. Me står og ser oss rundt og lurer på kva me skal gjere, så lenge at det ikkje blir gjort noko... No skal det no seiast at det krysset ved Rådhuset i bygda har dei ordna på i EIT HEILT SVANGERSKAP! Terminen min er 9.oktober.. Er spent på om dei får det ferdig til dess. Eit middels lite, evnt stort, vegkryss i ei lita bygd tek like lang tid å ruste opp som eit frø blir til eit foster og ein baby!! Imponerande!!! :/ (Det er ikkje kommuen som har jobba der altså, viss det skulle vera noko tvil om det sidan eg nemnde kommunearbeidarar lenger oppe her...)
Nei, no er det snart helg. Erik og Kriss i Parken, Hessa cup i Ålesund, fint vèr og haust. Fin tid i grunn! :)

For tida heimeverande...

Heimeverande for tida. Held på å flyge på veggane. Er ikkje så godt van med å liksom ikkje gjera noko. Likar best å ha noko å styre med. Og likar helst at kroppen vil det same som meg. Av gode grunnar(heldigvis) så vil ikkje kroppen alt som eg vil. Så no øver eg meg på å gjere det som kroppen vil. Den seier fort i frå dersom eg gjer noko eg ikkje burde.
Hausten er i gang, skulestart er unnagjort og jentene har vore på skulen i fire dagar no. Ettermiddagane har gått til fotball og å legge bokbind på skulebøkene til jentene. Det er liksom ein eigen sjarm dette med bokbind... Trur eg aldri kjem til å få til å legge det på fint. Men, men... Så lenge det funkar så får det halde.
Dagane går med til husarbeid i slow motion. Og når ein føler heile huset burde "reviderast" så er det ganske frustrerande å ikkje få gjort alt, og liksom bli ferdig. Men, men... Tek meg ein tur på butikken snart trur eg.
På Spar stiller eg meg spørsmålet; det er nyopp-pussa der, men likevel har dei ikkje fått til ei løysing på kvar dei skal ha bæreposane sine!! Dei ligg i stygge øskjer PÅ GOLVET! Det må no gå an å få dei litt høgare opp slik at for eksempel gamle og gravide(les: eg) slepp å bøygde seg heilt ned på golvet for å få tak i ein pose! Eg betalar glatt ei krone ( eller kva det kostar) på Prix for å få den levert til meg!! Elles er butikken super og frukt og grønt disken deira gjer at eg handlar all frukt og alle grønnsaker der! :)
Salaten der er òg veldig god, og fristande når ein går heime og har ete skive til lunsj alle dagar. Så eg trur at lunsjen i dag blir ein salat! :) (Då treng eg ikkje pose heller... :))
Nydeleg vèr i dag, sola er heilt magisk på korleis kroppen fungerar! :) Berre legg merke til det!
Der var posten komen òg, ja. Då blir det lunsj og avis ute i sola i dag. Så får me sjå om husarbeidet blir vekk medan eg kosar meg. Det er no lov å håpe... :)
Ha ein fin torsdag! :)

søndag 18. august 2013

Husmor-søndag

Roleg søndag. Regnet høljar ned. Det finst ikkje dårleg vèr, berre dårleg vèr. Ein må berre tenkje positivt når du veit at ein skal på fotballturnering i fleire timar, og ein må finne fram ullunderkle, støvlar, regnkle i fleire sett og ekstra motivasjon for å stå ute! :) Heldigvis er mi turneringsjente veeeldig klar for turnering uansett vèr så det var no i grunn me vaksne som hadde fokus på vèret. Særleg eg, for eg har ikkje lenger jakke som går rundt meg... :/ Magen er for stor og jakken er for liten. Så eg måtte bli heime i dag. Og alle ungane var ute av huset... Kva i alle dagar finn eg på ein heil dag åleine?? Er ikkje van med det. Og likar i grunn best å ha ungane med meg! :) Men jammen har me godt av det, både dei og eg, at me ikkje er med kvarandre heile tida. Så eg starta dagen med å setje på ei vaskemaskin med kle... Den går dagleg. Er heilt borti natta så mykje kle me vaskar! Det har sin pris å vera ein aktiv familie! Anja var på trening tre gonger forrige veke, så der går det ein del treningskle. Frode var vel minst like mange gonger, så der hopar det seg opp treningskle. Malene hadde seg ei treningsøkt og Emil er vel generellt sett ikkje så veldig flink til å halde kleda reine... :) Det har vel noko med alderen å gjere, og det er no eit sunnheitsteikn at kleda blir godt brukte! :) I tillegg så vaskar eg handdukar!!!! Maaange!!! Me prøver å halde oss så nokonlunde reine alle saman. Så vasking, legge saman og legge på plass kle, tek mykje tid. Og det har eg tid til i dag. Men så då?
Då eg hadde sett på kleda la meg på sofaen for eg har i grunn fått beskjed at når eg har anledning så kan eg legge meg ned og slappe av litt... så eg gjorde det... i 30sek kanskje... så fann eg ut at gjærbakst smakar no godt når ein har vore ute heile dagen, så eg smelte saman ein deig medan The Voice underholdt med fengande musikk! :) Så sette eg meg nedatt litt... Så rydda eg litt på romma til ungane...Så sette eg meg nedatt. Men så var deigen heva og klar til å bakast ut til skillingsbollar.
Så var kleda klare til tørketrommelen. Og dei som var der måtte brettast. Og så var det steiketid, og litt facebook-tid.
Og no er det middagslaging... Medan eg skriv her.. Må nett skrelle gulrøter... Pleier egentleg ikkje ha gulrøter når me har kjøtkaker, for eg hatar kokte gulrøter. Sjølv om det er veldig vanleg å ha kokte gulrøter så har me heller brokkoli og blomkål til... Men i dag hadde me ikkje det så då blir det gulrøter. Men IKKJE kokte; nope... Eg tenkte eg ville wokke dei istaden. :)
Plutseleg har jo dagen gått, sjølv om eg føler at eg ikkje har gjort så mykje... Har jo ringt og høyrt korleis det har gått på turneringa. Tykkjer det er kjedeleg å ikkje vera med. Er noko heilt spesielt med desse fotballturneringane! Engasjement, campingstolar, pølser, brus, smil, glede, nokre tårer, tap og vinn... Veldig sosialt! Ta ein tur sjølv om du ikkje har nokon som er med å spelar! Du treff garantert nokon du kan slå av ein prat med! :)
Må nett kjenne om potetene er kokte...
No kjem faktisk sola gjennom skylaget, og lyser opp ettermiddagen. Eg ser bilar med blaute ungar kjem heim etter endt turnering. Mine kjem nok snart dei òg. Til ferdig middag og ferske skillingsbollar til dessert. Så må me gjere klare skulesekkane til morgondagen. Då er sommarferien over. Haustferien er neste "pause". Blir spennande å sjå korleis haustferien blir... :) Kanskje er me ein meir i familien, eller kanskje går me framleis og ventar... :)
Eg har no i grunn hatt ein fin dag, sjølv om eg har vore åleine heile dagen, og snakka med meg sjølv store delar av dagen. Jammen er eg god til å svare... :)
No blir det ettermiddagskos, legobygging, barnetv i sofaen heile gjengen og opplading til skulestart! :)

fredag 16. august 2013

Sogndal

Regnvèrsdag. Kva finn me på? Me tek ein Sogndalstur. Passeleg aktivitet det. Er jo alltid noko ein treng. Og som nemnt så passa jo ikkje inneskoa til Emil så det måtte jo han ha. Og eit lite kafèbesøk er jo koseleg. Litt av ei overrasking. På gode gamle Domuscafeen. Anja bestilte seg salat. Og på denne kafèen har salaten vore laga på denne måten i alle år: Kinakål heilt opp til kanten, ferdigkutta paprika i raudt, grønt og gult oppå der, så litt ost og skinke på toppen. Og det var det me trudde me skulle få. Men DER tok me feil; Domuscafèen har oppgradert salaten sin til nye høgder! Der var det så mykje rart oppi at me er ikkje van med slik høgdeforskjell! Anja bytte den vekk med min baguette. Og eg åt pommesfritsen til Frode. Flott med urbane salatar, men for eit sjokk!!!! :)
Me vart no mette alle saman og hadde opplevd noko nytt i Sogndal i dag!
Så var det litt bytting av varer og litt handling.
Fann ut at eg trengde ein topp til dei siste 7 vekene av dette svangerskapet. Fann ein som eg var ganske fornøgd med. Ville byte når eg kom heim, slik at eg kunne bruke den heime.... Men trur du ikkje alarmen hengde på framleis?????? Åhhh!!! Sååå irriterande!! :/ Kan jo ikkje akkurat går rundt med ein alarm midt på magen... Den blir liksom endå meir tydeleg på ein gravidtopp... midt på magen... Men, men... Då får me ta oss ein tur til, til Sogndal då! :) Ein dag! :)
No er det fredagskveld, pepsi max og litt sjokolade i skåla! God helg! :)

onsdag 14. august 2013

Hausten

No er likso kvelden før kvelden... Emil skal til att i barnehagen imorgon. På ny avdeling og greier. Det blir veldig kjekt! Men rart for han òg... Og for oss... No har me hatt ferie sidan i juni og så plutseleg er ferien over. Så i kveld har me funne fram sekken, bytekle, regnkle, sett om skoa passa... Og om innskoa passa... Sjølvsagt gjorde dei ikkje det. Og etter kl 20 er butikken stengt og me burde ha tenkt på det før... Me får ta det i morgon. Då får me sjekke om skule-innskoa til jentene passar òg då, slik at me eventuelt kan ta det i same slengen... Og om haustjakkane passar, og om me har joggesko og gymsko og goretex og støvlar og... Gurimalla så mykje så mykje som plutseleg må vera klart når det heiter HAUST! Eg stiller meg spørsmålet: Må alt vera nytt? På butikkane å dømme, så må det vera det. Men dersom inneskoa frå i vår passar i haust, så må det vel kunne gå an å bruke dei? Eg har snart ikkje plass til fleire sko på vaskerommet heller. Så eg trur eg berre må bestemme for handelstanden at alt treng ikkje vera nytt alltid. OK?
Vinteren kjem jo alltid så himla fort òg, så eigentleg burde eg vel handla vinterkle no òg då?? Uff, nei... Eg vil ha fleire dagar med sommar. Fleire veker i grunn!!
Sikre teikn på at hausten er i annmarsj er at det blir kaldare om kveldane, eg må skru persienenne tidlegare att, tempurmadrassa vår blir hardare og hardare; les: det blir verre og verre og snu seg for ei temmaleg (i allefall no) overvektig dame, med for tida dårleg bekken. På denne tida kjem vevkjerringane innnomhus, fotballtreningane startar oppatt og det blir meir aktivitet rundt i bygda att. Ikkje minst kan ein tenne stearinlys att!! Eller dvs, at eg tenner no stearinlys heile året, men det blir ekstra koseleg no om hausten. Og sjølvsagt litt dyrare... :) For fyttirakkaren kor fort enkelte lys brenn opp... eller brenn ned... Kva skal ein sei? Brenn lysa ned? Eller brenn me dei opp? Du skjønnar kva eg meinar... Dei brenn opp, nedover... :)
No har Emil to dagar i barnehagen og me andre skal styre heime, så startar skulen oppatt på måndag og då er det eg og Frode som skal ha nokre dagar heime. Han fekk sein ferie og blir difor heime litt til! :) Då kan me ordne klart til vesle nurket som kjem i løpet av hausten. Så hausten er ei fin tid, og ekstra fin blir den nok i år! :) Med eller utan stearinlys, med eller utan innesko, anten eg får snudd meg i senga eller ikkje...
God barnehageoppstart i eitt nytt barnehageår til alle barnehageungar og god skulestart til alle skuleungar og foreldre når måndagen kjem! :)

mandag 1. juli 2013

Fotballfrue

Fotballfruen gravid, stod det i VG ein dag. What??!! Tenkte eg. Har dei fått med seg at EG er gravid?? Wow! Trudde det var berre meg sjølv som tenkte på meg sjølv for tida. Og så  såg eg altså at VG hadde fått med seg at EG var gravid... Trudde eg... Snakk om å leve i si eiga boble, og når mannen faktisk VAR vekk på fotballkamp, så følte eg at den overskrifta traff meg. Liksom berre for å vise at nokon ser meg! Det hjelpte ein liten augneblink! :) Og det er jo augneblinkane ein skal ta vare på! :) Og viss eg såg vekk frå innhaldet så sto det jo om meg; fotballfruen er gravid. Og når denne graviditeten er over hååååpar eg fotballkarriera er over òg... Tre, snart fire ungar heime, full jobb på oss begge, fullt program for ungane, huset har vore ein sånn byte-kle-og-gjere-lekser-kanskje-ete-litt-plass i vår. Så når laguttak skal takast, telefonen kimer, lagoppstilling skal meldast inn, nokon kan ikkje vera med, nokon orkar ikkje, nokon vil ikkje, nokon veit ikkje og nokon hugsar ikkje... Og nokon då brenn for fotballen og kunne spelt kamp kvar einaste dag for gleda si skuld, så er det ikkje berre berre å halde motivasjonen oppe på ein mann som har runda 35... :) No vil eg dessutan ikkje vera fotballfrue meir. No vil eg berre vera frue. Og mamma. :)
Fotball er ein fantastisk idrett og eg skulle ønskje eg sjølv spelte fotball meir enn eg har gjort, men det er for seint å tenkje på no. Eg tenkte på det i vinter, og byrja på damelaget... Men så byrja magen å vekse og fotballskoa vart atter lagt på hylla... Så eg skal visst berre vere fotballfrue eg. Ikkje fotballspelar. Fotballmamma kan eg godt vera. Ja, DET vil eg vera! Det er morosamt! :)

Sommaren er i gang! :)

Sommarferien er godt i gang. Som ein nordmann skal vera, så skal ein jo passe på å skrive korleis vèret har vore desse dagane. Eg kan faktisk forstå kvifor nordmenn er så opptekne av vèret. Det er komplett umogeleg å vite kva vèr som blir, for det som er meldt blir det heilt sikkert IKKJE. Og sidan det kan variere SÅ veldig i dette landet, så kan ein faktisk få ein ganske lang samtale rundt vèret! Forrige veke var me i Feiga og kosa oss. Vèret var så fint at ungane bada eit par dagar faktisk! Det kom ein tysk familie som tykte at det var nesten som ekstremsport å rekne at me bada i dette kalde nord! :) Desto kjekkare var det for ungane å bade! :) Eg bada ikkje...
Men me var på båttur til Luster der me kjøpte oss is på Lustrabui. Og me var på båttur for å fiske. Me er så heldige som har ein slik plass så nære! :) Ingen som forstyrrar og ikkje noko stress!
Eller forresten; hadde eg hatt våpenløyve og jaktbrev så hadde det vore to måsar mindre i landet! For eit slikt spetakkel! Og når ungen deira datt ned frå taket og me skulle hjelpe den ned til fjorden... Hadde me ikkje hatt ei rake til å true dei med så hadde det vore to nordmenn mindre i landet! Morsinstinktet på ein måse er enormt! :)

Ein høyrer berre stillheita og kjenner lukta av sommar når ein ser på desse bileta! :)

No er me starta på ei ny veke og me har sommargjest frå Oslo heile veka! :) Me storkosar oss saman! I kveld har me kosa oss med kveldsmatgjester, bilen er seld og Bruhaugen har fiksa steikeovnen! No er det kveld og me gjer oss klar til tysdagen! :)

søndag 23. juni 2013

NO er eg tilbake!

Juhuuuu!!!!!!!!!!! I`m back!!! Eg er her. Eg er ikkje vekk. Eg har berre ikkje hatt tida til å prioritere blogging det siste halve året. Mykje har skjedd og mykje har gjort at eg ikkje har gidda å gått opp trappa for å skrive. Eg må skrive på den stasjonære pc`en. Ipadn gjer ikkje alltid slik som eg vil, og det likar eg ikkje. Eg likar best å ha kontroll sjølv; at når eg seier ein ting så skjer akkurat den tingen. Og når eg vil ha bilde på bloggen min og ipadn ikkje vil det, så... Ja, så drit i heile ipadn! Og sidan kvalmebølgjene har nådd toppane om kveldane og eg helst vil ligge på sofaen, så... Ja, så drit i heile den stasjonære pc`en òg...
Men no; no er det ikkje kvalmebølgjer lenger, matematikkeksamen er unnagjort, sommarferien har starta og eg kan blogge att!! :) Finally! Det er ganske kjekt i grunn forstår de!! :)
Den siste tida har gått med til avslutningar, sommarfestar, fotballkampar, bursdagsfeiring og kveldskos på fine sommarkveldar. Så kunne igrunn ha skreve ein liten roman om alt dette. Tek berre med litt, og lagar eit lite kapittel. Ungane er ute og leikar, medan bekkenet mitt seier at eg helst bør sitje i dag. Og skrive. Helst ville eg hatt meg ei bok, men eg har ikkje hatt tida til å skaffe meg ei bok. Så det ynskjer eg meg til bursdagen! :)


Som de ser så fekk eg ein nydeleg blome frå gode kollegar ved Gaupne skule på fredag. Eg fekk ein utfordring i fjor vår; klarar du å vere både kontaktlærar og studere ved sida av? Eg sa: Eg prøver å klara det eg bestemmer meg for å klare... Og håååpte eg skulle få det til!  Eg trur eg har lukkast. Det mangla to veker... To veker før skuleslutt vart eg sjukemeldt pga bekkenløysing. Matematikkeksamen har eg teke òg. Så ja; eg trur eg klarte det. Og difor vart eg ekstra takknemleg for den flotte blomen!!! (Det er berre det at eg er ikkje så veldig flink til å ta vare på blomstrar... Eg må leige nokon ein gong i veka til å ta vare på den blomsten, for den VIL eg skal vare!!!!)
Onsdag feira Anja bursdagen sin med jentene i klassen og nokon av fotballjentene. Ei fotballjente på ha ei fotballkake! Supergod og superfin! Jammen godt det finst slike flinke bakarar i kommunen, slik at eg slepp å prøve på slike kunstverk!! Kakene mine blir som regel gode, men kunstverk kan dei ikkje seiast å vera...! :)
Eg tok med eit skikkeleg sommarbilete òg! Malene rakar i Feiga. Bestefar slo og Malene raka. Flink jente! Sjølv om det ikkje var så lenge det varde... Mykje anna som var meir spennande... :)
No er det snart klart for 5 årsdagsfeiring! Emilen vår blir 5 år! Hipp hurra og gratulera med dagen, vennen!
Han lurte på om han vart STØRRE enn bestevenninna si no, sjølv om ho har hatt bursdag for 3 mnd sidan... Sidan han skulle bli storebror!! hehe, det er no lov å håpe... :)
Ha ei super jonsokafte anten inne, ute, heime eller på tur! Me får sjå kva dagen vår bringar!

Dette var berre ei lita oppvarming... Så skal eg vera flinkare å blogge gjennom sommaren! :)

torsdag 7. februar 2013

Pusse tenner

Berra NETT pussa tenne?? Det er no jammen ikkje berre NETT når ein skal pusse tenner! Alt som ein ikkje klarar å få gjort resten av dagen, det skal ein til med MEDAN ein pussar tenner. Har du tenkt over det? Fyrste gjeremål; knip! For oss damer som har fødd, så er det viktig med knipeøvingar. Eg sa det eg òg; Kortid skal eg liksom gjere det då..? Når du pussar tenner har du slikt å gjere. Ok. Så eg knip.
Etter ein del overtrakk i mi fotballkarriere, så er ankelleddet ganske utsatt for fleire overtrakk så det er viktig å trene opp musklane nedi der. Enkel øving på det er å stå på ein fot. Så OK, eg må stå på ein fot medan eg pussar tenner. OG knip. Var til fysio ein gong for å løyse opp den stive ryggen min, så han gav meg nokre svaie-øvingar. Gjer det medan du pussar tenner var hans tips! OK, så eg svaiar på ryggen, står på ein fot OG knip, MEDAN eg pussar tenner. Og medan eg driv med alle desse pusse-tenner-øvingane mine så har eg smurt inn ansiktet med rensekrem... Du kan tru eg ser smart ut når eg pussar tenner!! :) Men reine og fine blir dei! :)
Puss puss, så får du ein suss!! :)

torsdag 31. januar 2013

Tannlegen

Kvar romjul får eg alltid innkalling: DU HAR FÅTT TIME HOS TANNLEGE!! Åh, så utruleg kjekt å bli minna på det mellom alle gode middagar, brus, dessertar, kaker og julegodt....
Men i dag var altså dagen.
Tannlegen min i Sogndal. Frode seier eg bør berre gå til tannpleiar her i staden, men det er noko spesielt med tannlegar. Har du funne ein du stolar på og som veit at du i grunn ikkje likar han, men han likevel er smilande og blid og forklarar alt han gjer... Då fortset du til han. Koste kva det koste vil...
Sit på ein sånn stoff-stol med bogne armlenar som er på alle venterom, og plukkar opp eit Se og Hør frå desember 2012. Blar fort gjennom det... Så ligg det eit Allers og eit Norsk Ukeblad der. På framsida er det "gode tips for å gå ned i vekt" og "Fantasiske oppskrifter på gode kaker"... Begge overskifter på eitt blad, på begge blada for så vidt... Ja? Skal eg liksom gå ned i vekt ved å bake masse gode kaker og gomle dei? Eller skal eg drite i å gå ned i vekt, men berre ete kaker?? Eg gadd ikkje opne bladet. Har jo alltid iphonen min og då kan eg lese det eg vil... og det blir IKKJE kakeoppskrifter, og IKKJE "gå ned i vekt"-ting! Har jo Flightradar24; der eg kan sjå alle fly i heile verden. Kvar dei skal og kvar de kjem frå. Me såg eit fly for høgt over Gaupne i dag; det skulle til New York. Tenk at eg kan vite slikt...!!! Wow!! Så når eg sat på venterommet såg eg det reiste eit fly med retning Island... :) Eg TRENG jo ikkje vite det, men eg KAN! (Eg får faktisk vite kor tungt det er og kor stort det er... Og kor fort det køyrer...) Kult? Gratis app!:)
Og plutseleg gjekk døra opp og tannlegen sto der, kvit som alltid. Eg lurer alltid på om han håpar det er masse å gjere eller om han håpar det er fort gjort når han får ein ny pasient... Eg håpar i alle fall det er fort gjort!
Eg sette meg i stolen, hendene i fanget og føttene i kryss. Ganske deileg å slappe av. I fire sekund. Då kjem han: "Ja, ja... No ska mi sjao her.." Stappa kjeftn fudle i alt røntgengreie, spøre om eg tykkje da e fint at da han mildna litt no, so gaor han ut ao rommet for å trykka pao knappen so teke bildet...!!! Forventa han eit svar???? "Ja, da e no greitt" klara eg nett å sei før neste side skal takast bilde av. Sjølv om eg eigentleg meinar at det er bedre med kaldt vintervèr enn sørpe og drit...
Så tek han "eit reiskap" og eg ser spørjande på han. Då veit han at han skal forklare meg kva han skal gjere. Og sidan bileta såg fine ut så var det berre å ta vekk litt tannstein. Så nyttårsforsettet mitt i år skal vera: Ver flinkare til å bruke tanntråd!! Så pussa han tennene mine (Trur eg), så tok han av meg smikka og eg fekk gå. 15 min var eg inne, og 900!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!kr skulle eg betale!!!!
Men eg hadde ei god oppleving og om det kan seiast, så var det verdt det. Og no kan eg berre vente til neste romjul. Då kjem neste innkalling...



søndag 13. januar 2013

Kle til ein 4 åring....

Kå mange gonge for dagen e da mule for ein 4-åring å byta kle???? Eg berre spør! Eg har ikkje eit fasitsvar... I desse matematikk-tider burde eg vel kanskje ha kunna ein formel for dette, men nope... Ingen formel, intet svar, men eit stort og høgst aktuelt spørsmål!!!
I går starta han med morgonkåpe. Når han åt frukost bytta han til joggebukse og tskjorte. Det var berre ein midlertidig løysing, for SLIK kunne han ikkje gå! Så tok han på seg den grøne dongeribuksa si, og gensar. Tykte sjølv han var tøff! Så fin du vart, sa eg. Tøff, mamma! Tøff! Ok... Ja, tøff e du! :)
Så skulle me på butikken. I 13 minusgrader så seier det seg sjølv at anten dress utapå kleda eller eit lag under den TØFFE dongeribuksa. Og for at folk han trefte skulle få sjå den tøffe buksa så kunne han IKKJE ha dress! Så av med klea og på med ull underst; både under buksa og under gensaren. Og så på att med kleda...
Og sidan avtalen før me gjekk inn på butikken var at eg aksepterar INGEN sure miner, då blir det å sitte i bilen til eg er ferdig på butikken, så bar det på "håve utatte i bilen" etter ein ball som han ikkje fekk..  Så om han hadde hatt dress på seg så hadde det gått heilt fint, for det var ikkje så mange som såg han likevel... berre høyrde...!!! (Bilen var oppvarma og eg var inne på butikken i fire og eit halvt minutt, så ingen skade skjedd. Berre erfaring om at mamma gjev aldri tomme truslar!)
Guten var blid og sa unnskyld når eg kom i bilen. Han forsto settingen. Så eg spurde om me skulle reise til frisøren i dag. JAAA!! Eg elska jo flisølen eg, mamma!!! Så han fekk klyppe seg og bli endå tøffare, med raud lugg!! :)
Då me kom heim reiv han av seg kleda. Han skulle vera tøff fotballspelar, så han fann fotballshorts og drakt. Etter ein halvtimes tid fann han ein anna shorts. Den kledde han på seg istaden. Den drakta han hadde til den første shortsen passa ikkje til den "nye" shortsen. For drakta var raud og shortsen var blå, grøn og kvit. Nei, han måtte ha ei blå tskjorte. Ok.
Så skulle me på Kaupanger. Han fann seg endå eitt nytt antrekk. Lysblå, adidas bukse og gensar. Men ikkje med ull under. Så då vart det av og på att med kleda... Du kan ikkje gå med dei kleda du hadde istad då, Emil?? Nei, mamma. Eg MÅ ha desse! Kvifor det då, Emil? "Belle foldi!!!" (berre fordi) Ja, vel... Du får kle på deg sjølv... "Ja, da KAN eg, mamma!" Ja, det veit eg vennen... Du øver deg jo tross alt fleire gonger for dagen!!!!!
Kleskåpet er ALDRI ryddig! Han har kle overalt! Det er jo igrunn fint at han bryr seg om korleis han ser ut...  Og jammen er det mange ting ein kan krangle og diskutere over, så at han "jobbar" med kleda sine er heilt greitt. Kan rett nok vera LITT slitsomt innimellom, at eg aldri finn gode nok kle til han... Men OK. Han er ein racer til å kle seg sjølv! :)

Me får sjå kva kle morgondagen bringer!

Ha ei fin veke alle saman! :)

fredag 4. januar 2013

Det er fredag. Det er helg.

Det er fredag! Det er helg! seier han "duden" på radioen. Han har rett. Han spelar brukbar musikk ein fredagskveld. Denne veka vart jo litt amputert sidan me ikkje start før onsdag, men likevel er det godt med fredagar. Me har kosa oss heile romjula, og det var kjekt å starte på kvardagen att. Kvardagen starta med eit brak; planleggingsdag på jobben halve dagen, og skulestart på høgskulen resten av dagen. 7 timar med matematikk... Den som skal undervise så lenge bør vera inspirerande! Elles kan det bli ekstremt.... Ekstremt kjedeleg...!!! Tenk positive tankar, tenkjer eg. Men eg slit alltid når det er att to timar... Då må eg tenkje; tre kvarter til det er eit kvarter til det er ein time att...!! Det KAN hjelpe!:-) Det er kjekt å vera i ein klasse att, etter mange år... Mange hyggelege studentar som er der for å få litt djupare innføring i matematikk. Av og til lurer eg på kor djupt må ein gå???!! Er ALT like relevant?? Då er det befriande når nokon spør akkurat det spørsmålet til lærar. Heldigvis er det ikkje berre eg som tenkjer på relevansen her..!:-)
Etter ein kortare dag på skulen i går, og resten av planleggingsdagen min på jobben så henta eg Emil i barnehagen. Han var så glad for at eg kom for han hadde tegna til meg... Ein prinsessefe...!! Veldig fin og eg vart veldig glad! Men eg håpar han ein dag kanskje har lyst å teikne ein trailer eller ein traktor eller noko!:-)
Og i dag er det fredag, og fyrste dag med superklassen min!:-) Superglad og supermotivert!!:-) Skuledagen vart avslutta med trening for personalet; spinning. Fantastisk avslutning påndagen, og start på helga!
Så no er stearinlys tente, to søte små er lagde, ei har venninnebesøk og gubben er på fotballtrening! Alle smiler!:-)
Tre av fem skjorter er strokne til me skal i barnedåp på søndag! Tek resten i morgon! Me gledar oss, og eg gledar meg til å vera fadder for ei fin, lita jente!:-)

God helg alle saman!

Gjer noko som gjer at du smiler! Då får du eit smil tilbake!:-)
Det er fredag. Det er helg.
Anne Merethe

onsdag 2. januar 2013

Fotballturnering

Nytt år, nye mogelegheitar. Tenk over det. Er det noko du har lyst å gjere? Gjer det då vel!:-)
Eg fekk gjort noko i romjula som eg har hatt lyst til lenge, men som eg ikkje har funne mogelegheit til å gjera. Merk at eg skriv: har ikkje funne mogelegheit til... Eg skreiv ikkje at eg ikkje har hatt mogelegheit til. For stort sett så har me mogelegheit til å gjera det me vil. Det handlar ofte om prioriteringar... Eg har ikkje prioritert å spele fotball. Men endeleg fekk eg, saman med fotballstyret i IL Bjørn, arrangert innandørs fotballturnering for alle!!! Og heldigvis fekk eg vera med på eit lag! Det vart ein supersuksess!!!:-)
Snøen lava ned laurdagsmorgonen. Perfekt innevèr! Klokka 08.45 tok eg med meg baggen med adidas inne-fotballskoa mine, premiar til vinnarane, dommarfløyte og sprit til å vaske den med, sidan det var mange som skulle få prøve seg som dommarar. Tek ikkje sjansen på å vera ansvarleg for ei smittebombe..!! Og sjølvsagt litt pengar til kiosken måtte eg ha med.
Dei fyrste laga kom litt før 09.30. Like spente som meg. Klokka nærma seg 10.00, og avspark. Laga stilte opp, eg sjekka at Røde Kors var på plass, publikum var byrja å kome på tribuna, kiosken var i sving og dommaren bles i gang fyrste Fair Play-grendacup som har vore arrangert av fotballstyret.
Det var unge med, dei som hadde litt fleire år på baken, dei som har spela fotball kvar dag sidan dei kunne gå, og dei som aldri har sparka fotball før. Dei som er fulle av konkurranseinstinkt og dei som tykkjer det sosiale er det viktigaste. Poenget med denne dagen var at det skulle vera plass til alle!!! Og det håpar eg folk følte!!:-) Neste år kan me kanskje prøve med fleire prisar for at alle skal bli med neste gong óg... For me vil at alle som var med denne gongen har lyst å vera med fleire gonger!:-)
Kampane gjekk smertefritt, og me dreiv på heile dagen. Tribuna var fullsett heile dagen, og stemningen var god!! Eg spelte fire kampar, innimellom sekreteriat-jobbing, tømme bos, fylle på papir, veksle pengar, stå i kiosken, passe på at rett avgjerdsler blir tekne, sjå til ungane og passe på at folk har det bra på turnering! I kampens hete blandt erfarne og aktive fotballspelarar kan det vera fort å gløyme at dommarane i denne turneringa er ein spelar frå eit anna lag, og skal behandlast deretter! Då er det viktig for meg å støtte "dommaren", klappe han på skuldra og takke ekstra for innsatsen! Og spelarane må hugse på Fair Play..!!! Balansegangen mellom alvor og moro er ikkje alltid lik for alle...!:-) Men me har plass til alle!!
Fair Play-prisen i 2012 gjekk til damelaget "The Nurses". Dei var eit reint lag frå ei bedrift, som la  vekt på at alle fekk vera med uansett alder og erfaring. Det var spelarglede og humor i laget. Og dei spelte fint mot andre lag. Slik me såg det var ikkje fokuset på å vinne, men å delta!! Flott!!
Jostedal FK var nest siste lag som meldte seg på turneringa, og dei kom som ein rakett og vann heile turneringa! Gratulera!:-)
Gossip Girls vann dameklassen. Unge, lovande, spreke jenter. Det var i den alderen eg slutta med fotball. Så sist eg spelte fotball så var eg på deira nivå.... Og trudde eg fortsatt var der... Fekk meg ein tankevekkar... Eg ER ikkje så sprek som eg var ein gong. Heile laget mitt varma opp ute i gangen: jogga vanleg, sidelengs, høge kneløft, hoppa... Sikkeleg klare... Og SLITNE FØR KAMPEN BYRJA!! Jau, jau... Men eg fekk scora 6 mål. Og mål er mål. Og det er det som er så moro!! Å banke ballen i nettet!!! Eg trur me må få til litt fotballspeling her slik at det ikkje treng vera eitt år mellom kvar gong!! For eg er framleis STIV i føttene, armane, ryggen, magemusklane.... I dag er det onsdag...
Juniorserien var avgjort på myntkast. Det er ikkje Fair Play å avgjere finalen på straffespark, så vart det kron og mynt. Bra jobba av begge laga i finalen. Neste år håpar eg fleire juniorlag blir med.
Premieutdelinga då klokka nærma seg 18! Så var det oppattrydding før eg gjekk heim med baggen min kl 19. Etter ein lang dag i hallen. Utruleg mange blide og fornøgde folk. Positive tilbakemeldingar. Snøen hadde gått over til regn. Det gjorde ingenting. Eg var glad. Turneringa var ein suksess.
Neste år håpar eg at eg ikkje blir SÅ stiv i føttene. Sjølv om eg sikkert ikkje var den einaste som gjekk inn i det nye året med gangspir...!:-)

Godt nytt år!
Eg gjorde noko eg lenge har hatt lyst til. Gjer det du óg!:-)

Anne Merethe