onsdag 1. februar 2012

Ein bra dag! :)

Det som er så bra med at ein har ein dårleg skidag ein dag, er at då kan det berre gå bedre neste gong!! :) Og sidan me har det fantastiske skianlegget som eg nemnte på i går, så fann me ut at sol, ski, blide ungar og skiløyper var ein bra kombinasjon! Så etter lunsj i dag hadde eg og Emil ein finfin tur på Heggmyrane! Me hadde masse tid til å filosofera over ting... Kvifor sola skin ein plass, men ikkje alle plassar... Kvifor skyene såg ut som ein veg... Når me ser opp i lufta, så dett me sjølvsagt, men det gjer ingenting når me berre reiser oss opp og går vidare! Og der såg me harespor... Me lurte ei stund på om me skulle følgje etter og sjå kvar han hadde gøymt seg, men me fann ut at det luraste var nok å la han gå i fred... Ellers hadde me sikkert vore der enno... For TING TAR TID med ein TREÅRING!!! Snakk om -åringar... Jammen har eg seks-åring dette året òg... Så me var på helsestasjon på SKULEKONTROLL i dag! Veeeldig spennande for ho. Og for mor innebar dette spørsmål og formaningar om: Hugs berre godteri på laurdagar, hugs at frukost er motoren din så det må du ha, hugs at 6-åringar skal vera pinglete så dersom du har ein seksåring som er litt over gjennomsnittet så må du sørge for at ho/han skal vera pinglete! Ut og tren og ikkje et meir enn høgst nødvendig... Ikkje akkurat det ho sa, kanskje, men den følelsen ein sit att med.... No er ikkje eg bekymra på noverande tidspunkt for mi skulejente, men når fagfolk sit og seier slikt over hovudet på born så er det ikkje rart at kroppshysteriet tek av... litt for tidleg... Sunt kosthald og fysisk aktivitet til kvardags, så kan ein jammen kose seg MED sjokolade eller brus i helga og til fest! :) Meinar eg... :) Og det er vel det ein bør frå fram på helsestasjon òg?
Eg gledar meg allerede til ein liten sjokoladebit på fredag òg, eg! :) Håpar alle har hatt ein like fin dag som meg! Eg er rett og slett priviligert som kan ha fri ein dag i veka; starte dagen med ei treningsøkt og kose meg med familien resten av dagen!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar