søndag 22. april 2012

Søndag

Søndagsmorgon kl 06.40: KAN NÅKEN VEKKJA MEG???!!!! Emil er vaken og ynskjer at nokon andre skal vera vakne òg. Men eg svarar tilbake at "nei, ingen kan vekkja deg no! Da e altfor tidle å stao opp endao. Da e berra du og maosane so envakne..." Så kl 07: mamma,meg må tissa no eg... 07.03: mamma, eg ha tissa og vaska hende. Kan eg ligga med dikka no? Ja, ok. Ligg i ro og slappa ao litt dao, me kan kosa lenge i dag når da e søndag veit du. 07.05: Emil synge Lille Petter Edderkopp 11 gonger etter kvarandre. Tykkjer egentleg det hadde vore godt å sove litt lenger enn litt over halv sju ein søndagsmorgon, men jammen er det no fint å ha ein liten gut som ligg i senga og syng til meg medan han ventar på at kl skal bli halv åtte. Det er ein regel her i huset at når kl blir halv åtte er det lov og sjå barne tv. Dei dagane me har fri frå barnehagen. 08.10: mamma, kan me ut og sparkesykle no??? Nei, lille venn INGEN i nabolaget her ynskjer å vakne av tre ungar som susar forbi uti gata på sparkesyklar SÅ tidleg ein søndagsmorgon. Så det lyt me vente med. Eg var i Bergen i går og der hadde dei eit stort utvalg av sparkesyklar, så det var nye sparkesyklar til alle ungane! Dei vart hoppande glade, og sidan dei ikkje fekk prøvd dei i går så var sjølvsagt iveren stor denne morgonen!:-) Då kl passerte 10.15 tok me turen ut. Og vart i grunn ute resten av dagen! Er sp fin tid no! Temperatuern stig og sola har vore framme i dag, så det er mange ungar og vaksne ute. Ingenting som er så kjekt som å hagen full av ungar som leikar og kosar seg i vårsola! Piknik på teppe på altan i dag vart suksess! Ikkje den avanserte menyen, men akkurat det ungane hadde lyst på; kornmokjeks med brunost. Og eplebitar. Middagen tok me på grillen i Feiga i dag. Jammen gledar me oss til me får nye båten vår. Då er det fort gjort å ta ein tur bort. No må me køyre heilt rundt... Har snakka ned Mats og Lilja i dag òg. Me gler oss til dei kjem til Norge att!! Jammen er dei langt vekke. Eg, med mitt forhold til fly kan ikkje med min beste vilje forstå at nokon VIL sitje på eit fly såååå langt!! Eg har nok med tre og ein halv time til Spania... Det nærmar seg det òg no! Gledar meg til me er nedkomne!!:-) No skal eg henge opp kle og så blir det leggetid. Har vore ein lite gåtur i kveld. Jammen bur eg på ein fin plass med mange turmogelegheitar. Klar til ei ny veke!!:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar