lørdag 24. mars 2012

Vååår!

I dag vakna me til blå himmel og sol! :) Det er jammen ikkje ofte me har opplevd det siste tida, så slike dagar får ein berre ekstra energi av og barn og unge vil UT!! :) Det er så fint om våren at me bur i eit byggefelt med mange born, slik at det alltid er nokon å leike med dersom ein ser ut glaset! Fyrste besøk i dag kom kvart på ti! Me hadde så vidt somla i oss laurdagsfrukosten og fått på oss kle, og der ringde det på! Veldig koseleg med leikebesøk! Fyrst inne og så ut i sola! Og når mor etterkvart fekk rydda på kjøken, sett på ei vaskemaskin og bladd gjennom Sogn Avis så kom ho ut i sola òg! Når våren er her, blir det eit yrande liv ute. Me ser plutseleg naboane att! Og sidan me ikkje har hatt så mange soldagar så vil "alle" ut og prate litt og rydde litt i hagar og tun. Det er ei fin tid no!
Me var så heldige at me var inviterte i lunjsbesøk i dag, så me kom til duk og dekka bord! Fantastisk! :) Jentene tok syklane medan Emil tok traktoren sin. Me har tatt av støttehjula, men han er ikkje så stødig så eg gadd ikkje springe attmed, så difor var trøtraktoren; der eg kunne dra han med "slepetau", eit godt alternativ.
Frode har jobba tre nattevakter så han sov. Og gjekk glipp av ein god lunsj...
Men han vakna til ein fotballkamp og me som kom heim, så det må vera optimalt å vakne til... Soga seier ingenting om resultatet i kampen. For medan kampen på tv`en pågjekk hadde eg og ungane fotballkamp ute, og me var på bui på laurdagshandel.
Det er så kjekt på ein liten stad; laurdagshandel der ein kan treffe kjensfolk og prate litt. Hugsar då eg budde i Bergen og eg aldri trefte ein sjel eg kjende... Nei, så kjedeleg... Trur eg er ein sosial person! :) Så me flytta heim og eg syns det er fint å ta ein tur på Prixen eller på Pyramiden.:)
Det var jo ikkje berre difor me flytta heim etter eit år i Bergen då... Hovudgrunnen var at eg ville ikkje at Anja skulle skarra på r`en...!! :) Men Bergen er ein kjempefin plass og ein god nr 2 etter Gaupne! ;) Hehe!! Der kjem jo våren endå tidlegare og det er jo heilt klart ei positiv greie! :)
Håpar på like fint vèr i morgon òg! SLik at me kan nyte dagen alle saman! Kanskje det blir ein tur til Feiga, grilling og ein tur opp til fossen for å sjå om Dagmar har herja så voldsomt at me ikkje kjem oss opp dit... Det må me finne ut av! :)
For plutseleg ER sommaren her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar