søndag 26. februar 2012

Oppsummering av vinterferien..

Då var min fyrste vinterferie som lærar over... Det blir kanskje den einaste òg...Kven veit kor lenge eg er lærar.. Ikkje eg i allefall. Fint med litt spenning i kvardagen! :) Eg veit ikkje kor lenge eg skal vera lærarvikar på skulen her, men det tek eg som det kjem! Det gjeld å leva i nuet og nyta det! Så i og med at eg er lærar no, så fekk eg med meg ein vinterferie på kjøpet! Heilt supert i grunn. Så det har me nytta oss av! Ungane har fått ferie frå barnehagen og me har hatt vinterferie-gjest på besøk frå søndag te fredagskveld! Og det er så kjekt å gjera noko anna enn kvardagen. Så sjølv om vèret ikkje har vore så veldig bra så har me no kosa oss likevel! Me har støtta opp om Vesterland, me har støtta eit par kafèar, det lokale biblioteket har fått besøk av oss(bibliotek er ein utruleg fin plass og bruke tid på! Det kan absolutt anbefalast! Me teiknar, finner bøker, les bøker, pratar og blir nysgjerrige) og me har vore i besøk og me har fått besøk! Ein dag var det strålande sol og då hadde me med oss rompebrett, vedastikker og pinnebrød-deig og gjekk på tur i skogen. Så når eg summerar opp så har me gjort ein del forskjellig! :)
I dag vart vinterferien avslutta med kos på fjellet; ski, kjelke, bål, pølser, pinnebrød, fire vaksne og fire ungar! Kjempemoro! Det er sånt som ein burde gjera så ofte ein kan! :)
Sola skein i dag og det smelta i vegen. Det er godt å konstatera at våren er i anmarsj! :) Det er masse snø som skal smelte i år så det er på tide at det skjer noko snart. I følgje yr så skal det bli mykje regn i komande veke... Det er ikkje SÅ kjekt! Det er mykje kjekkare å sjå at sola skin og snøen smeltar slik.. Men det er som bestefar min seier, når det gjeld vèret: "Da ekje hjelpi å verken banna elle be i datta selskapet!" Og det har han jo veldig rett i... :)
No har me fått lada batteria til ein ny periode, så i morgon er det skule, barnehage og jobb att på alle mann! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar