søndag 20. mai 2012

Langhelg


Fredag var inneklemd dag så eg og Anja hadde fri frå skulen. Frode skulle på ettermiddag så difor fekk Malene og Emil fri òg slik at me kosa oss fredagsføremiddag alle saman. Eg fekk meg ein treningstur sidan Frode skulle ha arbeidshelg. Det gjorde godt.
Då Frode reiste på jobb sette eg og ungane kursen mot Mørkridsdalen for å sjå lamma som var komne der framme. Me stoppa på vegen inn og kosa oss med kvar vår Lustrabu-bolla! Mmm... Kan anbefalast!!
På Meljane var det mange lam, men enno to søyer som venta... Og jammen fekk me vera med på ei lembing! Er litt greitt for ungane å sjå korleis lamma kjem til verda. Eg var alltid med bestemor og bestefar då eg var lita og difor ynskjer eg at mine ungar skal få vera med på dette òg. Og trur de ikkje at eg måtte trø til for å få lammet ut?? Jau då, eg bretta opp ermane og var ikkje vanskeleg å be då eg fekk spørsmål om eg kunne hjelpe til. Lammet var stort og søya hadde problem med å få det ut! Så ein kan vel sei det slik at "Gubben og gamla drog, og så kom lammet til verda"! :) Fin følelse å vera med å hjelpe ein skapning til verda! Emil sa berre: Å uffameg...!! Hehe!! Men stor stas å holde lamma som gjekk ute for Emil og Anja. Malene er ikkje noko begeistra for desse dyra... Mamma; eg e jo livredde dessa sauedn!! Sa ho... :)
Laurdag vart Frode sjuk. Så det vart tur til Lærdal på meg og han. Norsk helsevesen på sitt beste har EIN lege på heile huset; så det vil jo sei litt venting. 5 timar var me på Lærdal sjukehus. Då var det godt å vite at ungane kosa seg med bestemor, bestefar, Lilja og Mats! :)
Søndag vart ein heimedag. Frode har sete i ein stol heile dagen og må ta det heilt med ro for å klare å puste. (Han har fått væske på ei lunge, infeksjon og store smerter) Men no er me starta med medisin så no må det bli bra. Me andre må trø til då, så eg og Anja slo plen. Så tok me oss ein tur rundt bygda, opp etter den fine Engjadalselva. Då fekk far litt pause frå kjas og mas òg! :)
Anja klypper plen. Flinke, store jenta vår!

Emil ved Engjadalselva. Molden i bakgrunn. Endeleg blir det vår og nydeleg vèr!

Malene plukkar blomar på markene ved elva. Kos! :)
No har eg fått meg ein trimtur så no er batteria fulle til morgondagen, og komande veke! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar