
Malene på Bergheim. Nydeleg utsikt; Nes, Indre Hafslo og Molden i bakgrunnen.

Anja har lært seg å ro. Øvelse gjør mester, så ho rodde i mange timar i helga. Og er allereie klar til komande helg. Og resten av sommaren! :)

Emil gjekk heile vegen opp på Bergheim utan å mukke. Der oppe fann me eit "hådn" so han kadla da. Så turen nedatt gjekk i denne duren: Eg e ein hjolt (R`en har han ikkje lært seg endå... Jentene sa den før dei var to, men han er snart fire og skal sei den når han blir voksen seier han...), eg e ein hjolt, eg e ein hjolt, eg e ein hjolt... Så plutseleg var me komne nedatt, og me var enige om at det var ein fin tur, og at Anja og pappa måtte bli med oss neste gong! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar