mandag 1. juli 2013

Sommaren er i gang! :)

Sommarferien er godt i gang. Som ein nordmann skal vera, så skal ein jo passe på å skrive korleis vèret har vore desse dagane. Eg kan faktisk forstå kvifor nordmenn er så opptekne av vèret. Det er komplett umogeleg å vite kva vèr som blir, for det som er meldt blir det heilt sikkert IKKJE. Og sidan det kan variere SÅ veldig i dette landet, så kan ein faktisk få ein ganske lang samtale rundt vèret! Forrige veke var me i Feiga og kosa oss. Vèret var så fint at ungane bada eit par dagar faktisk! Det kom ein tysk familie som tykte at det var nesten som ekstremsport å rekne at me bada i dette kalde nord! :) Desto kjekkare var det for ungane å bade! :) Eg bada ikkje...
Men me var på båttur til Luster der me kjøpte oss is på Lustrabui. Og me var på båttur for å fiske. Me er så heldige som har ein slik plass så nære! :) Ingen som forstyrrar og ikkje noko stress!
Eller forresten; hadde eg hatt våpenløyve og jaktbrev så hadde det vore to måsar mindre i landet! For eit slikt spetakkel! Og når ungen deira datt ned frå taket og me skulle hjelpe den ned til fjorden... Hadde me ikkje hatt ei rake til å true dei med så hadde det vore to nordmenn mindre i landet! Morsinstinktet på ein måse er enormt! :)

Ein høyrer berre stillheita og kjenner lukta av sommar når ein ser på desse bileta! :)

No er me starta på ei ny veke og me har sommargjest frå Oslo heile veka! :) Me storkosar oss saman! I kveld har me kosa oss med kveldsmatgjester, bilen er seld og Bruhaugen har fiksa steikeovnen! No er det kveld og me gjer oss klar til tysdagen! :)

1 kommentar:

  1. Hadde ein måsefamilie som plaga meg i heile sommar eg og. Dei budde på parkeringsplassen, og alle (det blir meg) som kom for å reise med bilen sin (eller kom att med bilen sin) skulle takast for å trå innpå DEIRA territorium. Liksom. Åhh, eg drøymde om å skyta dei, men det fekk eg jo ikkje..så eg gjorde litt research på internett. Der fann eg ut at måsar ikkje likar døde måsar, då vil dei reise sin veg. Problemetet var at eg hadde ingen død måse. Så fann eg ut at eg kunne "dope" dei ned. Rødsprit eller whitesprit trekt inn i litt brød, mata dei dumme måsane som bit på med ein gong, og resten skulle bli eit faktum. Anten dødde dei av dopingen, eller så dødde dei av at rusen forårsaka svakare syn, dårleg kordinasjon osv, og at dei difor kræsja inn i stolpar eller andre gjenstandar. Vel, måsefamilien flytta heldigvis sin veg i mellomtiden, så eg fekk aldri testa desse makabre greiene. MEN då eg var på Nordmøre på ferie nokre dagar seinare var det ein fast måse som skapte balluba utanfor inngangsdøra. Han bæsja ut bilen min, og lagde riper i det nymåla rekkverket på verandraen. Ondskapsfull og hevngjerrig fekk eg lyst til å teste ut dopingplanane eg hadde lese om. Litt heimelaga brød frå skåpet til bestemor, og litt rødsprit frå garasjen til bestefar. Måsen åt det opp, flaug sin veg, og kom aldri tilbake. Ein erfaring rikare på korleis å bli kvitt måsar utan og skyta dei, og enda ein ting å fortelja turistane eg guidar rundt om sommaren. Dei ler med meg, og litt av meg :-)

    SvarSlett