fredag 2. mars 2012

Våren kjem!!! :)

Fredag, tidleg fri, sol som varmar og heldigvis fullt på 3dmøllene på treningssenteret! Den kombinasjonen gjorde at eg fekk min første joggetur utandørs i dag! I kortbukse og tynn treningsjakke!! Fantastisk!! :) Fuglekvitter, snø som smelta i vegkanten, is som rasar oppi fjellsidene og mange blide fjes ute i sola! For ei nydeleg tid, og for ein nydeleg natur me har!:) Såg opptak av "Til toppen av Norge" i dag... Der var ei gruppe menneske på tur i Lustrafjorden. Nærbilde av Feigefossen og oppover til Hanafossen! Eg bestemte meg meir bestemt enn nokon gong før at i sommar SKAL eg gå oppforbi Hanafossen og opp i Feigedalen! Tenk å ha vore i Feiga kvart einaste år mange, mange gonger, men aldri har vore lenger enn rundt fossen og nedatt på Bergeheim... No har eg publisert det òg, så no må eg verkeleg!! (Håpar på betre ver enn i fjor sommar då... Og håpar eg får nokon med meg..) Har så mange fjellområder eg kunne tenkt meg å besøkt eller vore der igjen, men tida strekk ikkje til... Og det må vera slik at ungane kan vera med på nokon av dei i allefall! Malene har lyst å gå heilt opp på Molden i år, så det skal me få til i allefall! Ho gjekk nesten på toppen i fjor, men då vart det vind og regn så me snudde ned att i den vissheit om at me veit at ho klarar å gå så langt. Me utsatte turen til utpå hausten, men då brekte ho beinet og måtte gå med gips og krykker i fleire veker. Kanskje Emil klarar å gå òg i år..? Men det som er vesentleg med ein treåring er VILJEN!!! For det me VIL det klarar me, og det me ikkje VIL det vil me ikkje prøve ein gong!! Fy søren for ein tolmodigheitsprøve! Men han har enno ikkje vunne over meg! Eg HATAR å tape, så eg tapar berre ikkje... Faktisk så trur eg han er i ferd med å utvikle eit like stort konkurranseinstinkt som mora... Så når me veks til, begge to, så kan det bli mange gonger me må trekke pusten djupt og telje til tre!!! (Og evnt snakke med ein vaksen som dei anbefalar i barnehagen...)
Dette, saman med alt det andre denne oppfinnsomme guten min finn på, gjer han jo til verdens beste så eg er jo berre heldig!!!! :) Her kosar me oss i vinterferien!
No når våren er på veg (veit det er meldt snø og kaldt neste veke, men det vèl eg å ikkje tenkje på no) så har Malene plutseleg vorte veldig interessert i å skrive og lage ord! Ho og Anja leikar skule og Anja er flink å lære Malene! Tenk at eg plutseleg har TO skulejenter til hausten... Dei skreiv hus, pus, is, snø, besta osv... Så seier Malene: Mamma; ska eg skriva LØKTESTOLPE???? Hahaha!! Men, jammen klarde ho å stava seg fram til alle bokstavane sjølv!! Stolt mamma!! :)
No er det fin fredag, så no skal eg finne fram sjokoladen og pepsi max!! Good helg!!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar