torsdag 29. mars 2012

Når babyane blir sjuke..

Fy søren... Sat og såg på "Beretninger om begynnelser" (trur eg det heiter) på tv2 i går... Det var om ein baby som vart fødd i veke 26, altfor, altfor liten... Og mor låg på sjukehuset i fleire veker og ikkje visste korleis det kom til å gå.. Kva ho møtte når ho gjekk inn for å sjå i kuvøsa hans.. For eit mareritt!!
Eg fekk verkeleg flashbacks frå då Emil`en min var sjuk... Han var åtte veker. Det var fredag. Anja hadde byrja på skulen den hausten og var snart ferdig med si fyrste skuleveke. Frode hadde turnusfri, så han var reist på fisking. Eg, Malene og Emil skulle kose oss heime denne fredagen. Det var fint vèr så me gjekk ut i hagen for å leike der. Emil låg i vogna si og sov, medan eg og Malene huska. Etterkvart så høyrer eg rar "skrik" frå vogna.. Noko stikk i meg og eg spring for å sjå. Som tredjegangs-mamma så spring eg som regel ikkje ved ein liten lyd, men eg kjende det på meg at noko var gale... Eg ser nedi vogna og Emil ligg og ristar! Augene fer opp i hovudet liksom... Eg tek han opp, held han inntil meg og ropar til han... Emil?? Emil??!! Eeeemil!! Kva er det?? Eg ringer 113 tvert. Føler det som ei evigheit før dei tek telefonen... Eg prøvar å forklare situasjonen. Tenkjer klårt og veit eg må sei kven eg er, kven han er, alder og akkurat det eg ser, på ein roleg måte. Men Emil hyler og dama i den andre enden spør om han pratar til meg! Pratar, for faen??? Han er TO MÅNADAR har eg sagt, så han KAN ikkje prate!!! Har han feber seier ho. Nei, han har ikkje feber og han er under tre mnd og SKAL ikkje ha feber! Emil roar seg etter ei stund og blir heilt slapp... Ho set meg over i KØ på det lokale helsesenteret... Eg ventar og ventar og ventar på at nokon skal svare. Og endeleg.. Eg forklarar igjen situasjonen og dei vil sende ambulanse. No ser eg ut glaset og Malene har funne ein rull med Hello Kitty-bokbind som Anja skulle bruka til bøkene sine. Den har ho rulla utover heile tunet... Ja, ja tenkjer eg. Ho får berre styre på... Så ringer legekontoret oppatt, og seier at det kjem ein drosje, men den er ute på oppdrag så han kjem ikkje før om 20 min!!!!! Men då ringde eg ein bekjent og fekk ho til å køyre oss bort. Mamma var på veg i begravelse så ho tok Malene istadenfor.
Eg kom inn til vikarlege. Har han feber? Kan han ha hatt hetekokter? Feberkrampe? Han ser fin ut konkluderar ho med, men eg vil me skal til Førde og ho går med på det. Ho er inne og snakkar med kommunelege og han meinar at det ikkje er alvorleg nok til å sende ambulansen ut av kommunen!!! WHAT??? Så får eg tlf om at mamma hadde høyrt på radioen at eine tunellen til Førde var stengd, men open ein gang i halvtimen... Men likevel blir det berre drosje!!!
Eg var så redd!!!! Og Frode, kvar var han.... Eg visste han hadde snakka om Holmavatnet ein gang på morgonen, men han hadde ikkje sagt om det var der han hadde bestemt seg for å reise... Broren reiste opp for å sjå; det tok jo over ein time! Så når eg og Emil var komen til Førde så ringde han og ville sette seg i bilen og køyre etter oss! Turen vår i drosje gjekk heldigvis fint. Men eg trur eg aldri før hadde vore SÅ redd! og så fortvila på Helse-Norge...
Då Frode kom opp og me låg på observasjonsrommet, hadde teke fleire prøvar, vegd og målt Emil, og han sov medan Frode slo på hotel cæsar kl 17.30 SÅ skjedde det igjen!!! Babyen min byrja å riste att og han hikstar. Eg hugste i bakhovudet mitt at det var ei som hadde sagt: Spring ut på gangen og rop om hjelp, då kjem dei med ein gong!!! Og det gjorde eg!! Og dei kom til! Alle mann!! Dei såg Emil og det vart sett i gang eit enormt apparat ein fredagskveld!! Alle slags instrument var han kobla til og det vart tatt prøve av ryggmargen hans. Der fann dei virus! han hadde virus på hjernen som gjorde at han fekk epileptiske anfall! Det var ei kjempesjokk! Det var to månadar sidan han kom til verda på sjukehuset i Lærdal og no låg me i Førde og eg visste ikkje om eg fekk han med meg heim derifrå... Fleire gonger for dagen fekk han anfall. Han vart medisinert i tilfelle det var bakteriar, og virusdempande medisin fekk han òg... Heile tida låg han full av ledningar slik at dei følgde med på at alle organ fungerte. Me fekk beskjed om at helikopteret stod klart ute til å ta oss til Haukeland dersom situasjonen forverra seg... Nokon virus kan skade hjernen og etter mange lange dagar, med ei intens redsle, så fekk me svar på prøvane at det heldigvis ikkje var nokon av dei farlege virusa!
 Etterkvart vart vetleguten min bedre, han byrja å bevege armar og bein igjen... Ein kan ikkje beskrive slikt.. Ein blir så intenst glad, men klarar ikkje legge frå seg redsla... Heile tida hadde han bra appetitt så han fekk pupp, så det var positivt! Men eg vart så redd for å halde han! Eg var redd for å halde min eigen baby!!! Det var ei grusom oppleving! Han kunne plutseleg byrje å riste medan han låg i armane mine og det var så forferdeleg... Eg kunne ikkje gjera noko for å stoppe det! Det var heile tida sjukepleiar med oss for å gje han medisin mot krampene. Eg torde ikkje vera åleine med babyen min. Eg hugsar det sto to legar og to sjukepleiarar rundt babysenga(sånn plastikkboks som dei har på nyfødtavdelinga) medan han hadde eit anfall, det kom inn ein lege med seks legestudentar som skulle få sjå dette sjeldne tilfellet av Encefalitt på ein så liten baby. Og så la den eine sjukepleiaren handa si på skuldra mi og spurde korleis det gjekk med meg. DÅ merka eg at eg var tilstades... Ein blir heilt utanfor seg sjølv når ein opplev slikt. Og det tok lang tid etter Emil vart frisk før eg klarte å slappe av... Nesten eitt år. Og det var fyrste gongen eg høyrde han skreik fordi han hadde ildt, den gongen. Så kvar gong han sler seg og skrik slik han gjorde den gongen, så hugsar eg tilbake på den gongen han var SÅ veldig sjuk! Heldigvis så var det ein fantastisk barnelege som var på vakt den helga og gjorde alt riktig! Og me vart SÅ godt ivaretekne på barneavdelinga i Førde, så eg veit ikkje kva godt eg kan gjera i gjengjeld... Emil vart frisk som ein fisk etterpå heldigvis!
Så i går når eg såg på det programmet om babyar som ein ikkje veit vil overleve så kjenner eg SÅ godt til den redsla! Og eg unner INGEN å oppleve det! Heldigvis gjekk det fint med babyen på tv`en denne gongen, og med Emil`en vår. Og det er eg evig takknemleg for, for det er dei som må oppleve ei sorg etter ei slek redsle òg...
Og den behandlinga eg fekk frå helsestasjon, amk og kommunelege er eg heilt forskrekka over! Me burde tatt det vidare, for at andre ikkje skal oppleve det samme! Men me var så utmatta etter alt saman og me var så glade for at me hadde Emil med oss at det vart ikkje gjort noko med det... Har ein baby kramper så er det luftambulanse! Sånn er det!
Dett er no tre og eit halvt år sidan, men eg hugsar det som i går. Og takka vere personalet i Førde så gjekk det fint! Tusen takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar