torsdag 15. mars 2012

Rundstykkjer til kvelds, og me gler oss til sommaren... :)

I kveld tok me kveldsen hos oldebesta på Røneid. For ei fantastisk dame ho er! Og for å få ei oppklaring i kven ho er, slik som me må forklare ungane, så er ho oldebesta deira, men besta til pappa. Og faktisk så er ho mamma til besta... Hæ?? Har besta ei mamma òg??  Ja, det har ho sjølvsagt! Men mamma, kven andre er ho mamma til då? Og besta til? Og oldebesta til? Og kvifor er pappa søskenbarn med dei, men ikkje du? Mamma, kven er dine søskenbarn? Hæ? "Kåfer da??!!" Så slik ramsar me no opp slekta og slektskap, og blir igrunn ikkje noko visare enn att me må ta heile leksa neste dag òg! :) Og "Kåfer da?" er den mest brukte setninga for tida!
Men me har altså ei oldebesta som er inne i sitt 90`ande år, som stiller opp og følgjer med på alt som skjer rundt ho og oss, og sport og nyheiter og, bossortering og trening òg... Ja, stort sett det meste! Og difor elskar ungane å vera på besøk til ho og ho trivst når me kjem! Her får dei rundstykkjer med syltetøy på sjølv om det ikkje er helg! Og det er alltid godt og varmt å kome inni kjøkenet og kammerset hennar. Åh, dei stundene tek me vare på!!
No gleda både ho og me oss til at snøen blir vekke og våren set inn for fullt!:)
Eg gledar meg til å gå turar i skog og fjell att! Det er ei eiga stemning med det! Mange brukar musikk på øyrene ute i skogen, men eg tykkjer det er så fantastisk å berre høyre elva som susar, fuglane som kvitrar, ein fugl som flaksar vekk eller berre at kroppen bankar og pustar! Ingen ventilasjonsanlegg ein treng å tenkje på, varmen inne i eit treningsstudio eller kortid timen startar eller sluttar. Den byrjar når den byrjar og sluttar når eg kjem innatt døra.
Sat og såg i boka me fekk til jul; På tur i Lustrafjell (eller noko i den dur). Ei nydeleg bok med mange fine bileter frå fjellområda her! Det er mange plassar eg kan tenkje meg å gå i sommar! Og så har me lyst å ligge i telt i sommar, med ungane! Håpar det blir så fint vèr at det går an å planlegge ein overnattingstur i det fri! "Tore DU å ligga i telt åleina, mamma???!!" Det fekk eg slengt i fleisen istad... Men nei, det tør eg faktisk ikkje... Pingla! Uff, ja... Åleina er eg litt pingla... I alle fall ute i det store "intet"...!! Var anleis i gamledagar då me låg i telt i hagen. Eg og søskena mine, og nokre naboar... Etterkvart som timane gjekk og det stilna utanfor fordi folk gjekk innatt til leggetid og trafikken minka, skjønte me alvoret av at me faktisk var ute om natta utan voksne... Så ein etter ein gjekk inn for å legge seg... Men DÅ vart eg liggande att i teltet! Så den gongen var eg modig! Eg var ikkje redd pinnsvin.... :)
Å ligge i telt ved Rallarvegen har eg gjort nokre gonger. Det er spesielt å bli vekt av eit TOG som susar forbi!! :) Men veldig fin tur og er absolutt å anbefala!
Feigedalen og Mørkridsdalen høyrer liksom til meg og Kringla i Luster høyrer til Frode, så det er nok der ein plass eg kjem til å finne ein teltplass til sommaren! :) ME, forresten; me kjem til å finne oss ein plass!!
Men no først, ventar me på våren! Han kjem nok snart! Han er velkomen!
Her er me på veg til Kringla i fjor sommar. Me står og ser på kyrne som er på sommarbeite! :)

2 kommentarer: