tirsdag 1. mai 2012

Langhelg i Feiga! :)

Så var denne langhelga over... Og me er komne i MAI!! Endeleg mai, sol og litt smaken av sommar! :) Eg har gått i singlett og kortbukse heile helga! Digg!! :) Tenkte for meg sjølv i dag, at jammen er det verdt å vente alle dei månadane med snø og kulde på sol og sommar!! Ein blir ikkje så kravstor liksom... Er fornøgd berre ein får eit par dagar med sol og litt varme! :)
Denne helga har me vore MASSE på finaste plassen på jord; Feiga! Eller Feigum. Både unge og vaksne gledar seg over den flotte naturen, stillheiten, fjorden, småkryp, små gjeremål, grilling og kos.. Søndag var eg og ungane borte til bestemor og bestefar( for å bruke ungane sine navn på dei... Malene sa: Mamma, da e faktisk ganske løge at DU ropa pao pappan din, for da e jo ikkje vaor pappa...). Me gjekk oss ein lang tur oppi skogen. Fann ei bru dar me leika Bukkene Bruse, hoppa på steinane ute i elva, for å sjå om me klarde å kome over på den andre sida. Men no var elva for stor, og ungane sine bein var litt for korte.. Men me hadde det no moro med det likavel. Emil sto ein halvtime og kasta stein i elva. Anja og bestefar fann seg greiner som dei spikka på, og laga sprettertar av. Sat ved elvebrusen ein times tid. Alle kosa seg. Så gjekk me vidare og fann gamle stiar og gamle ting.
Me grilla til middag, og slappa av når me kom nedatt. Dei fyrste turistane er komne allereie, for å gå opp til fossen. Me trefte eit hyggeleg par då me kom nedatt frå skogen. Dei syntes me har storslått natur her i Luster. Og det har me! Eg ynskte dei god tur, og dei takk for det! :)
Den gamle båten som har lege opp-ned i sjøkanten i fleire år no, fann me ut at me ville vaske og setje istand att. Så det gjorde me òg. Anja og bestefar var ute og øvde på å ro. Anja vart kjempeflink. Både i går og i dag har ho vore utpå åleine, ror og kosar seg på fjorden. I dag hadde ho med seg Malene òg. Dei elskar å vere utpå med båten. Emil kan eg ikkje lite heilt på endå, så han lyt bli på land dersom ingen vaksne er med. Eg og han var med i går. Anja rodde oss fram og tilbake frå stråndi til elvemunningen i ein times tid... Kos!
I dag var onkel Helgi og tante Kristine i Feiga med oss òg. Kjekt!:) Anja vart med dei på fisketur i Feigeelva, og kom SÅ stolt og viste fram to fiskar! Rett nok på storleik med sardiner, men likvel; fisk! :) Medan dei gjorde det så hadde eg, Malene og Emil oss ein tur på Bergheim. Var veldig spent på kor langt Emil ville gå, men han gjekk heile vegen sjølv! Me stoppa i kvar sving og drakk ein slurk med saft. Elles brukte me litt hokus pokus, og så var me oppe! :) Eg hadde handa i lommen, sa HOKUS POKUS PANG, TRYLL FRAM EIN SANG! Og så skulle dei gjetta og synga den sangen eg trylla fram. Me song oss rett og slett oppover! Moro!
Og SÅ stolte når me kom på toppen. Der sit ein oppe og ser utover heile Lustrafjorden. Kan absolutt anbefalast! Den turen klarar alle! :) Emil fann eit gevir av ein hjort som han draksa på heile vegen nedatt. Spennande med ting ein finn i naturen.
Så vart det grilling til middag i dag òg(Anja meinar bestemor skulle vore kokk istaden for Nordbohus-arbeidar og kan vel sei meg enig i det), før me sette kursen mot Gaupne og kvardagen att. Så no blir det fotballtrening for Malene i morgon, for Anja på torsdag, Frode spelar kamp på fredag og fotballturnering på søndag. Tjohei! Mai er godt i gang, ta vare på kvar dag og nyt den! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar