tirsdag 31. januar 2012

Hakuna matata!

Heilt utruleg kor populær filmen Løvenes Konge har blitt igjen!! Born i alle aldrar går og syng på sangane derifrå! :) Eg hugsar eg sjølv sat og såg på den filmen... Det var SÅ trist med Mufasa som ikkje overlevde gnu-flokken, og stakkars Simba som måtte flykte... Og så vart jo gleda SÅ stor når Nala fann Simba og dei tok tilbake løveriket! Ikkje minst sit sitatet til Timon og Pumbaa festa på hjernen: " Du må prøve å legge BAKEN i fortida!" seier Pumbaa. "Nei, nei, nei... Amatør, legg deg ned før du blir skada, svarar Timon. Du må legge fortida BAK deg!" Det er noko me kan lære av alle... Ting som HAR skjedd, har skjedd. Det kan me faktisk ikkje gjera noko med. Men me Kan gjera noko med det me har no, og det som SKAL skje! Me brukar masse energi til å tenkje på kvifor gjorde eg det? Åh, hadde eg berre gjort slik så hadde det ikkje vorte sånn eller sånn... Ikkje bruk energien på slikt! I dag er det sol, i dag vil eg ut! Eller i dag vil eg sitte under bordet, som fungerar som hytte, og lese fem bøker med ungane fordi det vil dei no! Og nyt det!:) Det var kjempekaldt å gå på ski i dag, ein stk misfornøgd unge og ei tissetrengt jente i bilen heim..Og tunellen var stengt pga vegarbeid... Så det var ein tolomodigheitsprøve..Nei, me tenkjer ikkje meir på det... Me gledar oss til neste gong! :) Jammen er me heldige som har SÅ fantastisk fin natur og ski anlegg i kommunen! Det var ekstra godt med kakao til kvelds i kveld! :) Alle kosa seg rundt kveldsmaten og det finaste er vel å sei godnatt til små, brune barneauge, og fortelje dei at no skal dei få kvile seg heilt til i morgontidleg! Då gledar eg meg til å sjå dei att! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar