tirsdag 24. april 2012

Fritidsaktivitetar

Jammen er det moro med vår, mildare vèr og eit yrande liv rundt om i bygda! Er så kjekt å sjå mange ivrige foreldre og born som boltrar seg på friidrettskarusell rundt idrettsanlegget her, og eit steinkast (eller ballkast for å bruke friidrettsspråket) unna er det fullt av ungar som spelar kamp og trenar fotball. Der òg er det mange ivrige foreldre med og heiar og ropar fram gode prestasjonar! I år vil klubben satse på Fair Play så det blir sett ekstra fokus på det rundt kampane våre framover. Sidan eg har fått "æra" av å vera Fair Play ansvarleg så er eg så heldig at eg får vera med og sjå mange kampar framover våren, sommaren og hausten! Det gledar eg meg til! I tillegg trenar eg to og eit halvt fotball-lag så eg har nok å styre med... Men eg likar det! Og det gjev meg så mykje tilbake, at eg ser ikkje på det som "arbeid"! Berre mange opplevingar og erfaringar.
Då kampen var slutt og friidrettskarusellen "sprang i mål" høyrer me skulemusikken som øver til 17. mai! Det er eit sikkert vårteikn, og det skapar så fin stemning. Eg hadde spelt etter notar i fleire år då eg fekk sjansen til å kome inn i skulemusikken på Kaupanger. Der MÅTTE eg ha notelære før eg fekk instrument... Då takka unge, frøken Feigum fint for seg og tenkte: Eg gidda ikkje å vera med viss eg mao læra nota ein gong te, når eg kan da frao før. Gje meg eit instrument! Nei, nei... viss eg ikkje faor da so ha eg no fotball, dans, piano og hardingfela å driva med so dao bli da ikkje skulemusikk pao meg. Så slik var min karriere innan korpsmusikk. Heldigvis er det andre som vil driva med det! Eg vart aldri nokon racer på verken piano, fele, gitar eller orgel... Men eg har lært det slik at eg klarar meg!:) Fotballen var det viktigaste for meg på den tida. Og fram til eg var på vidaregåande ein gong... Eg måtte til med linser for å klare å sjå skikkeleg, og når då framleis unge, frøken Feigum ikkje fekk det til så kasta ho dei i do, trekte ned og sa: Viss ikkje linsene vil inn på augene mine så får det vera med heile fotballen.(Det gjekk IKKJE på mine kunnskapar om å ta på meg linsene sjølvsagt) Og slik vart det... Sjølv om det var då Kaupanger sitt damelag spelte i øverste divisjon... Så karrieren vart lagt på hylla utan å få vera med på spelarbørsen i VG... Angra litt i dag, merka eg... :)
No vil eg vera med å bidra til at unge i dag får mogelegheiten til å trene og utvikle seg i fotball! For fotball er moro!! :) Sjølv om eg er veldig ferdig med å sitje meg ned for å sjå ein fotballkamp ein ettermiddag/kveld. Etter eg hadde ein gut som var veldig sjuk, så kunne eg ikkje forstå kvifor eit lag kunne juble SÅ veldig for ein seier når min gut låg og var SÅ sjuk... Ingen konkret samanheng, men for meg såg eg akkurat då at korleis det gjekk med den kampen som var på tv betydde INGEN VERDENS TING! Og den følelsen har eg framleis... Det betyr ingenting for meg personleg. Men derimot, når eg reiser bort på bana her og ser kor moro kvart enkelt barn har det med fotball og leik. DET betyr noko! Så difor brenn eg for å vera med i idretten! :)
Håpar på ein fin kveld i morgonkveld òg, for då er det miniputt-trening! Og eg er klar! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar