onsdag 9. mai 2012

Hagemøbeldilemma...

Dagens gjeremål var å finne dei hagemøblane me hadde lyst på og som passa inn. Me reiste med forventingar om at dette skulle me klare. To vaksne og to ungar i baksete. Anja var jo på skulen så ho fekk ikkje vera med. Kriteriet for nye hagemøblar må jo vera at dei skal vera bedre enn dei me allereie har, og at dei må vera tilpassa vårt bruksområde. Altså; sofa med lite "salongbord" duge ikkje til å eta kotelettar på, så me må ha anten stolar eller sofa og eit vanleg, høgt bord. Eit alternativ er jo å kjøpe eit berre bord og stolar-sett og eit billeg sofa og bord- sett... Men kor ofte set me og drikk kaffi på altanen? Me drikk jo ikkje kaffi.. Ok, då er ikkje det eit stort behov. Høyrde ei dame som ville ha ein sofa som ho kunne ta middagskvilen på ute... Hmm.. ikkje eit kriterie for oss i allefall... Me fann eit nydeleg bord med to stolar og sofa, og høgt bord... Dritdyrt... Men det var i grunn det beste, så me bestemte oss nesten for det... Så fann meg ein hjørnesalong med høgt bord. Hm, det var i grunn ganske lurt for då er det jo plass til fem stk i sofaen og dersom me då kjøper nokre stolar ekstra så har me jo endå fleire sitjeplassar på den andre sida av bordet... For det hender jo at me får besøk om sommaren, og då er det jo dumt å kjøpe ei utegruppe som det berre er plass til oss fem ved... Kanskje..? Eller kan me kjøpe eit dyrt og eit litt billegare til reserve... Liksom? Me har jo bursdag om sommaren alle saman så det er kanskje ikkje så dumt... Me vart i allefall ikkje noko meir bestemde etter at me kom heim... Berre meir forvirra i grunn... Kanskje eg skal sjekke finn.no om det er noko å finne der... :)
Det er ikkje så lett å bestemme seg når ein har så mykje å velje mellom... Og desse rottingmøblane er jo veldig fine!! Så tek me dei gamle tre-møblane me har, og køyrer bort i Feiga. Der passar dei godt inn, og blir godt brukte!! :) For dersom det er fint vèr er me stort sett der!
Nei, me får sjå kva me blir enige om i heimen, om kva behov me har og kva kriterier me skal prioritera etter! :)
Hadde no vore kjekt å fått opp ny pavliong til 17.mai, og nye møblar... Og HÅPE på SOL!! :) Det hadde vore max!!
Resten av veka no, skal eg bruke til å manne meg opp til å stryke FEM!!!! bunadsskjorter...!!! Gje meg styrke!! Hadde det vore opp til meg, så hadde eg innført pologensarar istadenfor bunadsskjorter til alle born!! Tenk kor sutaslaust! Ikkje treng me å stryke, ikkje treng me vera redde for at dei frys, ikkje treng me vera redde for at dei skitnar seg til... Rett og slett uproblematisk!! Men torer eg vera først...??

Ha ein fin kveld alle saman! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar