fredag 21. desember 2012

Desember

Jøye meg! Her kom juli! Plutsele og brutalt! Og hjarteleg velkomen!
Sånn klisje ein seier som at "jøye meg, tidn gaor jammen fort de! Me veit ikkje ao da før da e jul..!" Det kunne aldri passa bedre enn i år. Eg hoppa i noko nytt i august; jobb som lærar. Var veldig spent på korleis det kom til å gå. Eg trur det har gått fint. Har lite å samanlikne med, men det er som eg seier til elevane mine; sjå i ansiktet på dei andre; ser dei glade eller lei seg ut? Eg har sett veldig mange blide vaksne og barnefjes. Håpar det er bra.
Ein dag låg det eit brev til meg på kateteret; "Til snile Ane Marete. Det beste med deg er at du er nydelig". Ah, tenk så fantastisk!! Herlege ungar eg har i klassen min!
Hausten har gått som ein røyk, og med eit ganske avslappa forhold til matematikkstudiane på hausten, må ein sjølvsagt ta det att rundt eksamenstida. Og den byrja i midten av november. Og vart avslutta 14.desember. Med eit brak. Og ein andregradslikning. Me får sjå. "Hund er hund... Matte er matte."
I dag avslutta me fyrste delen av skuleåret 2012/2013. Julepakkane er klare. Julekakene er i boks. Pinnakjøtet er handla. Dopapir skal eg handle i morgon. Treng eg meir då?
Tek vasking i morgon. Ungane kan få bade. Dei elskar Lustrabadet. Kven gjer ikkje det? Ja, ja... Kan vera litt pinleg å ha med seg ein fireåring som spør om alt mogeleg. Utan å tenkje på stemmevolumet sitt... Så me tok oss ein prat ved middagsbordet ein dag. Emil, du kan ikkje spørja og peika på folk veit du. Det er ikkje så fint... Han såg på meg, rynka på panna og sa: Men, hallo! Mamma! Me hal jo liksom ein fingel som heite peikefingel, kan eg isse bluka dan dao???!!!
Er ikkje så lett å forstå alt når ein er berre fire år. Sjølv om "ein skulle vøri fire år i romjul"...
Me gledar oss til jul no! Alt er unnagjort av julefestar. Julefest i barnehagen med graut og gløgg var kjempekoseleg. Veldig heldige som har ein så stor og fin barnehage!
Julefesten på skulen er alltid magisk. Så mange born som står med tente lys og syng... Eg får gåsehud berre eg tenkjer på det!! Tårene trillar på foreldre og søsken... Har ein ikkje julestemning før ein går på ein slik julefest så får ein det i allefall etterpå!
Juleavslutning på hiphop. Utruleg kor mange flinke og energiske born me har i kommunen! Dans skapar slik ei enorm glede! Prøv det ei som vil!
Så var det juleklubben til Anja. Sidan eg har vore i og hatt juleklubb med "min" klubb, så ville jo gjerne Anja ha slik klubb òg. Det byrja i 2008. Kvart år har me hatt juleklubb. Og det er SÅ kjekt! Jentene kosar seg, skravlar og lagar små juleting. No vil sjølvsagt Malene ha slik klubb òg. Så ho får få påskeklubb ho då! Kjekt å lage til noko for andre.
No lagar eg til grendacup i romjula! Håpar det blir bra! Spennande med nye ting. Og stas når folk likar det og vil vera med!! :) Eg sa til Malene at pappa skal spele på eitt lag og mamma skal spele på eit. "Mamma? No tulla du med meg, sant? Ska DU spela fotball??" Hehe... Det ER mange år sidan sist, men jau, eg var ein ganske habil fotballspelar i si tid... Heldigvis stiller Røde Kors i hallen. Trygt. Fornuftig.
No er det fredagskveld. Har tent stearinlys og skal berre nyte at det er juleferie. Eit glas med Pepsi max. Mmm. Eg gledar meg til jul og julekos med alle mine!:)

Dette var ein liten oppdatering. Skal prøve å bli flinkare i 2013.

Så les de dersom de vil. Dersom ikkje, så gje nokon ein klem.

God jul til dykk alle!! Håpar de får ei fin julehøgtid! :)

søndag 11. november 2012

Farsdag

Farsdag...
Sidan eg var i 40 års dag i gårkveld og natt, måtte nok far i huset stå opp og ordne frukosten sjølv. Han fiksa det. Eg gav han ein suss på kjaken og sa at pakken låg i garasjen.. Snille Anja gjekk ut og henta den, så han slapp hente den sjølv... Var jo litt usikker på om han såg det som terging dersom han måtte ha henta den sjølv, pakka den opp, og såg at det var ei BOK!!! Haha, han har ikkje lest ei bok sidan ungdomsskulen og så var dagen i dag, han skulle få seg ei bok. Eg er så lei av å kjøpe sokkar, tskjorter og andre ting som han egentleg kjøper seg sjølv når han treng det. Så difor fann eg boka til Cecilie Skog. Den kjøpte eg. Og den fekk han. Etter at eg hadde lege ein timestid i senga for å prøve å sove litt til, sto eg opp og han sa: Skal eg til å lese bok??? Ja, sa eg. Versågod. Takk! Hahah! Eg trur han kjem til å like den. Viss han får byrja på den. Eg skal i allefall lese den. Og det var ein god tanke bak presangen i alle fall! :)
Kl 10 opna Lustrabadet, og i dag måtte matematikkstudiane mine vike for bading. Er ikkje spesielt glad i bading, men OK. Kva gjer ein ikkje for ungane. Dei eeeelskar å bade. Malene gløymde baderingane heime. Så ho dreiv og viste meg kor flink ho var til å dukke ned med hovudet under vatn, medan ho sto... Eg sa at når du er så flink til å ha hovudet under vatn, så kan du jo svømme under vatn. Det er lettare det enn over. Og jammen torde ho, og jammen klarde ho det! Så no har ho plutseleg lært seg å symja!!! Men ho må ha symjebriller, slik at ho ser kvar ho søm!! For det er heilt imponerande kor mange folk som vil bruke badelandet "vårt"!! Masse folk, heile tida!! Så sjølv om eg var sånn halvlunken til bading i dag, så var det kjempestas at Malene lærte seg å symja!!! :) :)
Til middag i dag, hadde me med oss mamma og pappa, Helgi, Kristine og Markus, Mats og Lilja på La Pergola. Ganske lang ventetid, god mat, ungar med makk, dårleg tid for meg skulle rekke kino... Men likevel  så er det så digg med ferdiglaga mat, og ein kan berre gå frå bordet utan å rydde etter seg! Og i dag; pappa; takk for maten!! :) :)
Så me sprang frå bordet, og opp til kulturhuset, sette oss ned og lot maten synke. Reisen til Julestjerna. Ungane sat som lys og kosa seg, me vaksne tykte òg det var ein fin film med enkelte gode kommentarar som me kunne le litt av. Fin ettermiddag.
Me fekk tilbod om eplekake på Kaupanger, men sidan me hadde vore på farten heile dagen, fann me ut at me reiste heim til "Vaffelhjarte" byrja.
Håpar alle fedre har hatt ein fin farsdag! :)

No er det kveld og kveldsmaten skal på bordet. Ei ny veke er i emning. Og eg gler meg! :)

Ha ei fin veke alle saman! :)

lørdag 3. november 2012

Ynskjer deg ein fin laurdagskveld!

Starta helga i gårkveld med ein koseleg lommelykttur! Hadde me ikkje hatt det på agendaen hadde me vel sete inne og egla på kvarandre. Men heldigvis hadde eg lovd turlaget at eg skulle ta ansvar for lommelyktturen i haust. Det var ikkje så mange som møtte, men me som var med koooosa oss ute heile kvelden!! Slikt bør ein berre gjere oftare!!:-) Og eg burde jo hatt bilder frå turen, men det har eg dessverre ikkje.
I dag starta eg dagen med 10km på mølla før det var kafé med heile gjengen. Og sidan det er bygdefest i kveld så har me køyrt ungane til besteforeldra i kveld. Dei kosar seg visst med taco både på Kaupanger og i Luster! Stas!!
Eg har kjøpt masse lys, har tent dei og sit og ventar på besøk! Kos!!:-)

Håpar det blir ein bra laurdagskveld for alle!:-)
Det var berre ein liten oppdatering sidan eg plutseleg fekk med minutt til overs!

Anne Merethe

onsdag 31. oktober 2012

Jau dao, eg e i live...

Tjohoooo!!!! Jau dao, da e liv her!! Det er berre det at det skjer så frykteleg mykje heile tida, at eg får rett og slett ikkje tid til å setje meg ned for å skrive noko her... Brøkar og andregradslikningar stjel litt energi merkar eg... Tredje arbeidskrav i matematikk er godkjent, no er det berre det fjerde som skal leverast før det er eksamen om UNDER ein månad!!!! Fy flate... Eg hadde i grunn bestemt meg for at eg aldri skulle ha ein einaste eksamen att ever, etter eg var ferdig med førskulelærarutdanninga... Men jau då, no er eg veldig nærma ein... Og eg kvir meg!! Men det skal eg slutte med! Eg må tenkje: Hvis du tror det går bra, så går det bra! Eg skal tenkje på harde livet... Berre eg ikkje gløymer å tenkje på det eg skal då... Formlar og talsystem og likningar... Heuheu! Eg gleeer meg t jul!!:-)!Og til sommarferien!:-)
Kunne veldig trengt ein trimtur i kveld kjenner eg,... Har kosa oss inne i heile ettermiddag. Bakt og ete bollar, drukke saft og kosa oss med anti-Halloween!:-) Og ein luftetur hadde ikkje vore feil... Men sidan det ikkje let seg gjere så skal eg jammen bruke den halve fridagen min i morgon til ei god trimøkt!!! Kan nesten ikkje vente!;-)

No er det litt skulearbeid som skal gjerast! Fekk no skreve litt her no...


Ha ein fin kveld alle mann!!:-)

lørdag 13. oktober 2012

Haustferie

Haustferie! Me starta dagen grytidleg, MED vinterdekk og sette kursen over Hemsedalsfjellet. Som biletet viser så var det snødekke i vegen kl 08.00. Sola var byrja å kryppe oppover bakom fjella så den snøen tinte nok når me nærma oss Oslo.. Det er ei spesiell stemning å køyre bil så tidleg... Kos! Ungane kosa seg i baksete med lydbok, musikk og prat. Me hadde litt tidspress på oss, så me køyrde forbi ein del bilar nedover... På kontrollert vis altså! Men då me kom inn i Oslo, og det vart fleire felt så ropar Emil frå baksetet: HEY!!! Dai snike i køen!!!!!!! Hehe, Emil... Her er det tre felt attmed kvarandre her, fordi det skal vera plass til alle bilane... :)


 Fin haustsol, men litt vind då me reiste frå Oslo! Ungane sto ute og gleda seg til turen!
Malene ser mykje interessant ute, frå lugaren vår.


På turen ned var eg veldig glad for at det fanst noko som heitte Postafen! Det gynga ganske kraftig tykte eg, så eg hadde nok lege paddeflat dersom eg ikkje hadde teke reisesjuketablettar! Men sidan eg hadde gjort det, var me klare for KapteinKid-show kl 15, bading kl 15, middag kl 17.30, danseshow kl 18.30, litt trakking etter det, og så leggetid!
Onsdag vakna me opp, åt frukost og gjekk i land i Kiel. Der var det regn og litt vind. Etterkvart klarna det opp, og eg gjekk på båten med godt mot! Starta heimreisen med ei økt på 3dmølle på nest øverste dekk. Som de kan sjå på biletet så ser eg utover havet medan eg jogga. Følte eg jogga heim! :) Heldigvis var sjøen roleg! Godt med ei treningsøkt!
Same program som dagen før, på veg oppatt. Stor stas for ungane!!:) Torsdagsmorgon segla me inn Oslofjorden til fint haustvèr! Fin, fin tur!! Ungar og vaksne var storfornøgde!! :)
I Oslo handla me litt, var på kosleg besøk ho Jorunn og hos Line og Jarle! Tusen takk for oss! :)
Heimvegen gjekk like fint som turen ned. Ungane krangla ikkje ein einaste gong! Me hadde diverse konkurransar og snakkisar, så eg har endå til gode å oppleve ein tur der me hadde trengt dvd-spelar i bilen..!!!

No er me klare til dåp i morgon, og fullt køyr på skulen måndag!

Anne Merethe

torsdag 4. oktober 2012

Haust

Har aldri tykt haustferien har kome så fort som i år! Fyrste bolk som lærar er unnagjort... Og kjensla er god. Likar meg. Gode kollegaer. Herlege elevar. Mykje å gjera. Mykje å læra.
Godt teikn at tida går fort!
Eg ville bøyga meg minst mogeleg for å knyte skoa mine, så difor tok eg foten oppå ein benk. "Eg orka ikkje bøyga meg meir enn eg mao", sa eg. "Da vakje likt deg!" var kommentaren eg fekk... :) Hehe, nei eg har mange jarn i ilden, og likar å ha mykje å styra med. Det gjev meg energi! :) Er det ikkje slik at dei som har lite å gjera på, gidd mindre òg..? Dei som allereie har mykje å gjera på klarar å presse inn litt til? Og med tre ungar så skal ein ikkje kjede seg! Eigentleg burde eg tømt oppvaskmaskina før eg legg meg, men det kan godt hende at den står til i morgontidleg... Så tek eg den då... Men i grunn så er det best å starte fredagen med eit ryddig kjøken... Så kanskje eg tek det i kveld likevel... ;)
Har hatt ein fin fin dag, med kooosleg kafèbesøk fyrst, og hyggeleg besøk på ettermiddagen! :) Huset fullt av ungar som kosa seg med bollar og saft, leik og barnetv! Kvalitetstid!! :)
Hausten er i grunn ei fin tid. Norske epler; sure som eit fly, men likvel sååå gode!! Eplekake, stearinlys, varmepumpa som "sjugar"... Søndag regna det og bles, og etter ein runde rundt bygda var det godt å kome heimatt til ei eplekake som eg tok ut av ovnen rett før meg gjekk ut. Så den var passeleg varm då me kom innatt. (Emil ville ikkje ha eplekake, så han fann seg ein pakke med rosiner som kan skimtast på bordet... :))
Malene er no klar til sin fyrste haustferie. Ho har opplevd mykje denne hausten som skulejente. Særleg denne veka har vore eit høgdepunkt for begge skulejentene: Dei har fått bada i nye Lustrabadet!! :) Stas!!!

No er det kveld. I morgon er det haustferie. Ha ein fin ferie alle saman! :) Heime, på jobb eller på tur! :)

lørdag 29. september 2012

Laurdag

Laurdag.
Kveld.
Heile veka ligg bak meg. Lærer så mykje kvar dag. Mykje å ta med seg.
Gjer ting som gjev deg energi. Viktig!
Herlege klubbjenter ein torsdagskveld! Kjempekos! Og gjer at ein føler seg verdsatt og er full av energi dagen etter.
Fredagskveld; samankomst med andre instruktørar på treningssenteret. Motivasjon!
Laurdag; kafèkos med ungane fyrst. Eine besøket etter det andre etterpå. Smil og ver glad for kvar dag som går, så skal du sjå kor mange venner du får! :) Kvalitetstid med nokon som betyr noko! Ta vare på dei du kjenner og er glade i!
Og haustferien er i boks! Kiel. Med båt. Stor båt. Og ja, Emil me KAN stå i den båten. SJølv om den køyrer... :) Skal sjekke yr.. Dersom det blir storm, blir me på Aker brygge istaden. Håpar på ein like fin tur som i fjor.
Greitt å friske opp tysken sin litt av og til... Ein gang i året er passe. I fjor var me inne på ein skobutikk. Og eg hoppar i det og spør, PÅ TYSK, etter ein spesiell sko i str 36. Og ho dama svarar at ho må inn og sjå på lageret. Eg ventar og Anja ser på meg med store auger; Kan DU tysk, mamma? Hehe, tjaa.. jau, (det verka jo som det gjekk greitt så eg seier no ja.) Og Anja er litt stolt av mamman sin... Så kjem ho att, ho der dama, og seier at dei hadde ikkje den skoen. Og så seier ho myyykje anna òg... Og då forsto eg at Anja burde ikkje vera SÅ stolt over meg... For eg var visst ikkje SÅ godt i tysk likevel. Eg trudde ei lita stund, at det var i grunn ganske enkelt. Men nein, det var ikkje så enkelt likevel. Eg nikka, smilte, takka på tysk og gjekk. Så snakka eg engelsk i neste butikk. Veit fortsatt ikkje kva ho sa, ho der dama som ikkje hadde rett skostr... Kanskje at dei fekk den inn neste veke? Er ikkje det naturleg? Eller at dei hadde den i ein anna butikk? Eller at den var ute av produksjon? Sikkert det siste.
Søndag i morgon. Siste dagen i helga. Helgane er så fine når kvardagane er så fine. Opplading til ei ny veke! Så kjem haustferien plutseleg neste fredag!
Burde lagt ut bilder her snart... Det blir ikkje i dag. I morgon kanskje.

Ha ein fin laurdagskveld!
No skal eg ete siste sjokoladebiten. Den ventar på meg. Mmmm...


søndag 16. september 2012

Miniputt-turnering

Eg sto opp i dagtidleg og såg at vèret var som det var meldt: overskya og regn. Skodda langt nedetter fjellsidene. Takk og lov for at Sogndal skal arrangere siste miniputt-turneringa for denne sesongen tenkte eg. Folk delte mi meining då me ankom Storhallen i Sogndal. Men allereie ved fyrste augekast såg me at dette kom til å blir trongt. 8 baner pressa inn på ei stor bane. Og ungar, vaksne, foreldre, arrangørar, dommarar, trenarar surra alle stader. Det aula av folk der inne. Og som trenar så prøver ein å kommunisere til ei viss grad med spelarane utpå bana. Ingen vits i dag! Det vart slikt eit lydnivå at det var håplaust å få sagt noko som helst. Då måtte eg i tilfelle ha hoppa og hoia på sidelinja slik at dei fyrst såg på meg, og slik kunne ha lese på kroppsspråket mitt kva eg meinte. Men nei... Eg prøvde å rope litt innimellom, men eg trur ikkje dei høyrde meg. Og desse små 5, 6 og 7 åringane treng litt meir forklaring enn det dommaren viser med hendene , så det vart litt dårleg med rettleiing på denne turneringen. All æra til Sogndal for at dei ha kome på å laga 8 små baner istaden for 6 på ei bane og 2 på ei bane til... Det har dei andre arrangørane måtte gjort. Men konklusjonen er vel at SÅ mange lag, med tilhøyrande foreldre og søsken, besteforeldre og andre interesserte blir for masse. Og kiosken gjekk sjølvsagt tom. Og etter enda turnering fekk ungane diplomar UTAN navn på!!! For det kan trenaren/lagleiar gjere sjølv... Er det mogeleg? I andre klubbar skriv både arrangementsansvarleg og klubbleiar under. Eit lag hadde ikkje med seg penn, så der må foreldra skrive på navnet til sin håpefulle når dei kjem heim... Er Sogndal så overlegne at dei kan gjere nett som dei vil??? Kan dei krevje at ingen av sine lag skal spele mot kvarandre? Er det Fair Play at dei står rett framfor keeper til motstandarlaget slik at den ikkje klarar å spele ut ballen? Det er Sogndal som gjer det. Eg har lagt merke til det i fleire kampar på ulike årssteg.
Laget til Anja kunne ha spelt i serie i år, i tillegg til turneringar. Men me har valt å ikkje gjere det. Då hadde me kanskje mista fleire spelarar som ikkje vil vera med når det blir for seriøst, og bygda vår er ikkje så stor at me ikkje treng alle som vil vera med. Difor vil me vente til neste år før me byrjar med seriespel. Kaupanger og Sogndal veit eg er med på serien. Det merkar me når me spelar kampar mot dei. Dei er allereie starta med å spesialisere seg på posisjonar på bana og differensiering. Sjølvsagt held me ikkje følgje med dei. Men det er eit val me har teke. Og eg står for det. Heldigvis har me 9 spelarar som har vore med heile sesongen!:) Neste år er me klare til kamp i seriesystemet!
Malene er nettopp starta med dette sirkuset. Me køyrde heimover i ettermiddag, og i Årøyane såg me ein saueflokk som gjekk mot grinda. Malene sa: Sjå mamma, alle sauene går same vegen! Ja, sa eg. Det er slik at når ein sau går mot ein ting dei vil ha, så går alle dei andre etter. Slik er det med dykk på fotballbana òg, dersom ein av dykk spring etter ballen, så spring alle de andre etter!!! :) Og det ER slik fyrste året på miniputt! Og det er sjarmerande! :) Det er ikkje slik at alle born har foreldre som sit og ser fotballkamp på tv. Dei veit ikkje at nokon spelar bak og nokon framme, nokon må vente på sidelinja før dei får inn, at når ballen er over sidelinja så må me kaste den inn... Alt dette skal lærast! Og på ein dag som denne INNE i ein storhall med 1500 mennesker så er det ikkje så godt å forklare alt etterkvart. "Learning by doing", sa Dewey. Slik er det. Me må lære ved å gjere det. Dette var siste turnering for i år, og me har lært mykje på dette året. Fotball skal vera moro, skape samhald og glede! Det er det viktigaste! Sjølv om alle likar jo å vinne... :)
Og sjølv om alle var glade for at siste turneringen skulle vera innandørs så var nok alle like glade for å kome seg derifrå og ut, då dei var ferdige!!! :)

Anne Merethe.
Trenar for to lag, sprang i mellom, gaulte og hoppa, kjøpte pølser og saft, leita etter ungar, følgde dei på do, fann rett bane, helste på kjente, gav ros til laga mine, administrerte besteforeldre, passa på sekkar, kasta bos, tok bilder... og reiste heim. Takk for ein fin dag med kjekke ungar! :)

lørdag 15. september 2012

Kon Tiki

I gårkveld var det kinokveld for dei eldste jentene i familien. Anja hadde med seg ei venninne òg. Me sette kursen mot Sogndal og gleda oss til å sjå Kon Tiki. Anja var veldig spent på om filmen var skummel, for me hadde sett litt av ein dokumentar om korleis dei laga filmen... Me såg det var mykje bølgjer, torden og haiar... På dokumentaren såg me jo korleis dei laga bølgjer, la på lyd for å dramatisere det endå meir, korleis mannskapet holdt seg fast medan ein kran heisa opp flåten på eine sida. Korleis kom dette til å sjå ut på filmen, og med all lyden i ein kinosal...
Det høyrer alltid med å vera innom Narvesen for å kjøpe smågodt før me reiser på kino. Kva sin pose med litt digg. Fredagskos! :) Ekstra kjekt med kvalitetstid med eldstejenta. Fort det blir dei to yngste som stjel oppmerksomheit i kvardagen.
Eg har aldri vore spesielt interessert i Thor Heyerdal før. Og noko meir enn at han reiste over på ein flåte visste eg vel ikkje. Og eg har igrunn ikkje hatt noko behov for å vite noko meir heller. Men no fekk eg heile historien på film. Sjølv om eg veit den er skreven om litt. Og at alle personane vart ikkje framstilt rett. Og eg syns ikkje Lustrafjorden er noko stas å kryssa når det bles opp... Det kan eg aldri nemna meir... Det blir for dumt! Det er jo ikkje hai her eingong... Nisar og kobbar... Og eventuelle cruiseskip som lagar litt bølgjer på veg inn til Skjolden og utatt derifrå... Kan nesten kallast krusingar på vassoverflata i forhold til dei bølgjene og dei naturkreftene som KonTiki-flåten vart utsett for...
Er fantastisk å tenkje på at nokon kan tru så masse på det dei meinar er rett, sjølv om alle andre trur han er gal. ""Hvis du tror det går bra, så går det bra", sa Thor Heyerdal. Godt sagt! Eg seier til meg sjølv og til ungane; Vissdu seie du ikkje klara da(td å stao pao ski ned ein bakke), so klara du ikkje da, MEN viss du seie da gaor bra, so gaor da bra!:) Eg og Thor Heyerdal hadde passa fint! Berra at eg kan sømja, da kan ikkje han. Eg bli sjøsjuke, da blikje han. Han e modig, eg e ei pingla. Eg tykkje da e fint her eg e, han vil finna ut kåleis da e adle andre plassa... Ok... Trur da e best sånn da e! :)
Kon Tiki va i allefall ein bra film, litt skummelt dar haiane kom. Men ikkje verre ein enn naturfilm på Discovery.

No er det pizzakveld og kos! :)
I morgon er det fotballturnering i Sogndal. Siste turneringen til Anja. Store jenta mi! :)

Anne Merethe

fredag 7. september 2012

Hei igjen!:-)

Åj, åj... No er det jammen lenge sidan eg har hatt tid til å prioritere bloggen... Dagen går no sin gang den. Og kvar dag kjem eg forsåvidt borti hendingar eg kunne ha blogga om... Slik som i gårmorgon. Endeleg ein morgon denne veka som me kunne tenne lys og kose oss med frukosten før alle  gjekk kvart til sitt. Og Malene ville ha makrell i tomat på skiva si. Sunt og godt, så sjølvsagt får ho det! Men kvifor i hel...tte går det ikkje an å finne opp ein patent på desse jæ..a fiskeboksane!!!! Det må no GÅ AN Å FÅ OPNA EIN METALLBOKS UTAN AT KJØKKENET SKAL BLI FULLT AV TOMATSAUS????!!!! I 2012!!!!!! Så platetoppen og flisane over der, pluss kjøkkenskuffene måtte vaskast, og bidnetvågao stanka fisk etterpå.... Og eg hadde jo ikkje tid til å vaske den før eg reiste på jobb. Men då eg kom heim frå jobb så låg den der og minna meg på kva den hadde gjennomgått om morgonen. Den er vaska no!
Ellers har det vore oppstart på spinning denne veka. To dagar med matematikk på høgskulen. Faktisk interessant! Men likar meg så utruleg godt i nye jobben min at eg skulle ønskja eg kunne vera der kvar dag!!:-) Kjekke og omsorgsfulle kollegaer og herlege elevar gjer at dagane flyyyg avgarde! Fekk ikkje tid til å grue meg til fyrste foreldremøte som kontaktlærar heller. Hoppa i det, og føler det gjekk fint. Likar meg!
Og; hey, me kan ikkje gløyme den "store" happeningen i Gaupne siste helga i september. Me var to stk som møtte på siste styremøte infotballgruppa, og då blir det knakandes effektivt. Det blir Fair Play cup, grendacup. Håpar bygdefolk kan møtast denne laurdagen til sport og moro!:-) Generalen bestemmer. Og generalen er meg! ;-)
I kveld fekk eg meg ein spinningtime. Godt å få sveitte litt, kjenne at kroppen fungerar, og unne seg litt fredagsgodt til tv-kvelden etterpå!
Og litt sjarm og følelseslada sang, så sit jo eg og sippar... Kos!
Me har ei bursdagshelg i vente. Fine Lilja blir 3 i morgon, og gode Simon skal feire 2-årsdagen søndag!
Goood helg!:-)

tirsdag 28. august 2012

Haust

Då var hausten komen. Fyrste dag med langbukse sidan mai var eit faktum. Det liksom ein milepæl det. Eg tviheld så lenge eg kan på sommaren! Det er ei fantastisk tid. Og sjølv om me kanskje ikkje har vore så fornøydde med vèret så har det no ikkje vore så aller verst. For eg har faktisk ikkje gått med bukse sidan mai. Men eg har sjølvsagt brukt alternativ då; men kortare. Også kom dagen i dag, med skodde langt nedetter fjella, regnakavar og ikkje så veldig mange pluss-grader... Eg måtte krype til korset. Til og med støvlar hadde eg på meg i dag. Men eg ga ikkje slepp på ankelsokkane... Idiotisk forsovidt... For ankelsokkar i støvlar... Dårleg kombinasjon... Og eit sikkert haustteikn. Og ungane måtte plutseleg har både støvlar og regnkle. Og då kom eg plutseleg på at støvlane til Malene vart jo vekke i vår dei. Heldigvis er goretex ein god oppfinnelse. Sjølv om det ikkje hjelp så veldig masse dersom ein går i søyler som går over kanten på dei... Det er ein skule-erfaring det òg; ein må ta litt ansvar for å halde seg tørr i løpet av ein skuledag.
Andre haustteikn er edderkoppen som kjem att utanfor eine soveromsglaset oppe. Det er ikkje ein sånn liten krabat som trippar (eller kravlar, eller smyg... eller kva heiter det når ein edderkopp bevegar seg... går kanskje?) fort rundtomkring utan mål og meining. Neidå, dette er snakk om ein feit kropp med kraftige lårmusklar og sånn passe lange bein i forhold til kroppen. Den gøymer seg på dagtid, men rundt leggetid til ungane; då kjem han og stiller seg midt i glaset. Står heilt i ro og... Ja, òg? Eg veit ikkje... Den er no der i alle fall...
Hausten er ei fin tid den. Mange fargar, tidlegare mørkt om kveldane slik at ein kan tenne stearinlys, duren frå varmepumpa, fyr i peisen, ser røyk frå pipene rundt om... Kos! Og litt pes med meir kle... La Manga hadde 26 grader i dag såg eg... Fristande! :)
Men no er me godt i gang med skulekvardag og barnehage att! Moro det òg! Tida flyg så fort når me har det kjekt!! :)

Ha ein fin kveld! :)

søndag 26. august 2012

Søndagskos

Søndag. Greitt vèr. I alle fall opphaldsvèr. Kva skal me finne på. Frode har arbeidshelg... Me andre vil på fjelltur. Men i kva retning skal me gå? Oppover, bortover, langt, kort, i bil fyrst eller gå frå døra... Det vart bil fyrst, opp i Engjadalen. Så tok me med oss sekken; med nista vår, ein New Energy-sjokolade på deling, fire nektariner og litt drikke og starta og gå framover til Navarsete. Fin tur, som ikkje er bratt, men som fremjar lyst til å vera ute blandt både ungar og vaksne. Det er viktig! Me gjekk over bruer, var bukkene Bruse, brukte ei bru til scene slik at me dansa oss over, plukka litt blåbær, såg ein frosk, song på engelsk og norsk.. prata og kosa oss! :) Sauene vart veldig glade for at me kom, og dei ville gjerne sjå kva me hadde i sekken. Me fann oss ein veranda og tok nista vår der me. Utan for nærgåande sauer. Dumme dyr. (Som tidlegare nemnt...)
Det var ganske blautt oppi høgden i dag, så det var gjørmete og skittent. Men me dusja og bada oss då me kom nedatt. Så hjelpte Anja meg og lage bolledeig, og Malene hjelpte til med å bake ut bollane. MMmm.. Godt med litt kos på ein søndag.

I går var det regn og ruskevèr så då hadde me oss ein handledag på Kaupanger og i Sogndal. Der kjøpte me mellom anna lerret som ungane kunne få måle på. Så det har me dreve med i dag òg! :) Fin, fin søndag! Og klare til ei ny veke! :)

torsdag 23. august 2012

Bada, midt i svingen! :)

Me er så heldige her i denne svingen me bur i. Me skal få "oss" eit nytt bad. Eit nytt badeland. Eller eg kan vel ikkje sei eit nytt badeland, for me har aldri hatt noko badeland før... Så me får ikkje eit nytt badeland i erstatning for eit gammalt liksom. Nope, me hadde eit gamalt og skrøpeleg lite basseng, med tesvarande dårlege garderobar og dusjar. Og istaden for eit nytt badebasseng så får me eit stort idrettsbasseng med stupebrett i ulike høgder, ei laaaang sklie med tidtaking og ein klatrevegg der bassenget fungerar som tjukkas..., eit barnebasseng med fontene, eit velverebasseng med massasjemogelegheitar, ei badegrotte med mystisk lys i, to "badestampar" ute. Så her kan verkeleg alle bade. På akkurat den måten ein sjølv ynskjer. Sitje roleg og føle seg i eitt med det våte element, søke fart og spenning i sklia, utfordre seg i ein klatrevegg (i i glass... mot kafèen... Ser verkeleg føre meg meg sjølv med ein arm i eit tak høgt oppe til venstre, ein langt ut te høgre, ein fot langt ut og ned te høgre og venstre på veg oppover..., limt mot ei glassplate, på utstilling for dei som sit i kafèen... Trur eg ler meg i hel!!!!), avslapping i velvèrebassenget elle barneleik i barnebassenget... Dette MÅ berre bli bra det! :) Så heldige me er som bur midt i svingen, her i Gaupne! Og me vil gjerne at folk frå alle stader set seg i bilen og set kursen mot Lustrabadet; berre hugs og hoppe av... i svingen!:)
Håpar bygdefolk støttar opp om Lustrabadet, brukar det ivrig og tek vare på det!! Såg på Vestlandsrevyen i dag at no blir det kunst på veggane! Det blir sikkert superbra! Spenstig med noko nytt! For ein inspirasjon for elevane som no får bading i eit flunkande nytt badeanlegg! Alt ligg til rette for god symjeopplæring. Me bør kunne symje, me som bur ved fjorden....
Og det er eit flott alternativ til barn og unge som ikkje er så glad i fotball. Men òg til dei som vil begge deler. Alternativ er ofte bra. Men ikkje alltid... Ikkje når Emil skal finne ut kva han skal ha på seg om morgonane. Då er det best å IKKJE ha alternativ. Elles blir me ikkje ferdige. For alt skal matche... Og han er fire år... Fotball i ein bærepose frå Match; matchball! Ha ein fin kveld!: :)

NB! Sjekk ut www.nrk.no/sfj. Der ligg det innslag frå Vestlandsrevyen om badelandet "vårt"!:)
Anne Merethe

søndag 19. august 2012

Turnering avslutta sommarferien!

For ein fantastisk søndag!!! :) Perfekt avslutning på sommarferien. For det er no, når skulen startar att, at sommarferien er heilt slutt. Me har vore på Hafslo. På fotballturnering. Og det er SÅ moro!!!! I allefall når det er fint vèr òg! Det er hundrevis av folk samla på ei grasmatte, fordelt utover på fleire baner, i kioskane, på tribuna, i do-kø, på leiting, på veg, i telefon, ivrig heiagjeng... Det er så mykje liv og røre, og berre blide folk! Nokon tapar, nokon tapar litt... nokon mykje... nokon HATAR å tape... Nokon har ikkje fått med seg at dei har tapt.. Nokon vinn, vinn masse, vinn knepent, vinn mot favorittmotstandaren, mot erkefienden... Foreldre heiar, ropar, drikk kaffi, passar jakkar, står i kiosk-kø, leitar etter sine håpefulle, solar seg, skravlar... Uansett om ein har ungar med eller ikkje så anbefalar eg verkeleg å ta ein tur på miniputt-turnering!! :)
Eg har ikkje tid til å skrive så mykje i kveld. Er litt spent på morgondagen. Fyrste dagen som "sjef" i eigen klasse. Det er som ein draum. Det skal bli så kjekt. Men eg er spent. Heilt til klokka har passert 9 og me er i gang. DÅ er eg klar. Og eg gler meg! Masse! Takk for denne sjansen, Luster kommune, les; Linda! :)
Og så er jo Malene skulejente i morgon!!! Vetlejenta... Nei, no er ho ikkje lita lenger... Ho er spent ho òg! Men klar! :)
Anja og Malene klare til kamp. Scora kvart sitt mål i dag. Fornøgde jenter! :) 

torsdag 16. august 2012

Studentliv

Eg sa til meg sjølv då eg var ferdig på førskulelærarutdanninga at eg skulle aldri meir gå på skule... Ein skal verkeleg aldri sei aldri!! I går tusla eg frå parkeringen og inn i dei gamle høgskulelokala; som me før kalla ALI, men som no er ein del av den store revolusjonen på høgskulen og blir kalla Guridalsbygget! Me møtte i studentmottaket i tredje etasje i det enorme og flotte Høgskulebygget. Derifrå vart me losa opp to etasjar, gjennom flotte gongar og ei svær kantine, gjennom ei glassdør og forbi eit fint grøntområde... Opp på asfalten, ned ei sti, forbi gamle allmennfagbygget og ned til ALI, eller Guridalsbygget... Der var alt som før; vanlege tavler, lerret som ikkje gjekk om når dei skulle og ikkje kom ned når dei skulle det... Ventilasjonen var som før; sola sto på og me kokte utover dagen. Og dagen enda ikkje før kl 16!! Men ei artig oppleving! Mange spente studentar, veit ikkje heilt kvar dei skal sjå, kvar dei skal plassere seg i gruppa, kven dei skal setje seg med, kva dei skal sei... Ser med eit halvt auge på både den eine og den andre... Den studenten er sikkert veeeldig flink, den der ser trent ut... lurer på kva den der studenten har gjort før, sidan den sa det den gjorde... Herlighet, kjem eg til å klare dette?
Artig dag i grunn! Men veeeldig dårleg av høgskulen å legge oppstart av eit studie på lærarskulen til planleggingsdagane i det verkelege arbeidslivet!! I dag måtte eg "dele" meg opp, og ta ei stund på skulen og ei stund på jobb. Likar helst å ha kontrollen alle plassar til ei kvar tid.
Fyrst arbeidskrav vart utdelt i dag. Heldigvis har eg fått kjøpt meg bøker som eg får på måndag, så då blir det rekning som står i hovudet mitt!! :) Kanskje sunt for ein periode! :)
Måndag er det skulestart for Malene! Tenk at ho er skulejente ho òg! Berre Emil som er att i barnehagen. Og der vil han helst ikkje vera for tida. Han har hatt to dagar etter ferien og er henta tidleg kvar dag, men likevel tykkjer han me kjem for seint... Han veit han blir henta ei stund etter dei et frukt, så rett etter lunsj i dag hadde han spurt om dei ikkje snart skulle ete frukt... Hehe! Luringen... Sikkert løge for han at ikkje Malene er i barnehagen lenger. Dette går seg nok til!:) Flinke vaksne og gode ungar gjer at han kjem nok til å "finne att" plassen sin snart!: :)

No skal eg ned å pakke sekken hans slik at den er klar til morgondagen! :)

Og så er det snart helg! I kveld starta eg oppatt fotballtreningen for jentene, og dei er superklare til turnering på søndag! Det er moro! Nest siste turnering for dei dette. Neste år er det seriespel!! :)

Ha ein fin kveld!:)

søndag 12. august 2012

Sommardag

Endeleg vart det ein fantastisk sommardag!!:-) Eg og ungane er i Feiga. Frode har nattevaktshelg. Me vakna opp i dagtidleg, trekte i frå gardinene og såg knallblå himmel og sol på Nes!! Her kjem ikkje sola før i 10.45-tida no så me sto opp, såg litt barnetv, åt frukost og tok oss ein liten gåtur medan me venta. Me kom att kl 11, og tok bollar, kjeks og saft på brygga I soooola!! Kooos!!:-):-) Det er som balsam for sjela! Etterkvart kom bestemor, bestefar, Mats og Lilja med båten. Og Frode kom då han var ferdig å sove. Det vart ein heil gjeng her!:-)
Årets fyrste symjetak i Lustrafjorden tok eg i dag! Ikkje så aller verst temperatur i sjøen faktisk. Her hite har me ei strand for oss sjølve. Turistane er sååå misunnelege på kor fint me har det her!
Me kunne reist heim i dag, men det er meldt fint vér i morgon òg så me blir her ei natt til! For i morgon byrjar tempoet å rulle i gang att... Fotballstyremøte for meg i morgon, Frode på kamp tysdag, Malene fotballtrening onsdag, Anja skal på fotballtrening torsdag... Og onsdag er ferien slutt for meg òg; då er det planleggingsdagar før skulestart neste måndag!
Så neste søndag på denne tida er det nok to stk jenter som er veeeeldig spente på skulestarten, og ei som er erfaren på området..:-) Me gler oss alle saman!!
No tek eg meg ein søndagssjokkis, tenner eit lys og ser utover den stille Lustrafjorden!:-)
Eg skulle hatt nokre bilder å lagt inn her i kveld, men det får vente til eg får fikse det heime!:-)

onsdag 8. august 2012

Ein dag på Sogn Folkemuseum kan anbefalast!




Kvar gong me køyrer forbi Dei Heibergske Samlingar på Kaupanger-skogen, eller museumet som me seier til daglegtale, så har ungane lyst å stoppe. Men som regel er me på veg til eit eller anna, eller heim frå eit eller anna så det blir liksom aldri. Me var der i haust for då var det familiesøndag, og det hugsar ungane godt.
No såg eg i avisa at det skulle vera museumsonsdag. (Det har visst vore fleire gonger, men det har ikkje eg fått med meg) Så eg bestemde meg forrige veke at DET skulle må få til. På generelt grunnlag vil eg tore å påstå at me er for lite flinke til å besøke lokale attraksjonar... Eg er i allefall for lite flink til det.
Tenk, turistane reiser frå alle verdens hjørner for å sjå kor fantastisk me har det her i Noreg, og spesielt på Vestlandet. Me må hugse å sjå det sjølve òg!
Eg til dømes har budd på Kaupanger i alle mine barneår, og køyrt til Feiga via ferja frå Solvorn til Ornes nesten dagleg om somrane, og eg har ALDRI vore oppe i den verdensberømte stavkyrkja!!! Det er nesten pinleg... Eg har sett ho alle dei gongene eg har køyrt forbi nedi vegen, og eg har sett alle turistane som har gått og køyrt opp til ho, men eg har aldri vore der.... Eg MÅ ta den turen ein dag. (På Kaupanger var me jo så heldige at me hadde stavkyrkje, så eg har jo ei viss peiling på korleis den ser ut, den på Ornes òg..)
Men i dag var det altså museet som sto for tur. Og ungane vil sjå alt! Det fyrste dei ville sjå var bjørnen som har tusla litt frammi Jostedalen og som til slutt vart skoten i Fjærland. No ligg han daud som ei sild inne på museet... Litt "blod" ligg ved nasen hans... Den er ikkje så veldig stor, men ein ser jammen for eit grovt og sterkt dyr bjørnen er. Me klappa på den... Merkeleg! Tenk å ha mogelegheiten til å kjenne på pelsen til ein ordentleg bjørn... Attmed den låg det diverse dyrefeller som me betrakta og spekulerte på korleis kunne brukast. Spennande!!
Så ville ungane ut og sjå. Me var innom i eit hus der det sat to damer; den eine broderte og den andre karda ulla, spann på rokken sin og lagde garn. Me song "surr, surr, surr, rokken den går, garnet vi får..." :) Kjekt for ungane å forstå innhaldet i sangane. I ei anna stove sat konstabelen og passa på. Han hadde ikkje fått tak i Gjest i dag heller!! :) Han hadde rømt 57 gonger, fortalde han til Anja. Og me fekk sjå lenkja hans!
Grisene grynta og rulla seg i driten då me kom, sauene breka då me sang bæ, bæ lille lam til dei. Hesten vart SÅ glad for at nokon ville klappa den og sei kor fin han var. Rundt desse dyra gjekk hønene og tippa. Emil hoppa opp i fanget mitt: BITE dei, mamma?? Nei, sa eg. HOPPA dei opp pao meg, mamma? Nei, sa eg. Hjelp, no kjemme ho!! ropa han, ber meg vekk herifrao NO!!! Ja, men Emil; dei ekje farle... Her på Bruflatfeltet er det lite kontakt med dyr... Skjønar det kvar gong me er på gard, eller treffer dyr i fjellet. Ungane i dag er ikkje vande til å ha kontakt med dyr. Åh, det er så synd tykkjer eg. Eg trur eg må ha meg ein gard!:)
Inne var med nede i kjellaren for å sjå på "Tannlegekontoret". Det hugsa dei så godt frå sist gong. Litt fryktinngytande... Heldigvis har ikkje Tannlege Bøthun som eg går til, slikt utstyr...! :) Me såg på utstillingar frå kyrkja i Dale, bunadar frå Luster, utstilling om vatn, gamle møblar, gamle leiker... Ungane spelte dokketeater til meg. Eg trudde eg hadde ledd meg i hel. Så enkelt, så spontant og så ustyrteleg morosamt!
Ein is etter heile runden, der me sette oss ned i sola og fann ut at me hadde hatt ei fin stund på museumet! Og at me gjerne ville tilbake snart!

Anne Merethe

søndag 5. august 2012

Sommaren går mot slutten...

Det er stille i huset i kveld. Ungane får sove med besteforeldra på Kaupanger. Dei storkosar seg der. Fyrste natta i heile sommar at me er berre to vaksne i huset... Det er heilt rart. Veldig stille. Kjedeleg i grunn. Ser etter ting å gjera. Sett deg ned og les ei bok... "Hæ, ska eg SITTA og LESA ei BOK??" Når eg kan gjera nyttige husting i fred og ro, uten å ta av ungane si tid...? Nehei, det gjer eg når har gjort noko ein heil dag, og snart skal legge meg. DÅ kan eg lese ei bok. Men det blir ikkje før til hausten... Minst... No kan eg rydda, vaske kle, legge samen kle, rydde litt meir... og skrive litt her. Så kan eg støvsuge før eg hentar dei att i morgon. Men i morgon startar kvardagen att. Litt i allefall... No skal eg til å førebu meg på skulestart som kontaktlærar og som student. Så det skal eg i morgon på føremiddagen. Og eg gler meg! Og så skal eg spinne i gjennom det nye spinningprogrammet eg har laga, og som eg skal ha på treningssenteret her i haust... Og så skal eg hente ungane. Og så skal me til Førde for å helse på den nye verdensborgaren som er komen! Og DET gledar me oss til!! Gratulera SÅÅÅ masse til Helge- Øystein og Kristine som har fått seg ein nydeleg, liten prins!! :) Når eg har gjort alt det, så er plutseleg måndagen over og veka er godt i gang.
No har me levd så lenge på at alle dagar er like og litt mindre rutinar enn vanleg, så no blir det godt at kvardagen sig på oss! Malene er lei av ferien. Ho VIL byrje på skulen snart!!! Skulesekken er pakka og klar til avreise den...:)
Anja brukte skulesekken sin til fjellsekk i helga. Ho og Frode var på Gravdalsvatnet, i Nørdstedalen og overnatta i telt; fiska og kosa seg. Dei kom heim med 10kg fisk!!! Gjet om dei vart stolte dei kom heim! Og sjølvsagt vart det steikt aure til laurdagsmat i går då! Er så godt med fersk aure, poteter, agurksalat og og ein dæsj med rømme... Mmmm! Så tacoen tok me i dag i stadenfor! No har me grilla så masse i sommar, at det var godt med litt "vanleg" laurdagsmat att! Sjølv om det vart i dag, og det er søndag...
Torsdag var det regn og skodde på føremiddag, men på ettermiddagen letta det så då tok me med oss fiskestenger, stormkjøkken og ein gryterett til Kolstaddammen og kosa oss i tre-fire timar! Ingen som kranglar eller blir leie... Medisin for alle familiar om sommaren!:) Det kan bli lenge å gå i saman heile gjengen, kvar einaste dag i ein og ein halv månad... Men når me kjem oss til fjells, så blir alt så mykje lettare!
Men som sagt så kjem kvardagen sigande inn over oss, og me kan ikkje ta ting SÅ på sparket lenger... Men fjellturar må me prioritere! For det er verdifullt! :)

onsdag 1. august 2012

Det skiftar frå moro, spenning, trist, glad, spørsmål og svar... heile tida...

Lenge sidan eg har skreve noko her no. Feriemodusen får ta skulda...



Me hadde fine dagar i Oslo. I Tusenfryd kosa me oss alle mann! Me hadde gode vener med oss og dagen gjekk SÅ fort! Me såg det vart progresjon i kva dei torde å prøve utover dagen, men me såg òg at når me blir trøytte og slitne så toler me mindre spenning... Fedrene skal i allefall ha at DEI var ivrige!! Hehe! :) Som bileta viser så står det ein heil gjeng med ungar og ventar på at pappane skal settjast i gang... Som det andre bildet viser (eller igrunn ikkje viser) så gjekk den speedmonsteren veeeeldig fort... På tredje bildet klarde me å fange den eit lite sekund i kameralinsa... Ein slik dag er det fint at alle sine behov blir dekka. Nokon likar å ta ting som går i full fart, medan nokon godt kan følgje dei minste på sånne fine, koselege karusellar, passe på at alle får mat og drikke, passe kleda, hugse eller ikkje hugse solkrem, finne do og ta bileter!
Då me kom heim var soverommet vårt innvadert av maur!! Så me måtte ta kverken på dei, og så reiste me til Feiga! Finaste plassen! Sit ute og kosar oss der om kveldane. Me er SÅ heldige som har ein slik plass. Det er heilt stille. Fjella speglar seg så vidt i den blanke fjorden når mørkret sig på. Eg sit ute og høyrer båten klakke i dei små krusingane på sjøen, høyrer lyden av bålet som knitrar, Feigefossen som dundrar langt bak i fjellet og som eg høyrer nærmare som er vorten til Feigeelva med sin brus... Ah, kos... Kan sitje slik heile kvelden. Så køyrer det ein nederlandsk bil forbi og som sikkert trur at fossen er opplyst, og at dei kan sjå den sjølv om det er mørkt... Dei blir skuffa... Så køyrer dei vidare til Ornes og trur at det går ferje heile døgnet... Dei blir nok skuffa endå ein gong... Det er ikkje slik her.:)

Me var i Feiga då me fekk det triste bodskapet om at oldemor hadde trekt pusten for siste gong... Ho var ei gamal dame som hadde vore sjuk ei tid, men allikevel er det så ufatteleg trist. Ho var så glad då Anja vart fødd. Ho vart så glad då Malene vart fødd. Og då Emil kom til verden tykte ho det var stas med denne vetle guten. Jentene har leika masse med dokka hennar, som ho har fortalt så mange gonger om, korleis ho kjøpte den. Kvar jul har dei vore borte i stova hennar og trekt opp ei kyrkje som spelte julemelodiar. Me har hatt fleire økter der me har spelt kinasjakk med ho. Sjølv om ho ikkje høyrde så godt dei siste åra, så ser me at ho har stor glede av å sjå oldebarna sine... Me har mange gode minner....

Og dette er ei hending som får fram mange spørsmål frå ungane... Er ikkje alltid så lett å svare på.. Kvar er himmelen? Ser ho oss derifrå? Kan me tenkje i himmelen? Virkar hjertet att der? Mange tårer og mange spørsmål om livet...
Me lærer ein masse ting kvar einaste dag om ulike tema. Anten me vil eller ikkje...

Eg sluttar av her eg... Vart litt trist på slutten. Men slik er kvardagen av og til. Me tenkjer på deg, oldemor/bestemor!


onsdag 25. juli 2012

Oslo

Sidan me var i Spania i juni var me egentleg ikkje meinte på noko meir ferietur i år... Men sidan vérete har vore så som så, så vart utfartslysta litt for stor. Omsider klarte me å bestemma oss kvar me ville og kortid me ville reise. Oslo. Ville me ha leilegheit eller hotell? Det vart hotell. Tenk å stå opp til ferdig frukost kvar dag. Tre dagar. Minuset ved å ligge FEM stk på EITT hotellrom er jo at alle må/bør legge seg samstundes. Og ikkje særleg seint sidan me skal fungere dagen etterpå. Og alle vaknar på same tida om morgonen. I gårkveld sat Frode på rommet, medan eg fekk ta ei økt i treningsrommet her. Ikkje særleg spennande utvalg, men skal ikkje mykje til for å lette samvittigheita i denne ferie-is-brus-hamburgertida...:-)I kveld er det min tur til å sitje inne medan Frode får ta seg ein liten joggetur. Og det er i slike stunder ein er ekstra glad for at nokon fann opp internett og ipad...:-)Kunne jo ha lese bøker eller bladet som eg har med meg, men sidan me har gått ute i heile dag har eg ikkje fått meg meg nyheiter eller noko. No er eg oppdatert. Og eg har oppdatert meg på Tusenfryd. Gledar meg til å ta bilder av alt dei har der...!! Nokon må jo ha den oppgåva òg...:-) Er skikkelege turistar når me er på tur. I dag skulle me fyrst velje parkering. Kl 20.30 i kveld, då me køyrde ut av parkeringshuset og måtte betale over 400 kr så skjønte me kvifor det var så lyst og fint parkeringshus, med gode plassar og til og med planta tre der inne... Men det var i allefall sentralt å parkere på Aker brygge!!:-) Sjølvsagt må me sjå på Slottet når me er i hovudstaden. Og me handla skulesaker til skulejenta vår. Emil ville ikkje på leikebutikk. Men ZARA vart han hoppande glad for å få inn på... Motebevisst han der! Etterkvart vart me slitne av å gå så masse, så sightseeing med buss var tingen! Utstyrt med øyreproppar til infoen, kart og fotoapparat på toppen av ein toetasjes buss... We love Norway!!:-) Hehe! Men moro for liten og stor. Litt lærerikt òg faktisk. Ungane sovna fort i kveld. Me er klare til Tusenfryd i morgon... Mange inntrykk å fordøye for desse små. Heile vegen frå Gaupne til Oslo sat dei og følgde med. Kva er det der? Kvar er me no? Her har me vore før.. Sjå der! Eg er av den meining at born har godt av å kjede seg litt i blandt og lærer meir av å få med seg det som skjer rundt dei, enn å sjå film frå a til å... Det krev litt aktivisering frå oss vaksne, men me må sjå på det som kvalitetstid. Når ein kjem litt opp i skulealder og skal ha geografi er det inga ulempe å ha følgt med når me har køyrt på tur... Trur eg. Det er faktisk deilig å sitje og høyre på musikk og berre sjå på landskapet som fer forbi. Kanskje har det forandra seg sidan forrige gong me køyrde her? Det kan bli slitsomt og det kan bli kjedeleg. Men, men... Sånn er det av og til.:-) God natt Oslo!:-)

torsdag 19. juli 2012

Sau er ålreite...æh.. Dumme dyr..?

Sauer er fasinerande dyr. Har i grunn lært ungane at sauer er dumme dyr. Dei ser dumme ut der dei står og gaular(les: brekar). Er me i sauefjøsen så ynskjer Malene seg ut derifrå så fort som overhovudet mogeleg! Emil klarar ei stund, men han høyrer jo fort at desse dyra som me syng så fint om, som liksom seier bæ, bæ... Dei seier ikkje fint det. Nei dei gaular, nesten rautar, grove i målet og tygg og tygg... I skogen og i fjellet går dei på beite. Kjem me gåande vil dei kanskje oppsøke deg, men trampar me i bakken så forsvinn dei unna... Kjem me joggande ser dei etter fluktmogelegheit og bøkser ned i skogane. Evnt spring dei framfor deg til dei blir utsletne... Og i dag såg eg ved Fjærlandsvegen: sauene LIGG på kvitestripa og tygg. Det susar bilar og lastebilar i 100km/t forbi. Dei tygg og ser berre dumme ut. Dei anar verkelg ikkje for eit farleg liv dei har. Ein sau tufla seg plutseleg over vegen. Sku..ll..e vi..sst haaa seeeg littt..graaas..på...den..andre...sida...av...vegen... TUUUT!!!! Din dommmmmme sau!!!!! Sau e sau!! Sau er best i fjellet. Pass på livet dykk. Ikkje stå ved vegen. Evnt lær trafikkreglane. God sommar til alle sauer og billistar!:-)

onsdag 18. juli 2012

Sommarkveld

No har eg sett meg på verandaen. Endeleg ein kveld det går an å sitje ute. Eg som kjøpte nye hagemøblar tidlegare i sommar er forplikta til å sitje ute ved kvar anledning. Eg har funne fram terrassevarmaren i tilfelle sommarkvelden skulle bli kjølig...:-) Me har no fått opp varmen tidlegare i dag. Me har gått rundt Feigefossen. Kan ikkje anbefalast for born under skulealder. Der borte får naturen fritt spelerom til å vekse uforstyrra.. Ingen beitedyr som kan ete ugras og busker, så å finne stien er eit heilt arbeid i seg sjølv. Eg vurderar faktisk å gåmtil angrep på naturen der borte på eigahand. For eg unnar verkeleg fleire å få kome seg opp på kanten der Feigeelva blir til foss. Ligge på kanten der og ta bilde neeeed. Kan vera lurt å halde seg fast i furua som står der, slik at ein er sikker på at ein ikkje blir reven med... Derifrå går ein vidare opp i skogen på fin tursti, men ENORMT med maur!! Så kryssar ein elva på ei heller råten bru... Uff, dem må nokon gjera noko med før den fell ned og ikkje kan brukast meir! Men kven? Dette må eg finne ut av. Turistane trur jo at me eig Feigefossen dei. Me set nede ved huset vårt og alle helser på oss, som om me skal godta at dei skal gå opp til fossen. Me nikkar og smiler tilbake!:-)God tur tenkjer me. Og ler av dei som tek på seg REDNINGSVESTAR før dei går opp... Nett som dei ikkje frys i hel dersom dei hugsar vestar... Men dei held seg flytande iallefall!!!! Fin tur og ei oppleving for ungane!:-) Og i kveld sovna dei fort! Takk for besøket, Gry Anita, fint du ville sitje ute på verandaen med meg i kveld! Anne Merethe

torsdag 12. juli 2012

Ferietid!

Jøye meg for ein tolmodigheitsprøve det er å ferdast på vegane i indre Sogn om dagen... Sikkert andre stader i dette langstrakte landet, men sidan det lengste eg har vore den siste månaden er til Feiga, som ligg på  vakre sørsida av Lustrafjorden, så er det den eg kan uttala meg om... Det er nederlendarar, tyskarar, danskar, polakkar og fleire andre nasjonalitetar som prøver, sikkert så godt dei kan, å køyre bilen sin på desse smale vestlandsvegane... Og det krev alt av konsentrasjon trur eg, for om det kjem bilar bak så gjer dei ingen tegn til å ha lagt merke til det. Ei heller å gjere noko med det... Tenkjer nok at: "Flaks at eg er fremst i alle fall!!" Og det er ikkje mange plassar ein kan køyre forbi inni her... Me som har køyrt her maaange gonger, veit jo kvar desse strekkene er og girar ned før svingen og er klar.... Men SJØLSAGT so kjemme da jo ein tulling i mot dao...!!! (Dialekt kom inn for å få fram frustrasjonen...) Og det kjem nok ein del ord og uttrykk ut av munn min då... (Er jo datter til ein lastebilsjåfør og har køyrt rundt i sommartraffikken med han sidan eg brukte bleie... og fram til... tja, ikkje heilt til no, men i mange år i allefall... Ikkje noko gale om lastebilsjåførar, men poenget mitt er at eg har sett ganske mykje frustrasjon frå lastebilsjåførar, vanlege bilistar, bubilsjåførar...) Emil spurde: Mamma, kem seie du alt datta te...?? Høyre han at du tuta? Ser du han vinka te deg? (Han vinka ikkje, han vifta med armen)... So kjemme me pao sørsidao, og dan plassen da e lengst te utkøyrsla; dar treffe me ein danske... Ekje hjelpi å fao HAN te å rygga, so ein halve kilometer med rygging med Mamma Mia pao full guffe og tre unga baki... DA e sommarminne da!! Anja tykte forresten at eg var verdensmester i å rygga! :) Hehe! Me kom oss fram og kosa oss i Feigao, før me tok same runden heim. Eg vurderar å lære meg å køyre båt...!!
Slike dagar tenkjer eg på fjellet. Gje meg ein dag på fjellet i ro og fred, utan stress. Me går til me blir slitne, sit oss ned, går litt til, har med ein sjokoladebit, kosar oss på toppen, går nedatt og er kanskje skittne og blaute, men me er i godt humør og har fått masse frisk luft!
Sidan ungane er i ganske ulike aldrar så må me velje turar deretter. Me likar å gjere ting i lag. Ikkje slik at ein  må bli att heime. I helga var me på Fjellstølen, over Røneid. Fin, fin tur! Me gjekk over ei bru og leika Bukkene Bruse. Stas å få dramatisere eventyr! :)
I morgon satsar me på Fuglesteg. Frode har ikkje vore der så dersom det er fint vèr så blir det det. Og laurdag reiser me til hytta på Kringla. Det gledar me oss til. Har ikkje vore der sidan i fjor. Utfordringa der er å få Malene til å gå på do. Ho spør alle plassar me er, anten det er kjøpesenter, hotell, butikken... om det er vatn i do! For etter sist me var på Fuglesteg så hugsa ho at det er ikkje alle plassar der det er vatn i do... Så utedass er ikkje ein favoritt! :)

Bileter frå ein fin dag i fjellet!

mandag 9. juli 2012

Eit lite samandrag frå ein dag på jobb... Forrige gong cruiseskipet Saga Ruby var på Skjolden!:)


Eventyret om borna på cruiseskipet
Det var ein gong 14 fargerike og sprudlande born, og fire kjekke damer som skulle på busstur til Skjolden. Der hadde dei høyrt at det skulle vera eit cruiseskip denne dagen.
Dei gjekk av bussen ved den lokale butikken og såg med ein gong at denne dagen var det mange utanbys frå. Alle saman gjekk dei til stranda der dei fekk sjå over på den andre sida av bukta, der skipet låg til kai. Dei kasta steinar og kosa seg før dei vart svoltne og gjekk til sentrum for å få seg noko å bite i. Borna sette seg fint ned og venta på tur til dei fekk maten som desse fire damene laga til. Det gjekk i norsk husmannskost; grovbrød med brunost, kvitost, makrell i tomat, kaviar og prim.
Alle turistane frå det omtala cruiseskipet som gjekk rundt i sentrum, tykte dette var ein sjarmerande gjeng og ville gjerne ta bilder av denne seansen. Borna var svoltne og åt og kosa seg medan turistane tok bilder og prata med dei vaksne.
Det viste seg at desse folka, som var av dei eldre i samfunnet, kom frå England.
Etter kvart kom den eine av desse vaksne karane og snakka villig med oss, og borna fekk spurt om korleis det såg ut INNI dette skipet me hadde sett som låg til kai. Mannen fortalde om ein stor ballsal, spisesal, mange glas der dei kunne sjå ut på dei flotte fjordane og dei spektakulære fjella og TO svømmebasseng. Eitt ute og eitt inne. Ungane sat med store auge og såg på mannen, og høyrde kva han fortalde, og den eine vaksne oversatte.
Etter ei stund kom det endå ein engelskmann som ville ha bilete av desse sjarmtrolla frå Gaupne barnehage. Men han ville gjerne vera med på biletet han òg. Så han sette frå seg stokken sin og fann seg ein plass blant borna. Kjerringa tok bilde. Han snakka og lo og tykte det var veloppdragne born som var på tur. Han fekk smake ein bit av brunost etter fotograferinga.  Då mannen reiste seg og gjekk såg dei plutseleg stokken hans sto att bak benken. Han vart så sprek og glad av å møte desse borna at han gløymde kor gamal og skrøpeleg han var! Ei av damene i barnehagen sprang etter han med stokken og han vart så takknemleg.
Omsider hadde ungane fått ete opp maten sin, og då kom det to staute karar med raude frakkar. Det viste seg at dei var losar på skipet. No gjekk dei rundt i bygda for å sjå seg omkring. Dei vart fortalde at ungane var veldig nysgjerrige på det store skipet, og korleis det såg ut inni. Då sa den eine: Kanskje det kan late seg gjere at de får inn og sjå..?”  Så sa den andre: ”Det er veldig strengt på slike båtar så det kan nok bli vanskeleg”. Den fyrste sa då: ”De kan reise bort og høyre, så ser de kva svar de får.”
Heldigvis for denne gjengen er mange av cruiseskipturistane gamle og dårlege til beins. Difor gjekk det buss att og fram frå båten og til sentrum. Born og vaksne smilte fint til ein bussjåfør og dermed fekk dei sitje på. Turistane på bussen tykte dette var stor stas!
Den eldre mannen som no hadde stokken sin trefte borna att på cruisekaien og han tykte at dei absolutt burde få inn og sjå.
Den eine av dei fire damene gjekk inn og spurde om dei kunne få kome inn på skipet; og refererte til dei to losane ho hadde treft. Havnesjefen sa at det kunne bli litt vanskeleg. Han måtte i tilfelle ringe og høyre med security-sjefen om bord. Så såg han nedatt i papira sine. ”Ja, men det kan du vel gjere??” sa den ivrige førskulelæraren. Hmm.. jau, han tok på seg jakka si og gjekk av garde for å snakke med sjefen inne på båten.
Det sto 14 ungar og 4 vaksne og trippa på kaien. Ville dette gå???
Og brått… Der kom det ein staut engelskmann og vinka oss bort til seg. Heile gjengen fekk inn! Securityvakta snakka engelsk til førskulelæraren som gjekk fremst, og som oversatte til dei andre. Han viste dei rundt på skipet.
Dei fekk sjå resepsjonen, kinosalen, ballsalen der dei fekk danse litt, spisesalen, utandørs basseng, heile båten rundt ute på dekk og me fekk ta litt pushups i treningsrommet! Både securityvakta og gjengen frå Gaupne ynskte bilete av dette så dei bytte på å ta bilete av desse flotte borna og vaksne! J Og alle stader var det eldre engelskmenn som tykte det var stor stas å få besøk av slike kjekke born(ja, dei vaksne òg seiest det)!
Då me hadde fått omvisning sette dei seg ned, dei flotte ungane, og song: ”Du skal ikkje tru det blir sommar”, til ståande applaus.
Borna og damene takka fint for seg, både på engelsk og norsk, og vart følgde over ”brua” att, og tilbake på fastlandet.
Båten låg der bak dei og var klar til å reise vidare, ut fjorden og tilbake til England. Og gjengen frå Gaupne barnehage skulle ta bussen heim for å fortelje kva dei hadde sett og opplevd.
Snipp, snapp snute så var eventyret om cruiseskipet ute! J

For det var verkeleg eit eventyr å få vera med inne på eit flott cruiseskip!:)
Anne Merethe


Oki, eg innrømme da; litt smisk og sjarm gjere nytten innimødlo! :) 

torsdag 5. juli 2012

Naturen vår...

Eg er berre så utruleg glad for den flotte naturen me har rundt oss her i Luster kommune. I heile landet forsåvidt, men eg vel å uttale meg om det som er nærmast meg sjølv... Meg og mitt veittu... Det er lettast å snakke om det! :) Ein kan kome seg høgt til fjells med berre å ta på seg joggeskoa og starte å gå, eller ein kan hive seg på sykkelen fyrst for så å starte oppstiginga litt lengre vekke, eller ein kan ta bilen nokre minuttar frå her; midt i svingen (les: Gaupne), og kome seg til andre tur/fjellområder. Eg vel ofte trimturar her i nærleiken. Bratte oppoverbakkar og så "premien" bratte nedoverbakkar. Ein kan jo velje kor lang tid ein vil bruke, men som oftast så har eg fleire ting eg skal gjere i løpet av ein kveld, så ein god times tid er det eg unnar meg. Kvaltitetstid. Ein trimtur til Molden kan ein ta; og få eit fantastisk utsyn over heile Lustrafjorden! Der gjekk turen i dag. Med vond rygg er tipset frå lege; gå, gå, gå i fjellet og i skogen! Og der var på turen nedatt derifrå eg kom på ein god idè... tykte eg sjølv då... "Nedoverbakke-løp"!! Mykje lettare for alle å bli med på! (men ein må jo sjølvsagt kome seg til toppen først då...). Eller både oppover og nedoverbakke-løp... For å tilfredsstille alle liksom! :)
Og dersom me tek båten eller bilen på sørsida av Lustrafjorden så kan ein gå td rundt Feigefossen. Ein fantasisk tur, der ein kan sitje på kanten der elva blir til foss og sjå 218 m rett ned... Men hold deg fast!!!! Derifrå kan ein gå vidare innover dalen, og over brua, ned til Bergheim eller oppover på venstre sida av elva; og opp til Feigedalen. Det vil eg prøva i sommar. Er så flott natur der oppe!
Naturen i Mørkridsdalen er òg fantastisk og verdsskjent! Der har eg vore mange gonger, og har som mål å gå i år òg! Men tida går så fort, og plutseleg er sommaren over... Det er maaange mogelegheitar rundt meg! Og ungane likar å gå turar, og ferien byrjar i morgon så me er snart klare! :)
Emil skal berre feire barnebursdag i morgon, og SÅ blir det ferie!:) Store guten min... I dag reiste han til barnehagen på sykkel uten støttehjul for fyrste gong!! Så stolt! Er sånne milepælar som gjer at me ser kor store ungane blir! :)

No skal eg pynte kaka med nonstop og seigemenn!! Mmmm...

Anne Merethe

søndag 1. juli 2012

Superhelg!

Torsdag: Eg måtte plutseleg ta fri. Kva finn eg på då? Vaskar hus? Nehei, i slekt eit flott vèr som var då så var einaste alternativ ein fjelltur. Kvar? Hmm... Molden låg der så forlokkande, så eg køyrde opp på Modlandsmarki og tok beina fatt... Sette på stoppeklokka for å sjå kor lang tid eg brukte... Så kan eg samanlikne seinare... Gadd ikkje bæra med meg vatn, for eg tenkte: "Det er vel rennande vatn oppi dar inkåstadn..." Men no veit eg: Da renne ikkje vatn dar!!! Burde jo ha tenkt pao da før eg gjekk... Eg gjekk i full fart opp og jogga nedatt... Og da gjekk mindre enn ein og ein halv time før eg va nedatte i bilen komen so da gjekk fint utn vatn... (SJøl om da hadde vore godt med ein skvett pao toppen...) Eg skreiv i boki og snudde nedatte... Og jammen treffe ein mange slags folk når ein e ute og gaor tur.. Flott å ha ein fjelltopp dar som ein kan "bruka" te so mangt... Noken vele slek so meg; ta ein trimtur med treningskle og joggesko. Noken teke da so ein dagstur med fjellsko, stor ryggsekk, matpakke og kanskje turstavar. Nokon anar ikkje kva dei går til; går ut frå bilen på parkeringsplassen med "flip-flop sandalar" og dongeribukse og skal til toppen... Og kanskje ei veske med mat i... Uansett så kan me alle "skryte" av at me har vore på Molden! :) Og ein fin tur er det no uansett! Eller forresten... eg veit ikkje om eg hadde tykt det hadde vore noko særleg å gått i lause sandalar opp til 1116 moh...
Fredag krangla ryggen min framleis... Så eg var heime. Har fått ryggøvingar eg kan gjera for å styrke den indre muskulaturen... Men eg har nok gått i sommarmodus og ikkje vore flink nok til å trene styrke. Det er så fint med fjellturar no, så ein gløymer styrken... Men NO skal eg skjerpe meg! :) Hatar å ikkje kunne fungere slik eg ynskjer! Fredags ettermiddag tok me båten til Feiga for å lage til sommar-slektstreffet. Eg delegerte bæring til andre, medan eg sto for planleggingen! :) Gjestene kom i 18- tiden og me kosa oss i det nye selskapsteltet! Er så lyst å fint om kveldane no, så det er nydeleg å sitje ute! Det regna, men det gjorde ingenting. Me hadde tak over hovudet.
Eg, Frode, Emil, Mats og Lilja køyrde båten heim til leggetid. Viktig med faste leggetider tykkjer eg. Jentene fekk vera att i Feiga med bestemor og bestefar, onkel Helgi og tante Kristine. Så når Emil og Lilja var lagde og Frode reiste til Sogndal for å sjå fotballkamp laga eg og Mats verdens beste potetsalat! :) Og den fekk me masse skryt for dagen etterpå!:)
Oppskrifta på den er verdt å dele: 16 kokte poteter, skårne i bitar, ein stor purre, 4-5 grøne epler i bitar, eit glas med sylteagurk, to beger med lettrømme, to posar med majones, safta frå sylteagurken. Rør i saman og nyyyyyt!!! :)
Laurdag hadde me laga til lunsj til alle gjestene; div spekemat, potetsalaten, grøn salat, grove rundstykkjer som mamma hadde bakt, og fine som eg hadde bakt... og litt anna vanleg pålegg. 
Natt til laurdag fekk Emil feber og ildt i halsen, så han og Frode måtte vera heima heile dagen. Det var jo veldig dumt. Men, men... Slik er det av og til.
På kvelden laga me i stand middag. Mamma hadde laga nydeleg gryterett og lasagne, Signy laga salat, og eg rundstykker. Til dessert vart det kaker og kaffi. Med quiz attåt! :) Så me hadde ein fin laurdag ilag. Synd for dei som ikkje fekk vera med på denne dagen! Eg og jentene laga bål nedi strandkanten, der me grilla oss marshmellows! Nam, nam!!! Me hadde egentleg tenkt å ligge i telt, men med ryggen min så var det nok lurast å reise rundt fjorden att, og heim til Gaupne.
Søndag var den store ryddedagen! Plutseleg var bubilen til Helgi og Kristine vekk, teltet tok me ned og båten vår reiste.. Det stilna i Feiga! Men me kjem plutseleg att!! :) For det er der me likar oss, alle saman!!:) Finaste plassen! Men Emil er framleis slarken så me sit mykje i fanget. Håpar han er på bedringens veg snart!
Kjedeleg for både han og oss andre at han er sjuk!
I kveld fekk eg meg ein trimtur oppi Hjellene. Fin tur, og godt for ryggen! Og eg tok styrketrening etterpå i kveld! :)
Ser eg byrja å skrive på dialekt, og har enda opp på rein nynorsk... Hehe!! Håpar det er forståeleg i allefall!

Ei veke no, så er det ferie, og leeenge til eg skal jobbe i barnehage att... Merkeleg å vite eit heilt år fram i tid kva eg skal... Og ikkje skal... Veldig rart å gje slepp på barnehagen, men no prøver eg noko nytt og ryggen min er veldig glad og klar for det! Det veit eg! :)


Ha ei fin veke!!!!

torsdag 28. juni 2012

Helg

No er eg klar til slektstreff i Feiga! Eg, mamma og pappa har planlagt dette sidan januar. Eg likar å stelle i stand til sosiale stunder, organisere, sjå at andre kosar seg og å treffe folk eg kjenner og ikkje kjenner. Pappa har mange slektningar frå Bergen sidan farfar var derifrå. Då pappa var liten gut i små sko, på garden i Feiga var det stor stas med Bergensbesøk. Slik var det då eg bar lita òg; stas med besøk frå Bergen. Dette er maaaange år sidan og me ynskjer å samle alle saman til ei mimrehelg. Mange kunne kome, nokre kunne ikkje... Slik vil det alltid vera. Men me som skal treffast i kveld gledar oss!!!:-) Og me skal få det kjekt! Regnet ausar ned i dag, men det skal gå bra likevel. Bergensarar er vande med regn... Håpar eg...:-) Kanskje blir det ikkje så gale... Me tek det som det kjem! Ryggen min er ikkje heilt fornøgd for tida så ein dag heime, burde eg jo ha brukt til rydding og anna husarbeid, men det får vente til etter helga... Håpar eg er bedre då. Har fått ei bekrefting på at det var nok eit "kall" at eg fekk mogelegheit til å prøve å jobbe i skulen. Der har ryggen min det mykje bedre enn i barnehagen. No er det att ei veke før det er sommarferie! Malene kan ikkje vente til me skal på ferie og kjøpe skulesekk til ho!!! Og til hausten har eg att berre ein barnehage-unge... Gurimalle så rart... Store, fine ungane mine!:-) Ha ei finfin helg alle saman!! Nyt den slik du likar det og slik at du får masse energi!:-) Anne Merethe

mandag 25. juni 2012

Sommaren er komen!

No er det sommarferie... I allefall så er somaren komen (om det er somartemperatur kan vel diskuterast...), og tida flyyyg! Det er lenge sidan eg har fått tid til å sett meg ned å skrevet noko her... Av noko som kan nemnast så har eg jo fått ein fireårsgut i heimen! Emil er jonsokprinsen han, og nyt det til fulle! :) Fullt hus og stormande jubel! Det er kjekt med selskap, samle vener og familie til kaker og kaffi! Emil hadde det så travelt med presangar og leiking at når kvelden kom sovna han tvert!:) Søndagsmorgon spurde han: "E eg fila aol i dag òg??!!" Hehe, og det kunne me bekrefte!
Typisk oss her på vestlandet er jo at det skal alltid vera nok kaker. Og med nok så meinar eg; altfor mange! Så då panikken breidde seg om eg hadde laga nok kaker, så tok eg rett og slett å kjøpte ei til! Eg har faktisk aldri hatt kjøpekaker i ein bursdag før, men sidan eg skulle ha besøk på dagen og heller ville ha det enn å bake, så vart det ei nødløysing... Og sjølvsagt så eg det etterpå; eg hadde meir enn nok kaker!! Og no har eg altså kjøleskåpet fullt med kaker... Fire ulike sortar... Og kva gjer ein med dei når bursdagen er over og kvardagen er komen? Jo då, ein må jo ete litt... kvar dag... Uffameg! Det er noko drit å ha kaker ståande slik! I kveld tok eg meg ein kiwi. Men ei deilig sjokoladekake med masse ekte sjokoladeglasur, ikkje noko Toro-greier, står der og ventar på meg. Det veit eg. Og eg bør jo ikkje svikte ho. For eg bør jo ete kaka no, medan ho framleis er god. Og sidan Frode har hatt arbeidshelg og er på kamp i kveld, har eg ikkje fått meg ein einaste trimtur sidan før helga... Så nei; eg får heller ta meg ein kiwi til, og ringe nokon. Nokon som pratar lenge. Heilt til eg skal legge meg. For då kan eg ikkje ete samtidig. Ja, det var lurt! Eg ringer ein venn! :) Så kan eg ete sjokoladekake i morgon istaden! :) For så lenge eg ikkje et med dårleg samvittigheit, då er det ikkje usunt! Ein må berre lære seg å nyte godsakene i staden for å få dårleg samvittigheit for det! OK?
Og endå meir kaker blir det framover. I helga skal me arrangere slektstreff! Å, eg gledar meg veldig til å treffe slekt som det er leeenge sidan eg har sett, og nokon som eg faktisk aldri har treft! Er ein sosial person som likar å stelle i stand litt sosiale samankomstar. Det er så kjekt å sjå at andre har det kjekt og er glad for den jobben ein gjer! :)
Torsdag er det jo full fart i heile indre Sogn. Då er det Sognefjord Lerum Cup. Og det er fotballspelarar og ivrige foreldre og søsken med. Kampane er på Kaupanger, Sogndal, Hafslo og her i Gaupne. Alle skular, hotell, campingplassar og liknande er booka. Så her aukar talet på personar i kommunane med mange prosent! :)
Eg skal ta i mot lag her i bygda. Vera med å sørge for at dei får eit fint opphald her! :)
Sjølvsagt har me bestilt fint vèr... I allefall opphaldsvèr... Og eg reknar med at me får det som er bestillt....

Malene sa i dag at ho sakna varmen på La Manga... Det gjer me vel alle. Men det er fint å bu her og kunne reise på tur til Spania. Snart er det sommarferie på Malene òg. Ho syns det er litt urettferdig at Anja har fått ferie, men ikkje ho. Men no er me komne til nest siste veka til Malene i barnehagen. Det er rart å tenkje på. Til hausten er ho skulejente! Wow... Tida går såååå fort!! :) Minste jenta mi...
Og neste sommar har eg lærarferie, så då har me heile ferien til å kose oss på! :)

Ingen bilder på dette innlegget... Eg gadd ikkje gå ned for å hente mobilen... for å legge bilder innpå... Eg har gått i heile dag. No vil eg sitte.

Ha ein fin kveld! :)

Anne Merethe

søndag 17. juni 2012

Maratonveke og Molden Opp!

For ei fantastisk veka me ha hatt no! Måndagskvelden var det avslutning på Krudlalaget. Malene er med i eit barnekor der dei syng gamle "stev" og viser. Før var det så vidt ho torde å opne munnen sin, men måndag song ho åleine for mange publikumarar! Stolt mamma! Og mange andre flinke born song både åleine og saman med andre! Tysdag var det avslutning i barnehagen; ute med grilling og litt sang. Koseleg for både store og små!
Onsdag var det duka for sommaravslutning på skulen i Parken. Jammen er me heldige som har ei så fin utescene som Parken her i bygda! Det er ein fin samlingsplass for alle foreldre og barn når det trengst, og så er det ein fin plass å samle berre vaksne når det skal vera festar der. Jungelløypa som ligg der er fantastisk aktivitet for alle barna våre! Så samla sett er me heldige som har Parken!:)
Torsdag hadde Frode bursdag, men det vart ikkje feira på nokon anna måte enn at me laga oss godt taco-middag og is til dessert! Me får heller slå i saman feiringa når Emil har bursdag på jonsokafta. Er liksom ikkje det same å feire bursdagar lenger for oss vaksne... Men det er jo alltid stas for ungane då. Han fekk docking-stasjon av oss og vart veldig fornøgd med det! For kva skal ein finne på til ein som har det han treng, eller kjøper det han vil ha...? Gode tips mottas med takk, for dei kan brukast til neste år!!
Fredag vart ein fin avslutning på veka med grendacup i ballbingen for Bruflat-feltet. Me samlast fleire familiar, delte inn lag på tvers og spelte litt fotball! Knallmoro og kjempesosialt! Etterpå grilla me og kosa oss! Kan anbefalast og gledar meg allereie til neste år!! :) De veit det kriblar i beina til ein "gamal" fotballspelar når ho knyter på seg fotballskoa, ser ballen ligge klar på midten og me blir inndelt i lag! Kjappheiten er ikkje slik den eingong var... Så dette var eit heilt overkommeleg nivå! :)
Laurdag var den STORE dagen i Luster kommune! "Alle" skulle til Molden. Molden Opp er eit kjempearrangement! Heile bygda snakkar om det og ivrar til å stille opp så dette er noko som har slege an! Moro å sjå at folk trenar for å klare å gjennomføre det 7km lange motbakkeløpet fleire veker på førehand. Det er bra for folkehelsa og humøret på innbyggarane i kommunen!! Supert!! Eg, Malene og Anja var med på laurdag. Gutta boys var heime, men Frode vil gå opp ein anna dag. Vil prøve meg ein dag utan ungar for å sjå kor lang tid eg hadde brukt... Er no litt moro å konkurerre med seg sjølv! :)
På toppen var det surt og kaldt, men Malene var SÅ stolt over å ha klart å gått heile den lange vegen!! Me hadde ein kjempefin tur alle saman! Frisk luft, skog og mark gjer noko med folk! Alle smilte og var så blide!
Me er heldige som bur her, midt i svingen, og kan berre ta oss ein tur til Molden ein laurdag eller ein tur til Feiga med båten ein søndag...
No er me klare for ei ny veke, og saman med barnehagen skal me inn og sjå på cruiseskip på Skjolden i morgon! Det blir moro! Mange opplevingar får me i landets beste kommune!! :)

Anne Merethe


mandag 11. juni 2012

Home sweet home!

Dao e me konme vèl heimatte frao La Manga! Ha hatt ein kjempefin tur!! :) Og me ha faott lada batteridn vaore, adle samen! Fri tilgang pao basseng (og ikkje minst SOL) ei heile veka gjere godt for kropp og sjel! :) Vekao vart avslutta med dei etterlengta rastaflettene! Laurdaga e da market pao La Manga! Hundravis ao folk kjemme straumande te nedsarva boda med frukt og grønt, jukseveske, klokke, armband, leike, kle, ringa, sko og aaalt mule ein kan tenkja seg!! Og pao kåssi sia at detta markede sat da to dame so fletta jente! Malene sette seg fyst ned. Klar so eit eigg... Og so kom ho hi damao og drog med seg Anja... Gurimalla, tenkte eg... Detta kjemme te å bli liv..!! Og DA vart da!! Eg og Emil gjekk i mødlo jentene, og saog pao... Og ittekårt kom taorene... Fyst hjao Malene og so hjao Anja.. "So, so, you big girl, you don`t cry!!" Sorry, sorry... Men jentene gret, og eg og Emil gjorde da besta me kunde for å trøsta... Me fekk verkele merka at ein mao lida for skjønnheiten!!!! Itte ein goe halvtime va helvette øve for dei, stakkaradn! For da va ao eigen fri vilje dei sette seg ned! Eg følte meg ei stund so ei dårle mor, men eg spurde oppte fleire gonge om me skulde slutta, men NEI, dei skulde no ha dessa flettene!! :) Og ittepao va alt storvegs!! Bortsett frao at dei hadde grene og sveitta slek at dei hadde fullt ao solkrem i augene so svidde...
Men dao hadde papan faott overlevert leilegheiten atte, kom og henta oss, og me sette kursen mot Allicante! Dar fekk me handla litt pao eit megastort kjøpesenter!! Dar lyte me berra nedatte! SOO mykje fint, og da va ein utrule fin by!
Ekstra stas var da jo sjølsagt at dan dagen hadde dei utstilling ao pokalane te Real Madrid, so ein kunne fao stao attmed og bli teken bilde ao! :) Stas! (Sjøl om Emil hadde kjøpt seg Barcelona-smykke pao markedet før om dagen...)
Flyturen gjekk rimele greittt... Me va innom ein turbulens, og dao ekje eg mykje høge i hatten... Men da gjekk no heldigvis bra denna gongen òg...
Søndagsmorgon køyrde me heim frao Bergen itte å ha sove dar om natti. Og du verden so mange turista so e itte vegedn no! Og eg føstaor no; itte å ha vore i eitt turt, brunt og lite spennande land når ein ser pao vegetasjonen... Da e jo eit himmelrike å sjao fjedl, fjord, grøne tre, snø pao toppadn... Men ver so snidle: STOPP PAO EI UTKJKØRSLA Å SLEPP FOLK FORBI!!! IKKJE TA BILDE MED HÅNDI UT GLASET!! Skapa mange farlege situasjona! Og ikkje minst; ferjefolk; lat no for guds skuld dessa pokkers bubiladn bli sist ut ao ferjao!! Og detta va ein søndagsføremiddag... Tidle i juni,,.. E gla me e ferdige med ferien for i aor! :)
Stakkars vetle jentao mi, turka taore... Men jammen e ho heldig so ha ein vetlebror so Emil! Men "fjampebob-fijkant-caps"! Og resultatet vart veldig bra!! :)

Nydeleg utsikt... Solnedgang øve San Javier. Bassenget rett nedanfor altan, og stråndi nedom dar...

Me kosa oss med masse god mat. Her hadde me tapas til lunsj ein dag. Unga og vaksne kosa seg! :)


Ekstra fint e da å koma heimatte når da e so fint vèr å koma heim te! :) Nydle! Og eg fekk meg ein runde rundt Hjedlene i jaftes, og ein runde rundt Sandvikberget i kveld! Ahhh, mykje bedre enn denna joggingi nedpao La Manga... Endelsause flate i altfor mange varmegrade... Nei, takka meg te Lustrafjedli! :)

Dao e da kveld her, og eg ha akkurat takka ja te vidareutdanning te hausten. Spennande! :)

Anne Merethe

onsdag 6. juni 2012

Oppdatering...

Her kjem ei lita oppdatering frå La Manga. Det er framleis fint vér, og ekstra fint er det jo sidan me høyrer folk fyrer i ovnen heime...:-) No i kveld var me ute og åt på restaurant og der var det 35 grader utanfor! Så me sat inne!:-) Sola skin her på verandaen endå, men eg har funne ein plass i skuggen akkurat i kveld. Dei andre dagane har me køyrt litt bil, vore på handling, vore på tur, men i dag har me lege i sola heiiile dagen. Veldig godt, men kjenner at det var heilt greitt å sitte ein plass der ikkje sola skein lengre... Framleis ligg det folk nede på stranda og ny siste timen med sol!:-) Anja og Malene har vore i vatnet så godt som heile dagen i dag! Og det ser eg godt no i kveld på ryggane deiras... Norsk hud, sol, bading... Det krev litt aftersun no ja...! Sjølv om me har vore flinke og smurt dei jamnt og trutt i heile dag... På slutten av dagen byrja dei leike med nokre engelske jenter så Malene spør om kva alt heiter på engelsk! Så får me sjå om ho torer å bruke det i morgon.. Hehe! I går brukte me dagen på kjøpesenter i Cartagena. Er SÅÅÅ mykje fint! Og me har jo oppdaga at Spanjolane elskar sko! Er vanvittig mange skobutikkar her, med sko i alle slags variantar! Jentene går heilt amokk i slike butikkar! Emil likte seg best på Toysrus. Og av alle dei store, flotte, fargerike, skumle, kreative leikene som var der inne, så ville han ha....ein baby-Pluto-bamse!! "tøffingen"... Men han vart fornøgd han! No er det onsdagskveld og me har berre att to heile dagar her nede. Tida har gått fort og me har det så fint. Men likevel så blir det greitt å kome heim og få dusje håret i vanleg vatn!!! Ikkje det klorvatnet her... Og ein joggetur til fjells blir digg! I dagtidleg var eg ute og jogga meg ein tur, men det er jo så innihelvette heitt!! Det er flatt heile vegen, men det føles som å gå opp Sandvikberget i 30grader TO gonger!! Det er jo berre nordmenn som tek på seg joggeskoa før kl 10 om morgonen forå jogge... Idiotisk.. Men ein blir ganske fornøgd med seg sjølv etterpå då!:-) Som de skjønar så har me det fint her. Litt solbrende, litt sår på føttene, litt varme og ganske fulle av inntrykk( Anja trudde ho såg ein mann som såg ned i eit hol i bakken, såg opp, og såg nedatt etter det han hadde mista... Men det var ein mann på eit bønneteppe... Det har me ikkje sett i Gåpm..)! No er det kveld. Sola går ned. Anne Merethe

søndag 3. juni 2012

Hola!!

Hola! Spansk og betyr Hei!! Hehe!:-) Me landa i Allicante i går ettermiddag. Flyturen gjekk over all forventning! Eg hatar i grunn å fly.. Skal eg liksom berre gje kontrollen til nokon andre??!! Likar best å ha kontrollen sjølv. Så egentleg burde eg jo holdt meg heime. For spanjolar i bil er heller ikkje akkurat ein situasjon eg har kontroll over. I 120 km/t...!! Men, men... Me kom oss til La Manga i halv sju tida. Mat på den "faste" restauranten var godt etter ei lang reise. Og den første eg møtte på var ein eg har gått i klasse med før. Og det var altså han som leigde den leilegheita me har leigd alle åra før, og som me gjerne ville hatt denne gongen òg... Men no skal me altså prøve ein anna leilegheit i ei anna bukt. Fint her òg. Men konklusjonen etter ein dag er at me saknar Thomas Mastre! (ikkje ein person, men det havneområdet me har budd før). I dag var der overskya då me vakna, men likevel 24 VARMEGRADER. Eg tok meg ein joggetur og me handla før me fann fram badekle. Egentleg kan me nesten hoppe frå altanen her i 2. etasje og ned i bassenget.. Og med litt tilfart hadde me nådd stranda. Men me tek heisen. Ned alle fem. Så må ein hente solbriller. Opp med den. Så må ein ha den andre solkremmen. Opp med den òg. Begge kjem ned. Så treng me meir drikke. Opp med ein til. Og nedatt. Og sjølvsagt; nokon må tisse... Opp igjen... Og nedatt. Og så fristar stranda. Opp og hente bøtter og spadar. Me går på stranda. Der var det brennmanetar!! Nei, me går i bassenget att. Og då blir me der. Til nokon må tisse. Også blir det middag. Og då var jammen kvelden komen... Me kosar oss i Spania. Masse nordmenn her. Sogndøler. Og oss. Mykje å sjå på. Artig å gjette på kva land folk kjem i frå. Tennissokkar i joggesko og mageveske; nordmenn. Her syklar damene i string-bikini. Berre det. Dei er frå Spania. Tykkjer eg ser det i Øyagata heime. Syklistar med hjelm, sykkelsko og solbriller; nordmenn. Sykkeltur til butikken liksom... No er ungane lagde. Eg sit på altanen og ser at sola går ned. Går den ned i vest her ög? Samme som sola vår heime? Haha, det er vel ikkje sol heime..?? Me skal ta ho med me. Trur det blir ein toblerone i kveld òg. Er liksom tursjokoladen det, når me er i Spania. På fjellet heime er det sjølvsagt Kvikk Lunsj. Kvikk Lunsj i Spania høyres heilt merkeleg ut. Slik som kjøttkaker her... Det sto på ein restaurant her at dei lagde norske kjøttkaker. Men, nei takk. Me kosar oss. Anne Merethe.