torsdag 8. mars 2012

Sand og sånt...

Sand! Da e sand øvealt!!! Sand i gongen, sand pao vaskerommet, sand i stovao, sand pao skodn, sand pao vegen... Da e dar da kjemme i frao! Jammen e me gilde dei sanda te oss når da e glatt, men fysøren for noko jævla drit når all dan sanden bli draksa INN!! Eg støvsuge før me fere ut døradn slek at da e reint når me kjemme heim. Men før me e ut døri komne ha me jo gaott øve golvet i gongen adle mann, med sanden frao i jaor pao skodn, so dao lyte eg berra te atte når me e attekomne òg! Men før eg ha faott drege fram støvsugaren for andre gong, so ha jo ungane allerede gaott distansen vaskerom, gang, stova og, kanskje bad... So området so mao støvsugast bli jo berre større og større... Men eg HATA sand unde sokkane, so eg mao berra støvsuga da vekk med ein gong!! Da e da fina med vinteren, dao e da so reint! :) Jammen e da fint med vaoren òg, men danna sanden kunde eg klart meg forrutn... Angra pao at eg ikkje bygde inn sleke rist i golvet, so dei ha fjøsn, dao hadde berra dritn dåtte nedi dar... Men, men... Ha eg nok støvsugarposa so ska da gao fint! :)
I måro ha eg og Anja fri siao da e planleggingsdag pao skulen so dao faor me ta oss ein tørn i huset! Jammen e da helg atte, ekstra lange helg denna gongen! E so fort da gaor ei veka! Men da e vel eit godt tegn da, at me ikkje ha tid te å kjeda oss!!??
Laurdag starta eg dagen med ein morgonspinning, og so ska me pao Heggmyrane og sjao Anja køyra Heggmyri Rett Ned! I kveld e ho og onkel Helgi i trekket og terpa teknikk! :) Fint å ha ein onkel å sjao opp te når da gjelde ski! :)
Elles e da jo kvinnedagen i dag seiest da... Hakje merka noko te da eg, men ha lese om da! ;) So da e sikkert bra da!! Gratulera med dagen te alle dame i allefall!
Når helgi e øve e me omtrent midt i mars allerede! Da gaor mot endao lysare tider og mildare vèr so snart kan me te å gao tura oppøve i fjellsiedn inni her! Da bli fint! Sakna da itte mange treningstima inne pao eit treningssenter... No mao me ha litt frisk luft innimødlo òg! :) Men veldig kjekt å vera spinninginstruktør! Hadde debuten min for nokre veker sidan og det er veldig moro!! No kjem faktisk treningslæra, aktivitetslæra og leiing og instruksjon til sin nytte! :) Kjekt å hjelpa andre til å yta da dei klara i ei treningsøkt!
Men i kveld e da torsdag og eg ofra ikkje treningen ein tanke. No ska eg ned å finna meg ei appelsina (so e kjempegoe for tidn forrestn!!) og sjao pao tv! Ungane e lagde og da e stilt i huset!
I måro e da ein ny dag og eg e klar te da kjemme tre par brune barneauge snikande inn pao rommet vaort!:)

2 kommentarer:

  1. Hei! Merke detta problemet med sand, kan virka so da e eit globalt problem..for her i leiligheten vår,i fjerde etasje, e d heilt til å bli gal av ke mykje sand so klara å bli med opp alle trappetrinni til fjerde og opp i sengi tilogmed! Men,enkelte ting må ein vel berre akseptere her i livet?
    Korleis gjekk da med anja på heggmyrane? Hels t alle sammen, fra oss i cabarete!
    -mats

    SvarSlett
  2. Hahaha!!! Ja, da e sikkert eit verdensproblem datta med sand!! Va akkurat slek eg følte da når eg drog fram atte støvsugarn for n'te gong.. Nei dao, da e eit sikkert vaortegn da, at da bli sand pao skodn og ikkje snø! No smelta snøen og da gaor mot vaor her!:-) Jau, da gjekk kjempefint med Anja pao Heggmyri Rett Ned!! Da va berre ein gut frå klassen hinnas so va raskare enn ho so ho va veldig fornøgd!;-) Men no gaor da mot slutten pao skisesongen. No ha me drege fram syklane og fånne atte sandkassen! Ska helsa frao adle her te adle dikka!!! Klem!!!:-)

    SvarSlett