fredag 27. april 2012

Fin fredag!

Fredag. Fri. Kos. Jentekveld. Langfri. Ahhh... Digg!! Og etter ei veke der Emil har vore sjuk og pjusk så er det godt med ein dag der alle er i fin form! Eg har hatt ein fin dag på jobb, som alltid. Anja har hatt med seg besøk heim etter skulen, Malene har vore på besøk til ein nabo og Emil fekk besøk av den gode jentevenninna si. Og jammen hadde Frode vaska alle glasrutene på utsida på fridagen sin. Så no er langhelga starta. Korleis den blir nytta veit eg ikkje heilt endå... Me likar ånta ting på sparket av og til. Me ser an kva behov me har, vér, føreforhold, humør osv... Einaste eg veit er at Frode skal på sesongopning søndag, då er fotballsesongen i gang.. Anten ein vil eller ei..:-)Me har eit utruleg fint område på nedsida av svingen me bur i, som ikkje blir brukt noko særleg. Barnehagen og skulen nyttar det ein del så i dag har to klassar på skulen vore og rydda bos der, så no vart der rett fint. Så kan absolutt anbefalast? Treng berre nokre benkar der no... Heilt utruleg kor mykje bos folk kastar i frå seg. Det er verkeleg eit forbetringspotensial!!! Men no vart det i allefall bra!:-) Fint at det blir rydda til 17.mai. Det er fort tida går framover no. Mange fridagar gjer at tiden går endå fortare på eit eller anna vis. Mai er ein fin månad. Faktisk så sit eg og kjenner møkalukt og ser at det blir grønare og grønare på plenen og på trea. Anja har vore i fjøsen og sett på lam i dag... Vårteikn. Fin tid, ja. No tek me helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar