I går hadde Emil to ynskjer, og det var leike skule og å sjå på cruisebåten som var på Skjolden.
Fyrst fekk han no kose seg litt i morgonkåpe framfor tv, med litt barnetv. Barnetv om morgonen er BERRE når det er skulefri eller helg. Eg tykkjer det er veldig greitt å starte dagen saman, ikkje at nokon skal sitje å glane på tv og bli passiv mottakar allereie før frukosten er komen på bordet kanskje. Ingenting er så koseleg som felles frukost med stearinlys på bordet, og samtalar om draumar, kva dagen vil bringe, kva kvelden skal by på eller andre tema som kan dukke opp. :)
Etter me hadde leika skule og skreve bokstavar som blir beskrevet som "fiskekrok" som er J, den med stor mage som er "D", den med liten mage er P, den med to magar er B, så fann me ut at ein lunsj på Lustrabui ville no passe perfekt sidan me skulle innover likevel. Så besta og besten åt med oss; gode rundstykker og bollar. Kafè er alltid kjekt! :)
Etterkvart var me ferdige og me tok turen innover.
Me køyrde nærmare og gjekk ut av bilen, og "leika" turistar. Me menga oss med dei og fekk ei kjensle av å vera cruiseturistar me òg. Smilte og nikka til dei andre og glei rett inn i mengda. Og jammen er det mangt ein kan observere der ein går... Ein mann studerte takrennene på nausta, nokon tok bilete av kvarandre, tre eldre damer gjekk med kvar sin Ipad i fancy fargar... Sikkert for å ta bileter tenkte me. Artig å spekulere i kva dei tenkjer og tykkjer om dette landet... Emil tykte det var spennande med dei laaaange taua som kom frå båten og som var festa i STORE pålar på kaien. Om det gjekk an å balansere på dei? Han fekk ikkje teste, så det veit me faktisk ikkje.
På veg til bilen att stoppa det eit par ved ein brannhydrant og spekulerte i kva dette var! Og dei skrudde av skruen på toppen og opna heile greia. Eg trur dei forsto at der kunne det kome vatn ut... Heilt utruleg kva folk kan lure på, og få seg til å gjere!
Me slo følgje med dei som kom att frå turistbussane og som hadde hatt omvisning i kommunen, og som no skulle bort i sentrum for å slappe av, sjå seg om, ete nista i eit buss-skur, ta ein tur på fjorden med rib eller kva anne dei skulle... Me måtte heim for å ta i mot jentene som snart kom heim frå skulen.
Spennande å ha fri innimellom! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar