onsdag 8. august 2012

Ein dag på Sogn Folkemuseum kan anbefalast!




Kvar gong me køyrer forbi Dei Heibergske Samlingar på Kaupanger-skogen, eller museumet som me seier til daglegtale, så har ungane lyst å stoppe. Men som regel er me på veg til eit eller anna, eller heim frå eit eller anna så det blir liksom aldri. Me var der i haust for då var det familiesøndag, og det hugsar ungane godt.
No såg eg i avisa at det skulle vera museumsonsdag. (Det har visst vore fleire gonger, men det har ikkje eg fått med meg) Så eg bestemde meg forrige veke at DET skulle må få til. På generelt grunnlag vil eg tore å påstå at me er for lite flinke til å besøke lokale attraksjonar... Eg er i allefall for lite flink til det.
Tenk, turistane reiser frå alle verdens hjørner for å sjå kor fantastisk me har det her i Noreg, og spesielt på Vestlandet. Me må hugse å sjå det sjølve òg!
Eg til dømes har budd på Kaupanger i alle mine barneår, og køyrt til Feiga via ferja frå Solvorn til Ornes nesten dagleg om somrane, og eg har ALDRI vore oppe i den verdensberømte stavkyrkja!!! Det er nesten pinleg... Eg har sett ho alle dei gongene eg har køyrt forbi nedi vegen, og eg har sett alle turistane som har gått og køyrt opp til ho, men eg har aldri vore der.... Eg MÅ ta den turen ein dag. (På Kaupanger var me jo så heldige at me hadde stavkyrkje, så eg har jo ei viss peiling på korleis den ser ut, den på Ornes òg..)
Men i dag var det altså museet som sto for tur. Og ungane vil sjå alt! Det fyrste dei ville sjå var bjørnen som har tusla litt frammi Jostedalen og som til slutt vart skoten i Fjærland. No ligg han daud som ei sild inne på museet... Litt "blod" ligg ved nasen hans... Den er ikkje så veldig stor, men ein ser jammen for eit grovt og sterkt dyr bjørnen er. Me klappa på den... Merkeleg! Tenk å ha mogelegheiten til å kjenne på pelsen til ein ordentleg bjørn... Attmed den låg det diverse dyrefeller som me betrakta og spekulerte på korleis kunne brukast. Spennande!!
Så ville ungane ut og sjå. Me var innom i eit hus der det sat to damer; den eine broderte og den andre karda ulla, spann på rokken sin og lagde garn. Me song "surr, surr, surr, rokken den går, garnet vi får..." :) Kjekt for ungane å forstå innhaldet i sangane. I ei anna stove sat konstabelen og passa på. Han hadde ikkje fått tak i Gjest i dag heller!! :) Han hadde rømt 57 gonger, fortalde han til Anja. Og me fekk sjå lenkja hans!
Grisene grynta og rulla seg i driten då me kom, sauene breka då me sang bæ, bæ lille lam til dei. Hesten vart SÅ glad for at nokon ville klappa den og sei kor fin han var. Rundt desse dyra gjekk hønene og tippa. Emil hoppa opp i fanget mitt: BITE dei, mamma?? Nei, sa eg. HOPPA dei opp pao meg, mamma? Nei, sa eg. Hjelp, no kjemme ho!! ropa han, ber meg vekk herifrao NO!!! Ja, men Emil; dei ekje farle... Her på Bruflatfeltet er det lite kontakt med dyr... Skjønar det kvar gong me er på gard, eller treffer dyr i fjellet. Ungane i dag er ikkje vande til å ha kontakt med dyr. Åh, det er så synd tykkjer eg. Eg trur eg må ha meg ein gard!:)
Inne var med nede i kjellaren for å sjå på "Tannlegekontoret". Det hugsa dei så godt frå sist gong. Litt fryktinngytande... Heldigvis har ikkje Tannlege Bøthun som eg går til, slikt utstyr...! :) Me såg på utstillingar frå kyrkja i Dale, bunadar frå Luster, utstilling om vatn, gamle møblar, gamle leiker... Ungane spelte dokketeater til meg. Eg trudde eg hadde ledd meg i hel. Så enkelt, så spontant og så ustyrteleg morosamt!
Ein is etter heile runden, der me sette oss ned i sola og fann ut at me hadde hatt ei fin stund på museumet! Og at me gjerne ville tilbake snart!

Anne Merethe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar