torsdag 17. mai 2012

Seukjande mai

17.mai!!
Endeleg kom den etterlengta dagen. Alle tre ungane har hatt store forventningar til denne dagen. Me har håpa på fint vèr leeenge, men vèrmeldinga har meldt regn på denne dagen dei siste to vekene. Så då me vart vekte av 6.klassingane som sykla gjennom bygda med skramle-boksar hengande bak sykkelen og fløyter til å blåååååse i då klokka var 07.10, var me spente på om me høyrde regndropar på den nye pavaljongen ute på verandaen... Men, neimen om det regna!!!! Det var blå himmel og sola ville fram!! Fantastisk på ein dag som denne!!
Det er ikkje det same å gå i bunad dersom ein skal ha støvlar og regnjakke i tillegg... Så me sto opp, åt frukost og starta aksjon "påkledning". Fem stk Kvalsøren som skal inn i kvar vår bunad... Ungane er så spente på dagen og tykkjer det er så fantastisk kjekt å pynte seg med flotte bunader som bestemor har laga. Så når dei var påkledde og sat i sofaen og sang "Ja, vil elsker" var det min og Frode sin tur. Og sidan eg var vandt med å ta på bunadsølv så syns han at eg kunne hjelpe han òg... Så praktisk talt så kler EG på FEM stk! Heldigvis er eg god på å planlegge og strukturere morgonane! :) Panikken sat laust ei stund då "oppskrifta" på korleis Frode sin mannsbunad skulle på, ikkje låg der me trudde.. Sokkeband-knutar er ikkje mi greie... Men heldigvis dukka den opp og sokkane hang oppe heile dagen!
Det var eit fint, langt 17.-mai tog her i Gaupne i dag. Mange glade born og vaksne! Og med sol, flagg som vaia i vinden og "hipp-hipp-hurrrra" så kan ein ikkje bli noko anna enn gla! I allefall for oss som fekk delta.. Rundt omkring er det nokon som ikkje klarar å delta av ulike grunnar, og dei må ha det ekstra vanskeleg når dei ser kor mykje me har kosa oss... Eg hugsar sjølv for tre år sidan. Malene vart innlagd i Førde med crp på 300 fredag 15.mai. Ho låg med feber og ikkje språk, sov og sov på 17.mai... DET var ikkje kjekt! Etter det set eg ekstra pris på at me kan feire 17.mai alle saman i lag! Og i dag kom me i grunn fram til at det var jammen lurt at dei fann på grunnlova på våren, for det hadde ikkje vore det same å feira nasjonaldag med ein runde på ski i lysløypa på Heggmyrane i januar... Anja kunne i grunn tenkt seg at nokon snart kunne finne på ei grunnlov til slik at me fekk endå ein nasjonaldag! :)
Anja gjekk med klassen sin i toget, men måtte gje seg etter halvgått løp for gnagsåra hadde me gløymt å forhindre... At eg kunne gløyme å plastre ho FØR me reiste av garde.. Det er jo den store gnagsår-dagen så eg burde tenkt så langt... Men ho fekk heim og ha på plaster og bytte sko, medan me gjekk ferdig runden. Så reiste me i idrettshallen, der ungane var med vener, leika, åt is og kosa seg. Etterkvart vart me ei familebord med 14stk rundt, så det var kjekt! Det var oss, May Iren med familie, Lisbeth, Stian og Simon og besta og besten.:)
Då programmet var slutt reiste me på Kaupanger til bestemor og bestefar, Mats og Lilja. Dei venta på oss med lasagne og rømmegraut. Me åt og kosa oss, og sat ute i sola!
Emil syns han er så kul med bunad så han gjorde alt han kunne for å sjarmere damene; både Lilja og venninnene han leika med i idr.hallen.
Mamma? E seukjande (17.) mai slutt itte me ha sove spurde Emil når han la seg. Ja, sa eg. Åhhh, so domt, svara han. Det er eit tegn på at det har vore ein fin dag. Jentene fann kvite toppar og skjørt, og kvar sitt flagg som fungerte som drillstav og hadde drilloppvisning til oss før leggetid. Finingane mine! :)
No er bunadsskjortene kasta i vaskemaskina (på finvask; til alle som er bekymra!), så no skal eg henge dei opp og legge dei vekk til neste gong dei skal brukast. No er nasjonaldagen over, flagget er tatt inn, gubben er reist på fotballtrening, ungane søv og kveldsroen har senka seg. Takk for ein fin dag! Hugs å ta vare på alle dei gode minna frå i dag, og bruk dei til å sjå tilbake på når me får ein regnfull dag... Jammen har me det godt her, midt i svingen... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar