søndag 13. mai 2012

Snart 17.mai!

Er så fint når ting går seg til, når nokon du har kjær kjem heim, når borna kosar seg heime og tykkjer du er verdens beste... Slike ting må ein setje pris på! Og tenkje på kor verdifullt det er! Ikkje alle opplev dette, og nokon opplever det, men set ikkje pris på det. Eg har opplevd alle desse tinga i helga( i tillegg til mykje anna sjølvsagt), og eg set veeeldig stor pris på det! Kjenner eg har ein god følelse i meg i dag! Glad! :)
Me har hatt masse besøk i helga, kvar dag, og det er så kjekt! Fredagskveld med ei sjokoladeskål på bordet er max start på helga! Laurdag serverte eg tacosalat, og det er berre SÅ godt!! Kan anbefalast!!
Oppskrift: Ein raud paprika, ein gul paprika, ein grøn paprika, ein pk cherrytomater, to boksar mais, ein raudløk, ein purreløk. Ein boks lettrømme, ein boks lett philadephiaost, eine pakken med majones i ein to-pakning, eit glas tacosaus, sitronsaft frå ei halv sitron, salt og pepar. Bland alt i saman. Steik kylling i bitar, og i tacopulver og bland i. Og vips så har du ein fantastisk god salat! Server med ei skål med knuste nachoschips og ei skål med ost, som ein kan ta på toppen! :)
Søndag fekk me kaffigjester så då vart det karamellkake som eg bakte fredag. Hadde lagra oppskåren i frysen så det var berre til å legge på fat! :) Mmmm! Me løyvde eit stykkje så eg trur kanskje det blir kvelds i kveld! :) Hadde meg ei god spinningøkt i dag, så då kan eg unne meg eit ekstra stykke med kake syns eg! ;)
Hadde det vore fint vèr i kveld, og hadde me sett fram hagemøblane som me endeleg bestemte oss for så kunne eg sete ute i kveld og sett pris på at sommaren var komen... Men det er den ikkje... Så eg må nok vente.. Kan ikkje hugse sist eg såg det var sol på yr.no i fem dagar i strekk... No lyser me opp dersom me får ein dag med sol innimellom!!! Eg gleeedar meg til nokre varme dagar i Spania snart! Sjølv om flyturen gjev meg frysingar på ryggen... Eg får ikkje tenkje på det. Eg får berre møte opp og gå inn, for då kan eg ikkje gå utatt uansett kor redd eg er... Og i Spania kan eg jo ikkje vera så lenge så difor må eg innatt på flyet ein gong til. Men sist rista det så forferdaleg, så eg... Uff nei, eg skulle ikkje tenkje på det... Fly er moro det!! Æhh...
No er me klare til 17.mai-veka! Tre dagar med jobb, barnehage og skule og så er det 17.mai!! Ungane gledar seg til å pynte seg, til å vere med vener og til å ete IS!!! Me er heldige som kan feire nasjonaldagen vår på denne måten! Kristin; hugsar du me holdt 17.mai tale på Kauapanger i 9.?? Kunne tenkt meg å lese den no. Korleis me såg på dagen den gongen... Men, men... Hugsar ikkje korleis talen var, men eg hugsar eg var veldig spent, men òg stolt!:)

No er det oppattrydding og klargjering til neste veke!!! Ha ein strålande kveld, og ei fin veke!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar