mandag 30. september 2013

Fair Play

Fair Play

Gårsdagens snakkis i bygda, i allefall i den fotballinteresserte delen av innbyggarane var opprykkskampen mellom Årdal FK og våre eigne menn. Kampen føregjekk i Årdal og ein heil bataljon herifrå var med laget og støtta dei under kampen frå tribuneplass. Me som ikkje var med innover fekk oppdateringar på nett. Då det på oppdateringslista sto 3-3 så tenkte eg at NO går det.(Bjørn var klare for opprykk med seier eller uavgjort, Årdal måtte vinne) Nytt innlegg kom på overtid og eg tenkte at NO har dei klart å karra seg opp i 4.div. Men NOPE; det var feildømt straffespark til Årdal som dei sjølvsagt scora på og slik vann Årdal kampen og opprykket.
Fyrst tenkte eg at det er no like greitt for då blir det ikkje så vanskeleg å få mannen til å legge fotballskoa på ei hylle lenger oppe... Men som ein gamal fotballspelar sjølv, så kjende eg på kjensla av urettferdigheit, kva med ærlegheit, Fair Play... Kven er stolte av å vinna på uærleg vis? Kven støttar ein/dei som juksar seg til seier og framgang? Er det gode lagspelarar?
Frustrasjonen til fotballspelarane som kom att viste lang veg...
Det var journalist frå lokalavisa på stadion i går, og han hadde vist fram bildebevis om at det var ein Årdal-spelar som handsa for å prøve å slå ballen i mål; det var ikkje ein Bjørn-spelar som handsa slik dommaren gambla på. Dommar Skjerven; du kan ikkje gambla på ei avgjerdsle er rett eller feil. Du må dømme det du er sikker på! Elles kan du drite i det! Då slepp du å frykte at du har sett feil hand..., som du seier i avisa...
Her i huset er me vel kanskje meir enn gjennomsnittet interessert i fotball, så ved frukostbordet i dag hadde me Sogn Avis der bildebeviset var bretta utover to sider! Det var dagens frukostprat kan du tru!
"Mamma, juksar alle frå Årdal?" Nei, nei, det er ikkje alle som juksar måtte eg forklare. Absolutt ikkje alle!! "Viss ungane ser på dei vaksne spelar fotball og dei ser at dei får lov å jukse så lærer vel ungane at det er lov då, mamma?" Og DET spørsmålet skal me ta på alvor! Nettopp; om ein er 17, 25 eller 35 år og spelar på eit a-lag(eg reknar at begge laga i Årdal er a-lag og her i Bjørn har me berre eitt a-lag), så har ein eit ansvar for å vise korleis idretten skal utøvast! Spelarane er førebileter for dei yngre i klubben og i bygda! Det vere seg handlingar på bana, rundt bana, korleis ein snakkar til medspelarar, motspelarar og dommar.
Eg kan forstå at det å sei til dommaren at: "Æhh, du dommar, det var eg som handsa... " kan sitje langt inne. Men dersom ein har eitt lag i ryggen som er opptekne av Fair Play så bør ein få støtte til å gjere det. Eg er ein konkurranseinnstillt person sjølv, og hatar å tape, men likevel er det betre å tape enn å vinne på uærleg vis! Ein kan ikkje sove særleg godt i etterkant.
I følgje avisa hadde ikkje dommar Skjerven (Jonny) det særleg godt i etterkant av kampen heller, og eg håpar han kan ta opp og drøfte situasjonen med sine kollegaer i kretsen. For slikt bør ein unngå. Eg veit ikkje kva konsekvensar det kan få i etterkant dersom Bjørn legg inn protest. Men dersom mogelegheiten for ein ny kamp er tilstades så bør dei få den mogelegheita. Og tapar dei på ærleg vis så er saken grei. Men då får òg Årdal mogelegheita til å vise at dei kan vinne på ærleg vis. (Skulle her vera unødvendig å presisere at det må vere same tropp som stiller på ein evnt ny kamp; ikkje ta med fleire frå 3.div-laget for slik å stille sterkare, men av ein eller anna grunn føler eg den presiseringa er naudsynt...). Eg trur ikkje det kan gjerast så enkelt som å trekke vekk att straffemålet... Uansett så bør ein vise kretsen at slikt kan ein ikkje berre finne seg i. Og Årdal nemner på si nettside at dei forstår Bjørn-spelarane sin situasjon, men trekker fram ein situasjon i kampen der det kanskje skulle ha vore straffespark så difor går det opp i opp. Hey! Det er ikkje slik det fungerar! Ei takling er ein reell situasjon, medan ein viljehands er juks! Stor, stor forskjell!
Hadde det gått an å få minuspoeng i Fair Play, så hadde nok Årdal fått så mange at det hadde tatt fleire år å jobbe seg opp på pluss-sida. Og i vår klubb kjem nok Årdal til å bli sett i eit dårleg lys framover ei stund... Her ser ein eit eksempel på korleis dei vaksne sine "dummheiter" går utover aldersbestemt fotball òg...


Nei, ei orsaking hadde nok vore på sin plass. For dette var ufortent! Både Bjørn og Årdal har jobba godt heile sesongen og fortener slik sett plassen i 4.div begge to. Men når det blir avgjort på denne måten så kan ein lure på om lag som juksar fortener plass i høgare divisjon...?

Ungane var opptekne av at pappa var på det laget som tapte på grunn av juks, og tykte synd i han. Ungar er opptekne av rettferdigheit. Og det skal me hjelpe dei til å vera opptekne av! Det er viktig på alle arenaer i livet! Det er faktisk ein menneskerett at alle skal bli behandla med respekt og rettferdigheit!

Heldigvis har me gode skulekameratar frå Årdal så me veit at ikkje alle juksar!:) Så eg håpar eg fekk sagt tydeleg nok i frå at det var EIN spelar som juksa, og dei andre på laget støtta han. Og i kampsituasjonar så gjer ein kanskje dumme ting... Og verda går vidare likevel! Men altså så var det ei dobbelside i Sogn Avis som hadde fokuset vårt denne morgonen! :)

Ha ein fin, fin dag både Årdøler, Gåpningar, Sogndøler og alle andre! Berre hugs på kva rolle du har på laget ditt, på arbeidsplassen din, rundt middagsbordet, ute i gata! Nokon ser opp til deg! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar