mandag 9. juli 2012

Eit lite samandrag frå ein dag på jobb... Forrige gong cruiseskipet Saga Ruby var på Skjolden!:)


Eventyret om borna på cruiseskipet
Det var ein gong 14 fargerike og sprudlande born, og fire kjekke damer som skulle på busstur til Skjolden. Der hadde dei høyrt at det skulle vera eit cruiseskip denne dagen.
Dei gjekk av bussen ved den lokale butikken og såg med ein gong at denne dagen var det mange utanbys frå. Alle saman gjekk dei til stranda der dei fekk sjå over på den andre sida av bukta, der skipet låg til kai. Dei kasta steinar og kosa seg før dei vart svoltne og gjekk til sentrum for å få seg noko å bite i. Borna sette seg fint ned og venta på tur til dei fekk maten som desse fire damene laga til. Det gjekk i norsk husmannskost; grovbrød med brunost, kvitost, makrell i tomat, kaviar og prim.
Alle turistane frå det omtala cruiseskipet som gjekk rundt i sentrum, tykte dette var ein sjarmerande gjeng og ville gjerne ta bilder av denne seansen. Borna var svoltne og åt og kosa seg medan turistane tok bilder og prata med dei vaksne.
Det viste seg at desse folka, som var av dei eldre i samfunnet, kom frå England.
Etter kvart kom den eine av desse vaksne karane og snakka villig med oss, og borna fekk spurt om korleis det såg ut INNI dette skipet me hadde sett som låg til kai. Mannen fortalde om ein stor ballsal, spisesal, mange glas der dei kunne sjå ut på dei flotte fjordane og dei spektakulære fjella og TO svømmebasseng. Eitt ute og eitt inne. Ungane sat med store auge og såg på mannen, og høyrde kva han fortalde, og den eine vaksne oversatte.
Etter ei stund kom det endå ein engelskmann som ville ha bilete av desse sjarmtrolla frå Gaupne barnehage. Men han ville gjerne vera med på biletet han òg. Så han sette frå seg stokken sin og fann seg ein plass blant borna. Kjerringa tok bilde. Han snakka og lo og tykte det var veloppdragne born som var på tur. Han fekk smake ein bit av brunost etter fotograferinga.  Då mannen reiste seg og gjekk såg dei plutseleg stokken hans sto att bak benken. Han vart så sprek og glad av å møte desse borna at han gløymde kor gamal og skrøpeleg han var! Ei av damene i barnehagen sprang etter han med stokken og han vart så takknemleg.
Omsider hadde ungane fått ete opp maten sin, og då kom det to staute karar med raude frakkar. Det viste seg at dei var losar på skipet. No gjekk dei rundt i bygda for å sjå seg omkring. Dei vart fortalde at ungane var veldig nysgjerrige på det store skipet, og korleis det såg ut inni. Då sa den eine: Kanskje det kan late seg gjere at de får inn og sjå..?”  Så sa den andre: ”Det er veldig strengt på slike båtar så det kan nok bli vanskeleg”. Den fyrste sa då: ”De kan reise bort og høyre, så ser de kva svar de får.”
Heldigvis for denne gjengen er mange av cruiseskipturistane gamle og dårlege til beins. Difor gjekk det buss att og fram frå båten og til sentrum. Born og vaksne smilte fint til ein bussjåfør og dermed fekk dei sitje på. Turistane på bussen tykte dette var stor stas!
Den eldre mannen som no hadde stokken sin trefte borna att på cruisekaien og han tykte at dei absolutt burde få inn og sjå.
Den eine av dei fire damene gjekk inn og spurde om dei kunne få kome inn på skipet; og refererte til dei to losane ho hadde treft. Havnesjefen sa at det kunne bli litt vanskeleg. Han måtte i tilfelle ringe og høyre med security-sjefen om bord. Så såg han nedatt i papira sine. ”Ja, men det kan du vel gjere??” sa den ivrige førskulelæraren. Hmm.. jau, han tok på seg jakka si og gjekk av garde for å snakke med sjefen inne på båten.
Det sto 14 ungar og 4 vaksne og trippa på kaien. Ville dette gå???
Og brått… Der kom det ein staut engelskmann og vinka oss bort til seg. Heile gjengen fekk inn! Securityvakta snakka engelsk til førskulelæraren som gjekk fremst, og som oversatte til dei andre. Han viste dei rundt på skipet.
Dei fekk sjå resepsjonen, kinosalen, ballsalen der dei fekk danse litt, spisesalen, utandørs basseng, heile båten rundt ute på dekk og me fekk ta litt pushups i treningsrommet! Både securityvakta og gjengen frå Gaupne ynskte bilete av dette så dei bytte på å ta bilete av desse flotte borna og vaksne! J Og alle stader var det eldre engelskmenn som tykte det var stor stas å få besøk av slike kjekke born(ja, dei vaksne òg seiest det)!
Då me hadde fått omvisning sette dei seg ned, dei flotte ungane, og song: ”Du skal ikkje tru det blir sommar”, til ståande applaus.
Borna og damene takka fint for seg, både på engelsk og norsk, og vart følgde over ”brua” att, og tilbake på fastlandet.
Båten låg der bak dei og var klar til å reise vidare, ut fjorden og tilbake til England. Og gjengen frå Gaupne barnehage skulle ta bussen heim for å fortelje kva dei hadde sett og opplevd.
Snipp, snapp snute så var eventyret om cruiseskipet ute! J

For det var verkeleg eit eventyr å få vera med inne på eit flott cruiseskip!:)
Anne Merethe


Oki, eg innrømme da; litt smisk og sjarm gjere nytten innimødlo! :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar