mandag 28. mai 2012

Finfin veke!

Ein bukett spreke ungar ved Feigefossen!

Måndag tok me lunsj i båten! Det gynga litt sidan det var nordavèr, men me hadde tak og kosa oss "inne".

Laurdag var det nyyyydeleg sommarvèr så då var me på fjorden og sola oss og reiste på Lustrabui og kjøpte oss is. Kos!!

Malene og Lilja har pause på vegen opp til fossen, medan Mats og Anja er i fint driv!

Uff... eg ser det blir litt sjeldnare enn eg hadde tenkt no, med denne blogginga... Men det er så travelt for tida! :) Tysdagskvelden var det ein tur i Gåpnaberget med barneidretten, onsdag jobba eg ekstra på skulen og det var fotballtrening for Malene. Denne gongen var det berre tre stk som møtte opp så me må nok vurdere den treninga for jenter som berre er 6 år... Kanskje det er i tidlegaste laget å starte med organisert fotballtrening.. Og sjølvsagt klarde Malene og skrape opp eit sår på kneet.. Og når ho skrapte opp kneet fyrste gongen så skreik ho, og når ho no klarde å skrape oppatt eit sår så skreik ho ENDÅ verre!!! Ingen høyrde isbilen som køyrde forvirra rundt i bygda på det tidspunktet! Eg forsikra ho om at foten heng på og sprutte på litt vatn for å sjå om det var stort sår under blodet... Og DÅ nådde lyden klimaks! Me avslutta fotballtreningen då... Det var heilt uaktuelt å fortsette med ein fot som nesten datt av tykte ho.. Me reiste heim, plastra og reiste til oldebesta. Der kom isbilen køyrande med ein isbil-vikar. For han som pleide å køyre hadde fått isjas kunne han informere om. IS-jas... Skummelt å køyre IS-bilen... Men me fekk is og kosleg selskap så kneet gjekk seg til og kvelden fekk ein fin avslutning.
Torsdag var det jobb på skulen; kurs. Veldig kjekt og lærerikt! Og tenk; jammen fekk eg meg jobb på skulen til hausten! Det fekk eg vite tysdagsettermiddag; kontaktlærar!!! What?? Jau, eg tek sats med begge beina og tek den utfordringa på strak arm!! Gledar meg masse til hausten!!! :) Fin arbeidsplass, fin klasse, fin stillingsprosent så dette må bli bra! Det var høgdepunktet denne veka!:)
Me fekk den nye båten vår denne veka òg, så det må vel seiast å vere ein bra ting i veka som gjekk. I helga har me sjøsett den og vore i Feiga og fått ut brygga. Så i dag, måndag tok me lunsjen i båten før me køyrde i Feiga til alle som var der.
Me tok årets første tur opp til Feigefossen. Den er stor no! Masse snø i fjellet som smeltar og fører til enorme mengder vatn som dett ned på same plassen... Det buldrar godt! Allereie er det ein jamn straum av turistar som går opp for å sjå den flotte fossen me har rett ved sida av garden i Feiga. Der kunne me ha tent masse peng dersom me hadde sett jentene på ein stein og sagt dei skulle synga til alle som gjekk forbi! :)

No er i grunn veka i gang att, sjølv om det er helgedag. Fredag reiser me til Bergen og laurdag til Spania og det gledar me oss til. Så no må me til å pakke...

Ha ei fin veke alle saman! Det skal eg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar