lørdag 18. februar 2012

Det er ikkje alltid ting er som dei først ser ut som...

Det er ikkje alltid ting er som dei først ser ut som... Difor kan det i mange høve vera lurt å sjekka minst ein gong til! Det kan vera situasjonar mellom to partar, det kan vera nyheiter, det kan vera ansiktsuttrykk og det kan vera kjøkkeninnredningen du trudde var rein... Eg hadde ei slik oppleving i dag! Eg trudde at kjøkenet var ganske reint og fint. Ville berre ta ein liten vask på handtaka, men så såg eg litt nærmare på overflata rundt handtaka på dører og skuffer! Det var då tanken slo meg; ting er ikkje alltid slik ein trur! For fyttirakkaren... Eg  hadde sikkert fått registrert ein heil bande dersom alle fingeravtrykka vart registrert i ein database!! Heldigvis for eventuelle etterforskarar har ikkje dei mistenkte tørka seg på hendene før dei fann seg fram... Det var lett og sjå smør, prim og skinkeostrestar. Ikkje så mykje på kvar plass, men det var definitivt registrert på vaskefilla etterkvart! Så eg skjønar at eg bør sjå minst ein gong ekstra overalt... Men eg passar på at eg ikkje ser etter to gonger alle plassar, kvar dag! Nokon gonger er det heilt greitt at ting er slik førsteinntrykket viser... :) Det kjem i grunn an på! :) Framleis god helg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar