onsdag 22. februar 2012

Kroppen vår

Kroppen vår om vinteren... Kva kan seiast om den...? Jau, eg gjorde meg no opp nokre tankar i dag då eg sat hjå frisøren. Er så godt at noko på kroppen blir ivareteke tenkte eg. Vinteren handlar nesten meir om overleving enn pleie, for min del i allefall.. Og når eg ser meg rundt så ser eg fleire som har sprukken hud på hendene; såre og raude. Ein smørjer seg og vaskar seg, i helsevesenet så spritar ein seg litt òg, og det er av og på med hanskar/vottar... Rundt leggene kan ein sjå strekar... Det handlar om overleving her òg. Det er ikkje godt å gå å fryse på beina så difor har me utstyrt oss med gode, varme, lange ullsokkar! Fantastisk gode, men kanskje ikkje så "hotte"? Prøvde kjole i eit prøverom her ein dag... Av med buksa og genser, og på med kjolen... Ullsokkar på! Fantastisk! Inntrykket i spegelen var i grunn det samme etter eg tok av sokkane òg, for ringen rundt leggene var jo der...
Så håret då... Panneband, hue, hette... Veldig gode oppfinningar! Særleg sidan me veit at det største varmetapet på kroppen skjer nettopp på hovudet. Men dette med å ivareta kroppen, i dette tilfellet; frisyren... Det er jo eit hærk med kuldegrader og/eller regn!!! Russenavnet mitt som oransjeruss var "Sikringen"... Like kledeleg den dag i dag... Heldigvis fekk eg litt pleie av frisøren min i dag, og ein kviknar til med ein gong! :)
Så var det dette ordet "trimming" då... Ein kan vel sei det slik at om vinteren så er det ikkje alt som blir "trimma" sjølv om ein reiser på ein spinningtime.... Nei, vår og sommar kom med litt varmegrader og sol snart... Kroppen treng litt lufting og pleie, velvære og lys!
Mogeleg dette er noko berre eg har gjort meg opp tankar om...? Visst er vinteren ei fin tid og me menneska er tilpassa alle årstider. Og det er vel difor me skal ha eit "ekstra lag med pels" på kroppen om vinteren? Nettopp for å overleva?
Ankelsokkar, singlettar, gillette breeze; me snakkast før de anar!!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar