tirsdag 31. januar 2012

Hakuna matata!

Heilt utruleg kor populær filmen Løvenes Konge har blitt igjen!! Born i alle aldrar går og syng på sangane derifrå! :) Eg hugsar eg sjølv sat og såg på den filmen... Det var SÅ trist med Mufasa som ikkje overlevde gnu-flokken, og stakkars Simba som måtte flykte... Og så vart jo gleda SÅ stor når Nala fann Simba og dei tok tilbake løveriket! Ikkje minst sit sitatet til Timon og Pumbaa festa på hjernen: " Du må prøve å legge BAKEN i fortida!" seier Pumbaa. "Nei, nei, nei... Amatør, legg deg ned før du blir skada, svarar Timon. Du må legge fortida BAK deg!" Det er noko me kan lære av alle... Ting som HAR skjedd, har skjedd. Det kan me faktisk ikkje gjera noko med. Men me Kan gjera noko med det me har no, og det som SKAL skje! Me brukar masse energi til å tenkje på kvifor gjorde eg det? Åh, hadde eg berre gjort slik så hadde det ikkje vorte sånn eller sånn... Ikkje bruk energien på slikt! I dag er det sol, i dag vil eg ut! Eller i dag vil eg sitte under bordet, som fungerar som hytte, og lese fem bøker med ungane fordi det vil dei no! Og nyt det!:) Det var kjempekaldt å gå på ski i dag, ein stk misfornøgd unge og ei tissetrengt jente i bilen heim..Og tunellen var stengt pga vegarbeid... Så det var ein tolomodigheitsprøve..Nei, me tenkjer ikkje meir på det... Me gledar oss til neste gong! :) Jammen er me heldige som har SÅ fantastisk fin natur og ski anlegg i kommunen! Det var ekstra godt med kakao til kvelds i kveld! :) Alle kosa seg rundt kveldsmaten og det finaste er vel å sei godnatt til små, brune barneauge, og fortelje dei at no skal dei få kvile seg heilt til i morgontidleg! Då gledar eg meg til å sjå dei att! :)

søndag 29. januar 2012

Fins det ei grense for kor mange spørsmål ein kan stille pr biltur...??

Det mykje ein kan spørje om... Ein biltur på ein knapp halvtime inn på Skjolden... Du all verden kor mange spørsmål ein kan få frå tre stk nysgjerrige ungar i baksetet!"Mamma; kåfer MÅ me svinga? Eg dette jo berra bort pao siao!!" "Mamma? Kest e Feigefossen??? Da e so kaldt at no e dan frosen te is, vennen. " E heile Feigao fråse te is??!!! Nei dao, berra fossen. "Jamen... Sjøen dao, mamma?" Me gler oss te sommaren no, sant Emil? "Kåfer da?" Fordi dao kan me bada og kosa oss med is, seie eg... "Me ska no bada no òg me (pao Skjolden INNE) og me ska eta is. Me trenge ikkje gleda oss te sommaren vel?" Nei dao, me TRENGE ikkje.... Meg EG gleda meg! :)
No høyre me litt pao CD. "Skru opp litt, mamma" Ok... "Mamma...??" (blir ignorert i håp om at spørsmål kan gå over) "MAMMA??!!! Skru ned!!! Mamma, kåfer klør da i ryggen når musikken e so høge?? Da e urettferdig at månen e berra pao EI sida av bilen... Hey, dan føle jo itte oss!!! Mamma, kåfer da?? Kan månen gøyma seg BAK himmelen?" Da e sikkert fjedle so skygga for månen... "Kå betyr skygga, mamma??" Å kjære vene... Berra set og kos dikka de! "Mamma? Veit du kå me koste oss med hos besta? Sjokolade, kjeks og kake!!" Åh, so heldige de e!! "Mamma, eg fekk pølse hos bestemori!! Å, de e jammen heldige aldle samen! :) "Mamma, e me snart framme??" JAAAAA, snart!!!!! :) :) Også bada alle saman og hadde det kjempemoro, før dei sette retning heimover...!! :) Takk for ein fin tur gulla mine! :)

lørdag 28. januar 2012

Min første blogg...

Dette blir nesten som han som plukka sin første løvetann... Dette veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjere.. Han guten tok med rot og topp; sin første løvetann. Det var liksom ikkje så nøye korleis den såg ut, berre han hadde fått tak i den. Og slik blir det her òg... Eg veit ikkje heilt korleis det skal gjerast, men eg gjer eit ærleg forsøk! :) Når ein bur midt i ein sving så har ein mogelegheit for å sjå mykje, finne på mykje, reise i fleire retningar (ein om gongen sjølvsagt), reflektere over mykje og rett og slett berre oppleve. Det er dette eg tenkte eg ville gjere her... Og kanskje få tilbakemeldingar på spørsmåla mine. For spørsmål har eg. Ein får ikkje greie på noko dersom ein ikkje spør! Og sidan det er laurdag og godteskåla står på bordet så oppmodar eg om å ta vare på jorda vår; det er den einaste planeten med SJOKOLADE!!! God helg!! :)