onsdag 2. januar 2013

Fotballturnering

Nytt år, nye mogelegheitar. Tenk over det. Er det noko du har lyst å gjere? Gjer det då vel!:-)
Eg fekk gjort noko i romjula som eg har hatt lyst til lenge, men som eg ikkje har funne mogelegheit til å gjera. Merk at eg skriv: har ikkje funne mogelegheit til... Eg skreiv ikkje at eg ikkje har hatt mogelegheit til. For stort sett så har me mogelegheit til å gjera det me vil. Det handlar ofte om prioriteringar... Eg har ikkje prioritert å spele fotball. Men endeleg fekk eg, saman med fotballstyret i IL Bjørn, arrangert innandørs fotballturnering for alle!!! Og heldigvis fekk eg vera med på eit lag! Det vart ein supersuksess!!!:-)
Snøen lava ned laurdagsmorgonen. Perfekt innevèr! Klokka 08.45 tok eg med meg baggen med adidas inne-fotballskoa mine, premiar til vinnarane, dommarfløyte og sprit til å vaske den med, sidan det var mange som skulle få prøve seg som dommarar. Tek ikkje sjansen på å vera ansvarleg for ei smittebombe..!! Og sjølvsagt litt pengar til kiosken måtte eg ha med.
Dei fyrste laga kom litt før 09.30. Like spente som meg. Klokka nærma seg 10.00, og avspark. Laga stilte opp, eg sjekka at Røde Kors var på plass, publikum var byrja å kome på tribuna, kiosken var i sving og dommaren bles i gang fyrste Fair Play-grendacup som har vore arrangert av fotballstyret.
Det var unge med, dei som hadde litt fleire år på baken, dei som har spela fotball kvar dag sidan dei kunne gå, og dei som aldri har sparka fotball før. Dei som er fulle av konkurranseinstinkt og dei som tykkjer det sosiale er det viktigaste. Poenget med denne dagen var at det skulle vera plass til alle!!! Og det håpar eg folk følte!!:-) Neste år kan me kanskje prøve med fleire prisar for at alle skal bli med neste gong óg... For me vil at alle som var med denne gongen har lyst å vera med fleire gonger!:-)
Kampane gjekk smertefritt, og me dreiv på heile dagen. Tribuna var fullsett heile dagen, og stemningen var god!! Eg spelte fire kampar, innimellom sekreteriat-jobbing, tømme bos, fylle på papir, veksle pengar, stå i kiosken, passe på at rett avgjerdsler blir tekne, sjå til ungane og passe på at folk har det bra på turnering! I kampens hete blandt erfarne og aktive fotballspelarar kan det vera fort å gløyme at dommarane i denne turneringa er ein spelar frå eit anna lag, og skal behandlast deretter! Då er det viktig for meg å støtte "dommaren", klappe han på skuldra og takke ekstra for innsatsen! Og spelarane må hugse på Fair Play..!!! Balansegangen mellom alvor og moro er ikkje alltid lik for alle...!:-) Men me har plass til alle!!
Fair Play-prisen i 2012 gjekk til damelaget "The Nurses". Dei var eit reint lag frå ei bedrift, som la  vekt på at alle fekk vera med uansett alder og erfaring. Det var spelarglede og humor i laget. Og dei spelte fint mot andre lag. Slik me såg det var ikkje fokuset på å vinne, men å delta!! Flott!!
Jostedal FK var nest siste lag som meldte seg på turneringa, og dei kom som ein rakett og vann heile turneringa! Gratulera!:-)
Gossip Girls vann dameklassen. Unge, lovande, spreke jenter. Det var i den alderen eg slutta med fotball. Så sist eg spelte fotball så var eg på deira nivå.... Og trudde eg fortsatt var der... Fekk meg ein tankevekkar... Eg ER ikkje så sprek som eg var ein gong. Heile laget mitt varma opp ute i gangen: jogga vanleg, sidelengs, høge kneløft, hoppa... Sikkeleg klare... Og SLITNE FØR KAMPEN BYRJA!! Jau, jau... Men eg fekk scora 6 mål. Og mål er mål. Og det er det som er så moro!! Å banke ballen i nettet!!! Eg trur me må få til litt fotballspeling her slik at det ikkje treng vera eitt år mellom kvar gong!! For eg er framleis STIV i føttene, armane, ryggen, magemusklane.... I dag er det onsdag...
Juniorserien var avgjort på myntkast. Det er ikkje Fair Play å avgjere finalen på straffespark, så vart det kron og mynt. Bra jobba av begge laga i finalen. Neste år håpar eg fleire juniorlag blir med.
Premieutdelinga då klokka nærma seg 18! Så var det oppattrydding før eg gjekk heim med baggen min kl 19. Etter ein lang dag i hallen. Utruleg mange blide og fornøgde folk. Positive tilbakemeldingar. Snøen hadde gått over til regn. Det gjorde ingenting. Eg var glad. Turneringa var ein suksess.
Neste år håpar eg at eg ikkje blir SÅ stiv i føttene. Sjølv om eg sikkert ikkje var den einaste som gjekk inn i det nye året med gangspir...!:-)

Godt nytt år!
Eg gjorde noko eg lenge har hatt lyst til. Gjer det du óg!:-)

Anne Merethe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar