søndag 12. februar 2012

Eg trengde eit sommarbilete i kveld... Klokka var vel omtrent det same på dette biletet som det den er no i kveld... Sjø, båt, to jenter på brygga, stille og fredeleg... Sola har gått ned i Feiga...
Eg er i full gang med å planlegge slektstreff i Feiga til sommaren! Det skal bli fantastisk moro! Eg kjenner det ekstra no når eg ser på fine sommarbileter! Me håpar å få samle mange etterkomarar på farfar si side. I kveld har me jo sett på eit flott program på NRK1; Fjellfolk! Kven får vel ikkje lyst til å ta sommarferien innerst i Lustrafjorden etter å ha sett det? :)
Men sommaren er lenge til... Og me skal gjera mykje moro før det!
No er det jo desse berømte karnevalstider... Er det nokon som markerar karneval lenger? Veldig få barnehagar eg veit om markerar det. Og ikkje alle klassane rundt om på skular heller? Eg har aldri likt karneval. Men har respekt for dei som likar det. Eg har i alle fall ikkje liggande utkledningskle eller gamle kle som ein kan nytte (som det står i alle skriv, for å unngå kjøpepress). Har mange andre det? Og eg nektar å kjøpe dyre utkledningskle som blir brukte EIN gong! Nei, takke meg til pysjamasfest! Eller temafestar... Me kan legge til rette for at borna skal ha det moro på mange ulike måtar. Og eit karnevalskostyme MÅ eg klare å hoste opp.... Tips mottas med takk! :)
Eg føreslo ho kunne kle seg ut som meg... Men det var visst ikkje aktuelt... Why??? ;)
No er me klare for ei ny veke! Skal berre ligge på lading først! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar