lørdag 4. februar 2012

Idrett er ein fin "ting"! :) (Når det passar seg...)

Etter å ha sete store delar av dagen i ein idrettshall full av entusiastiske fotballspelarar og fotballinteresserte, så har eg gjort meg opp litt tankar kring temaet fotball... Fotball er ein fantastisk lagidrett!! Nesten så eg angra på at eg la opp så tidleg.. Er så utruleg mykje liv og røre, engasjement, glede, nedturar, spenning.... Det krevs eit heilt lite "fotballsamfunn" av ivrige foreldre som stiller opp for å få til ein turnering! Alle ynskjer at dei unge, lovande skal få ein fin dag! Og det viktigaste skal jo liksom vera å delta... Ikkje å vinna... Men eg trur kanskje at den er litt gammal. Alle VIL vel vinne??!! Eg kunne aldri tenkt meg å spele ein kamp berre "fordi" liksom... Å nei, det er full gass frå start til mål og det viktigaste ER å vinne!! Og kan vera så lite som skil vinnar frå tapar. Følelsen av å score mål og føle at ein lukkast i den eine augneblinken er som himmelen, og når ein får mål i mot er det interessant å sjå kor forskjellig laga reagerar på det... Nokre får verkeleg "blod på tann" og yter endå eit hakk, medan nokon går ned eit gir og gir litt opp... Kan det vera forskjellen på dei som blir heilt på topp og dei som blir midt på treet...? Kanskje det er slik for oss utanom fotballbana òg? At det er der nøkkelen til suksess ligg? Eg hugsar vetle Emil`en min låg i fanget mitt på sjukehuset, med virus på hjernen, tilkobla alle slags apparat og Norge vann OL-gull i handball... Eg kunne ikkje forstå kva dei kunne juble for?? Kor viktig er eit OL-gull i den store samanhengen tenkte eg?? Då skjedde det noko med meg. Idretten vart langt nede på lista mi... Men no, når eg opplever stemninga rundt eit idrettsarrangement så kjenner eg at konkurranseinstinktet og engasjementet stig!! Eg tykkjer det er fantastisk moro å sjå så mange kjekke unge som driv med lagidrett og jobbar som team! Foreldre og frivillige som stiller opp og ER DER for borna!! Er meg ei glede å drive med dugnadsarbeid! :) Eg er klar for morgondagen eg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar