søndag 16. september 2012

Miniputt-turnering

Eg sto opp i dagtidleg og såg at vèret var som det var meldt: overskya og regn. Skodda langt nedetter fjellsidene. Takk og lov for at Sogndal skal arrangere siste miniputt-turneringa for denne sesongen tenkte eg. Folk delte mi meining då me ankom Storhallen i Sogndal. Men allereie ved fyrste augekast såg me at dette kom til å blir trongt. 8 baner pressa inn på ei stor bane. Og ungar, vaksne, foreldre, arrangørar, dommarar, trenarar surra alle stader. Det aula av folk der inne. Og som trenar så prøver ein å kommunisere til ei viss grad med spelarane utpå bana. Ingen vits i dag! Det vart slikt eit lydnivå at det var håplaust å få sagt noko som helst. Då måtte eg i tilfelle ha hoppa og hoia på sidelinja slik at dei fyrst såg på meg, og slik kunne ha lese på kroppsspråket mitt kva eg meinte. Men nei... Eg prøvde å rope litt innimellom, men eg trur ikkje dei høyrde meg. Og desse små 5, 6 og 7 åringane treng litt meir forklaring enn det dommaren viser med hendene , så det vart litt dårleg med rettleiing på denne turneringen. All æra til Sogndal for at dei ha kome på å laga 8 små baner istaden for 6 på ei bane og 2 på ei bane til... Det har dei andre arrangørane måtte gjort. Men konklusjonen er vel at SÅ mange lag, med tilhøyrande foreldre og søsken, besteforeldre og andre interesserte blir for masse. Og kiosken gjekk sjølvsagt tom. Og etter enda turnering fekk ungane diplomar UTAN navn på!!! For det kan trenaren/lagleiar gjere sjølv... Er det mogeleg? I andre klubbar skriv både arrangementsansvarleg og klubbleiar under. Eit lag hadde ikkje med seg penn, så der må foreldra skrive på navnet til sin håpefulle når dei kjem heim... Er Sogndal så overlegne at dei kan gjere nett som dei vil??? Kan dei krevje at ingen av sine lag skal spele mot kvarandre? Er det Fair Play at dei står rett framfor keeper til motstandarlaget slik at den ikkje klarar å spele ut ballen? Det er Sogndal som gjer det. Eg har lagt merke til det i fleire kampar på ulike årssteg.
Laget til Anja kunne ha spelt i serie i år, i tillegg til turneringar. Men me har valt å ikkje gjere det. Då hadde me kanskje mista fleire spelarar som ikkje vil vera med når det blir for seriøst, og bygda vår er ikkje så stor at me ikkje treng alle som vil vera med. Difor vil me vente til neste år før me byrjar med seriespel. Kaupanger og Sogndal veit eg er med på serien. Det merkar me når me spelar kampar mot dei. Dei er allereie starta med å spesialisere seg på posisjonar på bana og differensiering. Sjølvsagt held me ikkje følgje med dei. Men det er eit val me har teke. Og eg står for det. Heldigvis har me 9 spelarar som har vore med heile sesongen!:) Neste år er me klare til kamp i seriesystemet!
Malene er nettopp starta med dette sirkuset. Me køyrde heimover i ettermiddag, og i Årøyane såg me ein saueflokk som gjekk mot grinda. Malene sa: Sjå mamma, alle sauene går same vegen! Ja, sa eg. Det er slik at når ein sau går mot ein ting dei vil ha, så går alle dei andre etter. Slik er det med dykk på fotballbana òg, dersom ein av dykk spring etter ballen, så spring alle de andre etter!!! :) Og det ER slik fyrste året på miniputt! Og det er sjarmerande! :) Det er ikkje slik at alle born har foreldre som sit og ser fotballkamp på tv. Dei veit ikkje at nokon spelar bak og nokon framme, nokon må vente på sidelinja før dei får inn, at når ballen er over sidelinja så må me kaste den inn... Alt dette skal lærast! Og på ein dag som denne INNE i ein storhall med 1500 mennesker så er det ikkje så godt å forklare alt etterkvart. "Learning by doing", sa Dewey. Slik er det. Me må lære ved å gjere det. Dette var siste turnering for i år, og me har lært mykje på dette året. Fotball skal vera moro, skape samhald og glede! Det er det viktigaste! Sjølv om alle likar jo å vinne... :)
Og sjølv om alle var glade for at siste turneringen skulle vera innandørs så var nok alle like glade for å kome seg derifrå og ut, då dei var ferdige!!! :)

Anne Merethe.
Trenar for to lag, sprang i mellom, gaulte og hoppa, kjøpte pølser og saft, leita etter ungar, følgde dei på do, fann rett bane, helste på kjente, gav ros til laga mine, administrerte besteforeldre, passa på sekkar, kasta bos, tok bilder... og reiste heim. Takk for ein fin dag med kjekke ungar! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar