lørdag 28. januar 2012

Min første blogg...

Dette blir nesten som han som plukka sin første løvetann... Dette veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjere.. Han guten tok med rot og topp; sin første løvetann. Det var liksom ikkje så nøye korleis den såg ut, berre han hadde fått tak i den. Og slik blir det her òg... Eg veit ikkje heilt korleis det skal gjerast, men eg gjer eit ærleg forsøk! :) Når ein bur midt i ein sving så har ein mogelegheit for å sjå mykje, finne på mykje, reise i fleire retningar (ein om gongen sjølvsagt), reflektere over mykje og rett og slett berre oppleve. Det er dette eg tenkte eg ville gjere her... Og kanskje få tilbakemeldingar på spørsmåla mine. For spørsmål har eg. Ein får ikkje greie på noko dersom ein ikkje spør! Og sidan det er laurdag og godteskåla står på bordet så oppmodar eg om å ta vare på jorda vår; det er den einaste planeten med SJOKOLADE!!! God helg!! :)

1 kommentar:

  1. Gratulere. No er du igang....Fint at utfordringer blir tatt på strak arm

    SvarSlett