tirsdag 7. februar 2012

Lysare tider...:-)

No er me jammen godt i gang med februar òg!! Eg tykkjer ikkje det er lange sidan jul eg... I dagtidleg då eg gjekk til jobb var det så lyst og fint... I går ettermiddag var det lyst då eg gjekk heim frå jobb. Med MASSE snø og det faktum at det blir lenger lyst om dagane så kjenner eg at energien fløymer til meg!!!:-) Det er ei fin tid no! Og me må nyte den for plutseleg er snøen vekk og våren er komen! Eg ser fram til våren og mindre kle, men akkurat no nyt eg vinteren. Skulle eg gløyme kor fint me har det så er eg så heldig som har fine born heime og eg er med born i jobben min så både heime og på jobb ser eg born som smiler og kosar seg i snøen. Kven kan vel ikkje smile tilbake då?? Eg trur det er viktig å bruke vinteren akkurat slik me ynskjer. Og det er ulike behov frå person til person. Nokon likar å gå seg ein tur etter veg, nokon vil i løyper på ski, nokon vil på høgste toppen for å nyte pudderføra nedatt, nokon vil bygge i snøen.... Nokon vil sitte inne og sjå ut på snøen... Ein må gjere det som gjer at ein sjølv får ei fin oppleving med vinteren, og kan nyte det!:-) Me er klare til skikarusell i kveld og gledar oss til det!:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar