søndag 6. mai 2012

Turnering og middag... og følelsar! :)

No har eg endra innstillingane slik at no kan dei som vil kommentera... Dersom det er noko å kommentera då, sjølvsagt... :)
Og no trur eg at eg har fått fiksa bileta eg prøvde å legge inn forrige gong. Litt datakveld i kveld... Har ein del jarn i elden for tida. Og i kveld var det ein fin kveld til å sitje med slike ting ved dataen. Har vore ute heile dagen, i snøvèr og sur vind; på miniputt-turnering. Så etter mange timar der med spreke ungar og ivrige foreldre så var det godt å kome inn i ei varm stove på Kaupanger til ferdiglaga middag! Tusen takk mamma og pappa!! Anja er inne i sin siste miniputt-sesong, medan dette var fyrste turneringen Malene var med på! Men like moro er det!! Og innsatsen er ikkje noko å seie på! Malene scora det fyrste målet til laget sitt (ho var med på laget til dei jentene som er eitt år eldre fordi hennas lag var for få i dag) og hadde ikkje sett korleis ho skulle juble så ho sto berre forsiktig utanfor målet og såg på oss galne foreldra som jubla villt og hemningslaust. Så trekte ho på smilebåndet og skjønte at det var nok noko bra ho hadde gjort, og at me vart like gla for at ho scora som når pappa scorar på a-laget, eller som pappa blir når han ser Tottenham-kamp.. :) Så tufla ho seg over på sin banehalvdel att. :) Heldigvis har ho ikkje fått med seg kva pappa seier og gjer når dei IKKJE scorar...!! Moro var det i allefall for både ho, laget og oss! Anja sitt lag hadde litt traurig start, men avslutta med seier over Sogndal så det var bra!! Me gledar oss til neste turnering. Det er dagen etter me kjem heim frå Spania, så me håpar på anna vèr enn snø....!!
I går fekk me middag i Luster så denne helga har eg faktisk ikkje laga middag..!! Ah, jammen godt!! Tusen takk til dei òg!!! :) Så no har eg det eg hadde kjøpt inn til helgas middagar ståande klart til komande veke. Lurt! :)
No har eg aldri vore særleg kjend for å vera så veldig god på kjøkkenet. Klarar meg greitt, men det er ikkje noko eg brenn for. Likar å bake litt og lage til enkel kveldskos, men avanserte rettar er ikkje mi greie. Så difor, å kome på allslags middagsrettar kan vera utfordrande. Men no altså; no har eg to middagar bankers som eg ikkje treng finne på. Dei ligg klare i kjøleskåpet. Eg seier ikkje kva det er. Det er ikkje så spennande... Men godt er det, og ungane likar det. Av prinsipp lagar eg kun EIN matrett til middag. Så me vaksne og ungane må møtast på midten liksom. Så sånne typiske vaksen-rettar lagar eg ikkje for då må eg laga ein rett til ungane, og sånn typisk pølse og makaroni-middag blir helst sjeldan. men er gode å ha på travle ettermiddagar.! :)
Spennande å sjå korleis det blir til hausten. Korleis eg jobbar då. Og kvar. Og kor mykje. Er litt lei av vikariat år etter år. Men eg har tru på at det ordnar seg. Snart. Eller litt seinare. Så får eg ta det då, kor lenge eg jobbar på ettermiddagane og kva middagsrettar det blir! :) No er det snart grillsesong(HÅPAR eg), og då blir det grilling av kjøt og fisk, ulikt tilbehøyr og grønsaker. Ah, grilling er digg! Berre me klarar å bestemme oss for kva hagemøblar me treng så... Ellers blir det piknink-teppe. Kos det òg. Men litt upraktisk kanskje...
Boka mi ventar. Den handlar ma om ei jente som må kjenne på kva ho brenn for. Og kjenne kva følelse det gjer ho. Det gjev ho masse energi og pågangsmot; det er den følelsen me alle må finne! Då blir det bra!
Ha ei fin veke! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar