mandag 16. april 2012

Litt av kvart...

At ein ha da lettvindt føre berre til at ein gidd mindre... Eller er det ikkje sånn? Etter at me fekk ipadn i hus så surfar me på nett i godstolen nedi stova. Utruleg lettvindt! Og alt blir så tilgjengeleg. Akkurat når eg treng det så kan eg sjekke veret for morgondagen, eg kan nett innom facebook, eit ord eg les om i ei bok... Kva tyder det? Eg har ipadn på bordet så då kan eg sjekke det opp med ein gong. Men det fører jo til at eg ikkje gidd gå opp på den stasjonære for å skrive på bloggen... Touchmetoden lærte eg va Bottolfsen på vidaregåande; det er vel noko av det eg har hatt mest bruk for etter den utdanninga så takk Ove!:-) Eller forresten så lærte eg mykje anna lurt òg. Idrettsfag var ei fin tid. Men det var no ikkje det eg hadde tenkt å skrive om, på ipadn faktisk. Sidan eg ikkje gidd gå opp og skrive det meir effektivt med touchmetoden på eit tastatur... No får eg klare meg med to peikefingrar. Emil er eksperten på ipadn. Facinerande å sjå korleis dei små handterar sånne tekniske, elektroniske ting no. Emil sit med fingeren og trykker seg fram til memeoryspel, pusling, bokstavar og ringer til onkel som for tida er i Den Domenikanske Republikk. Stas å kunne sjå og snakke med søskenbarnet som me ikkje har sett "live" på veldig lenge. Kom eg fram til poenget om kva eg ville skrive om...? No er eg og me så heldige at me bur i kommunesentet i Luster kommune. Me er omringa av fin natur, fine folk og mange opplevingar. Dette har òg kome fram i ulike tv-kanalar det siste året. Eg driv og lagar til familietreff i sommar og skal prøve og skaffe overnattingsmogelegheitar. Og eg ringerntil Skjolden hotell på det nr eg finn på heimesida deira, og eg kjem til mobilsvarar som seier: den du ringer er i eit område utan dekning. Kjære vene, er det rart me blir sett på som orginalar når til og med hotellet her er utanfor dekningsområde???? Og her i Gaupne kan ein ikkje forvente å få noko å bite i etter kl 16. Ingen kafeear eller restaurantar som kan friste turistar til å stoppe opp ei lita stund. Er du heldig kan du få fyllt luft i dekka og kjøpt drivstoff slik at du kan kome deg vidare...!!! Her må nokon kanskje prøve å tilfredsstille turistane(og innbyggarane for så vidt) sine forventningar...? Hadde kanskje vore fint å fått påfyll i ein Statoil-kopp og ein New Energy sjokolade før ein sette retning Jostedalen? Poenget mitt er berre at når det har vore SÅ masse "reklame" for den vakre naturen me har her, så må me sørge for at folk finn fram, får mat, møter blide folk og får ein fin ferie her!!:-) Eg for min del tenkte eg skulle selge vafler og saft i Feiga, slik at turistar som har vore oppe og sett på Feigumfossem får seg litt næring og ein norsk spesialitet når dei kjem nedatt!:-) Men for all del, me har det veldig fint i Luster kommune då!:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar