Så var det heim og lage til pizza, salat og dressing! Me fekk koseleg besøk frå onkel Espen og Anita! Ungane set pris på besøk og kosa seg med dei heile kvelden. Og sidan Espen var bortreist på dagen sin i februar så hadde me bursdagsdessert etter pizzaen: is, non stop og peanøtter! Fredagar er fine kveldar, og ekstra fine når me får besøk! :)
Laurdag var den store "bassardagen"!! Basar med TO s`ar! Det er skikkeleg bassar det!! Full gymsal med stolar, bord, ungar, vaksne, kaker, kaffi, brus... og gevinstar! Eit heilt enormt gevinstbord! Men det skal seiast at sjølv om me sat omtrent heile familien Kvalsøren rundt eitt bord med bordet fullt av årer så var det begredeleg med gevinstar på oss!! Me vann ingenting, men det var vel ei tante og ein onkel som vann noko, eit par søskenbarn som var heldige på barneboka og besten fekk seg ein kosedress!!:) Men, men... Trur ikkje eg er fødd med basar-genet som gjer at eg vinn! Har berre svake minner om at eg vann ei saftflaske frå Lerum i gamledagar... Og ein sånn bil-lakk stift frå Ani Bil... Forskjellen på Kaupanger og Luster er at i Luster heiter det bassar og på Kaupanger så var det marknad. Prinsippet er det same. Sosialt, engasjerande og koseleg!
I dag starta dagen med SOL, så me var ute eit par timar og kosa oss i hagen! :) Fann edderkoppar og fluger som gjekk i halvsvime... Såg på dei i lupe og hadde dei i ein liten boks! Middag på Kaupanger hos mamma og pappa; tusen takk! :) Me måtte ut og sjå korleis stova var blitt no når dei har pussa opp! Og det vart lyst og fint!
Så vart det ein liten runde oppi Gåpnaberget for å løyse oss dei anspente musklane i låra... Dei same som eg snakka om lenger oppe her... Å fyttirakkarn så ildt!!! Men dette var årets to første oppover-turar så det kan berre bli bedre etterkvart! :)
No er det planlegging av sosialkvelden som 4.klasse skal ha i morgon som står for tur. Tysdag startar eg oppatt fotballtrening for jentene mine. Det blir moro! Onsdag etter påske skal eg starte opp med Malene sitt lag òg! Moro!!!:) Så er det fotballstyre-møte ein dag denne veka òg, så før eg veit ordet av det så er det fredag og helg att!! Fotball er så utruleg engasjerande! Foreldre og ungar som møter opp og spring, sparkar og ler, dett og reiser seg oppatt! Er umogeleg å ikkje vere med på den karusellen når ein først er komen inn i det!
Og neste fredag er det påske!! Kjære vene kor fort tida flyg!!! Eg flyg med og eg nyt det!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar